onsdag 29. november 2006

Nikon D40


Dette er ynskjelista mi til jul. Eg ynskjer meg digitalt speilrefleks! Nett no las eg ei anmelding av Nikon sitt nye kamera, D40 på akam.no. Og dette er eit (for meg) nytt uttrykk, men eg fall for det:

"som Nikon har brukt siden tidenes litt utpå dagen"

Hahahahaha! B-menneskeversjonen!

mandag 27. november 2006

the gospel

På laurdag hadde me besøk i heimen. Av Ida og Mona. Frå BiG. Me lagde julekort. Og såg film. The Gospel. Standard kristen film. Sønnen til presten stakk av og vart megarockestjerne, kom attende til kyrkjelyden og vart kristen att. Det store sjokket var at filmen enda med ein konsert med mellom anna Yolanda Adams. Å? Var ikkje det overraskande? Nei, då så. Men det eg eigentleg skulle fram til med denne filmen var at eg lærte 3 nye ord av den. "Godlyd". Som i "Make a joyful noise!" = "Gi en godlyd!". "Glorverdig". Som i "Glorius!". Eg kan ikkje på nokon måte sjå at ordet glorverdig har ei positiv tyding. Men men. "Infoklame". Som i "Infomercial". Kan forsåvidt skjøna kor det kom frå, men tykte det var eit merkverdig ord.

I veka som var har klassen vore på folkemusikk-kurs på Ole Bull Akademiet på Voss. Det var stas! Eg og Kristin Pettersen vann stevtevlinga på torsdagen! Fine greier!

Snart er det jul, folkens!

fotoknips.no

tirsdag 14. november 2006

Bingo


Dette er Bingo. Han er den viktigaste bamsen min. Eg har framleis nok fingrar til å telja kor mange netter eg har måtta sovna utan han.
Bingo vert omlag 5 år til jul trur eg. Kanskje 6, kanskje 4, men eg trur det er 5. Eg fekk han altså til jul for nokre år sidan, av Lindbjørg og Harald Moi. Nei, dei er ikkje gifte, men dei er sysken. I tillegg fekk eg et putevar med Ole Brumm på.
Dersom du ser djupt inn i augo på Bingo, kan du sjå at det er det rette namnet hans.
Eg er glad i deg, Bingo!

onsdag 8. november 2006

Gud skapte oss! Ja!

"En gruppe norske fysikere har vist at egenskapene til universet kan forklares uten hjelp av mystisk "mørk energi". Det innebærer i så fall at vi bor i universets sentrum."

Eg vart kjempeglad då eg leste dette! Det tyder jo at eg er nett så viktig som Gud heile tida har prøvd å innbilla meg... Me er krona på verket! Sjølvsagt er me i sentrum av universet! Gud er då ikkje så dum at han plasserer det aller beste Han har skapt i ein fjern utkant. Neidå!

Dessutan:

"Sjå kor stor kjærleik Far har synt oss: Vi får kallast Guds born – ja, vi er det! Verda kjenner oss ikkje, fordi ho ikkje kjenner han. Mine kjære, no er vi Guds born, og det er enno ikkje openberra kva vi skal bli. Vi veit at når han openberrar seg, skal vi bli like han, for vi skal sjå han som han er." (1. Joh. 3:1-2)

Ha ein velsigna kveld/dag i Guds åsyn!