søndag 23. juli 2006

Laurdagskveld i heimen

Shalom!

Ikveld har eg og pappa hatt ein finfin tv-kveld. Det byrja med " 'Allo 'Allo", (Hodejegerne,) "Kar for sin kilt", og den store finalen var"Mannen med den nakne pistol 2 1/2". Syster mi, Gunn June, tykte ikkje noko av dette var morosamt. Det var berre teit altihopas. Nei, Gunn June (20) er ikkje intelligent nok til å lika britisk humor og liknande. Tidlegare på dagen tok ho ein test på side2 som fortalde at ho hadde ein mental alder på 25 år. Det var like før ho skjøna at eg hadde løyst kjendis-sudoku i Se&Hør som ho hadde venta med avdi ho skulle løysa den imorgon på vegen attende til Framnes. Ho vart veldig sur. Det var ikkje hennar Se&Hør. Ho hadde kjøpt det. Ikkje betalt. Og under "Kar for sin kilt" skulle ho absolutt kasta vassballongar på veslebroren vår, Aksel Johan (10), medan han aldri fekk lov til å kasta attende på henne. Neida, det var mamma som måtte ofra seg og vera blinken.

Eg likar ikkje at det alltid er norsk teksting. For det fyrste har eg lese teksten lenge før personen på skjermen har sagt det gode poenget på engelsk, så eg får liksom aldri ledd ordentleg av dei vittige kommentarane. For det andre så er det så fantastisk dårlege oversetjingar somme stunder, at eg vert reint frustrert.

Ein annan sak er den at eg har litt for lange negler. Det har syskenbarnet mitt Ola Johan (ca 4 tippar eg) påpeikt 3 gonger i løpet av helga. Herleg. Eg skal gjera noko med det snart. Eg lovar. Eg har høya idag. Det var lenge sidan sist. I ferien var det stort sett nydeleg sommarver. Eg har fått bekrefta at eg verkeleg er allergisk mot mygg, har vorte veldig solbrent, men den vart brun etterkvart, bada 3 gonger (2 gonger i sjøen og ein gong i basseng. Utandørs), og eg har vorte biten av ein heil horde med knott, og ein klegg. Kubb og volleyball. Strutsekebab! Ja, den var nokså god. Kan hende kjøper eg ein slik ein ein annan gong og. På Oase fekk eg ei ny bestevenninne. Ho heiter Mari og er 2 år.

mandag 3. juli 2006

Dette

er herved min nye favorittvideo

Elles har eg no sagt farvel til Kong Oscarsgate 67. Og i same slengen sa eg howdy til Rogagaten 1. Anne Ruth trudde eg skulle busetja meg der sidan eg er rogalending. Det var jo ikkje så langt bak mål.

To vekers ferie: Sommer i Sør på BiG og Oase i Fredrikstad. See ya!

Gå med Gud i sumar!