onsdag 27. september 2006

- Bananfluer gjør alt det vi gjør. Du kan kalle dem små mennesker med vinger, sier Ganguly-Fitzgerald til bladet Nature.

Tyske forskere har kartlagt en genfeil som stiller den biologiske klokka fire timer fram. Resultatet er ekstreme A-mennesker.

forskning.no

tirsdag 26. september 2006

FSM/IPU

Kva skjer når Kansas vedtek å droppe evalusjonsteorien i skulane til fordel for kreasjonisme eller intelligent design? Jo, Bobby Henderson vert irritert, skriv eit ope brev til staten Kansas, og grunnlegg samstundes ein ny "religion": Pastafari; trua på The Flying Spaghetti Monster. Hilarious! Det er beint fram noko av det morosamste eg veit å lesa om! Wikipedia har sjølvsagt skrive om saka her. Artig!

Navnet Pastafari speglar på orda pasta og rastafari. Eg har jo høyrt om rastafari før, men innsåg plutseleg at eg har jo ingen aning om kva det er! Eg tenkjer på Jamaica å Bob Marley og dreads når eg høyrer ordet, men det var så langt eg kom. Wikipedia er ein fin ting. Her fekk eg læra at rastafari er ein religion/filosofi som har opphav i trua på at ein Etiopisk keisar er inkarnasjonen av Messias. Før han vart krona var namnet hans Ras Tafari Makonnen. Derav rastafari... Men så var det Jamaica. Det var nemlig fyrst då dei kom hit at afrikanarane skjøna kor stor denne einaste monarken i Afrika var, han vart jo trass alt kalla Kongenes Konge og Herrenes Herre og slikt noko! Her kan du lese meir.

Og når eg allikevel er inne på slikt noko, må jo the Invisible Pink Unicorn nemnast. Atter ein gong skuldar eg Wikipedia ein stor takk som har innvidd meg i nye lærdomar. Der ja. Ateistar tykkjer nemleg at vi som trur at det finst ein Gud er nokså dumme. Og når vi fortel dei om vår tru, så høyrest det om lag likt ut for dei som når dei fortel om deira eventuelle tru på den Usynlege Rosa Einhjørningen.

Altså, ein takk til Wikipedia og alle som lagar religionsparodiar!

onsdag 20. september 2006

A place called freedom

Stem på Mosaic i Kjempesjansen på NRK! Send 5 til 26600! Gjer det no!

Eg er sjuk. Ja, du får lov til å synast synd på meg. I går hadde eg nok ein del feber, i dag litt mindre trur eg, nasen er så pottetett som han berre kan få blitt, halsen er heller ikkje heilt god, betre frå i går då, men ikkje bra, hovudet er ikkje heilt med på leiken, og på toppen av kransekaka trur eg ein visdomsjeksel er på veg. Sukk og snufs.


Men, det eg eigentleg ville skriva ein post om var denne gode boka av Ken Follett. På den tidlegare nemnde hytteturen klarte eg utruleg nok å få tid til å lesa ei bok. Ikkje ei heil bok. Det var ein god samling bøker på denne hytta ute på Stolmen, og eg valde meg ei på engelsk. Eg likar godt å lese på engelsk. Og når det er noko eg ikkje forstår så er svaret berre ei melding borte. Arnfinn kan alt. Men altså, denne boka. Ho handlar om førehalda blant slavar og liknande i Storbritannia og Amerika på slutten av 1700-talet. Eit beskrivande sitat: "As Jay said, God intended some men to be masters of others". Så har me og den delen der Lizzie, hovedpersonen, skal føde. Jenta ho får er dødfødt. "At first he (mannen hennar) had been angry. He had railed at Lizzie, (...); but his rage had evaporated when he learnedthe baby had been a girl, (...) ". Elles finn eg litt for mange sex-scenar som er litt for nøye beskrivne, men det kan ein til nøds bera over med, det er ei god bok. No er det ikkje sikkert at Ken Follett har rett i alt han skriv om slavar, rikfolk og retter, men eg tykkjer det verkar truverdeg (var det eit merkjeleg ord eller?). Og så er det sjølvsagt nokre litt meir morosame utsegner som "That afternoon she took a bath. This was a complicated business(...)"

I dag fekk eg e-post frå Norsk Målungdom. Det eg la merkje til der var nynorskvarianten av det som på bokmål vert kalla ein debatt; ordskifte. Godt ord!

tirsdag 19. september 2006

Forskning på fulle bananfluer

I helga har me vore på ein heilt herleg hyttetur med klassen! Ytst på Stolmen på Austevoll. Nyyydeleg ver å fin hytte og fint hav. Me har køyrd båt, både med motor, med årar og med segl (eg styrte fokken... flink jente!), me har fiska (eg fekk ein lyr og ein makrell, til saman fekk me 7 lyr og den eine makrellen min, til tross for at det krydde av makrellstimar rundt både oss i båten og dei på holmen), dei andre har bada (ja, eg er pingle. dessutan har eg vore litt halvgroggy ei stund og ville ikkje ta sjansen), me har nesten sola oss, nokon sov ute, me har spelt mengder av spel og høyrt alle historiane om båtar og skattar og brugdefiske og namna åt alle holmane og skjæra utanfor. Og sjølvsagt har me ete mykje god mat og store mengder med snacks og slikt noko. Kjempeherleg helg rett og slett! På turen heim måtte me slosst med bagasjerommet på bilen, venta litt for lenge på ei ferje avdi den fyrste ikkje ville ha oss med likevel, så då øvde me litt høyrelære. Flittige studentar!

Ein finn så mykje spennande å lesa om på forskning.no! Eg vert reint overraska kvar gong eg tek turen innom. No er det til dømes ein brite som har funne ut at det er ein samanheng med utdanning, lønnsinntekter og musikksmak! Slå den du!

Einaste brusen eg kan drikka utan å rista ut kolsyra fyrst er coca-cola. Forstå det den som kan. Eg har jo aldri likt cola eingong!

Denne blogger vert berre meir og meir merkeleg.

I går prøvde eg å fortsetja på kaffidrikkekuren min. Det vart ein total fiasko. Eg kjøpte ein mocca. Vanleg. Utan ekstra sjokolade. Katastrofe. Etter 3 store sukkerbitar klarte eg nesten å tvinga i meg ein halv kopp. Men berre nesten. Min plan om kaffitilvenjing er herved avslutta. Eg likar ikkje kaffi!! Basta! Heretter vil eg halda meg til kakao og te.

Takk for meg og Gud velsigne deg!

mandag 11. september 2006

It's hard to be a rock'n roller

Tor Heine, ein av hovudfigurane i filmen, og i bandet Merkesteinane frå Sunnmøre, sa det slik: "Det er det som tingen for meg no, det er å vere populær. For ein er berre populær ein gong i livet, og det er jo det eg er. Når ein er populær... Det er då ein vert... akseptert." Arild var derimot meir bekymra for å måtta skriva autografar i hytt og gevær, samt å måtta gje tv-intervju i alle retningar. Då er det viktig å ikkje miste haudet...

Mamma, pappa og litlebror var her fredag-laurdag. Det gav seg utslag i ny ikea-hylle, omn i stova og laserskrivar, samt ein tur på Akvariet. Det var jo rektig så koseleg!

Sånn elles så var divisi i Bergen i helga. Konsert i Betlehem på laurdagen og framføring av ei utruleg fin messe i Domkirka på sundagen. Mhm. Dei eg kjende der var dirigent Jostein Myklebust, Håkon, Øyvind, Elisabeth og Åshild. Følte meg bra då. Oscar Jansen rula tangentane for å sei det fint. Og Jango på trommene er jo berre bra.

mandag 4. september 2006

Baby nr 1

Kjersti vant. Det skulle berre mangla. I går kveld kl 23.15 fekk ho ei lita prinsesse på 49 cm og 2880 g! Hurra for det!

Eg var tørr midt oppå hovudet då eg kom heim frå skulen idag. Eg likar ikkje konseptet med skulesekk. Ein svettar så grasalt på ryggen av det. Eller, kanskje ikkje så grasalt då, det kan eg jo ikkje seia, for då vil jo ingen vera ven med meg. Men eg skal ta ein tur i dusjen så går det nok bra.

Rannveig laga middag åt meg i går. Lauvsteik og fløytegratinerte poteter. 

Hjelpe meg, kva er det eigentleg som feilar blogger for tida då? Orda på slutten av linja vert jo delt opp heilt på villspor!? Korleis kan eg få blogger til å slutta med å øydeleggja tekstane mine?!?

søndag 3. september 2006

GospelSambandet har hatt øvingshelg på Kvås.

 Og det inkluderte ein interessant konsert. Det var tôrevêr. Under fyrste songen gjekk straumen, alle fjortisjentene som høyrte til på eitt-eller-anna ungdomsmøte-konsept i Lyngdal hylte av sine lungers fulle kraft, men me fortsette å synga. Og musikarane spela utan lyd. Og då straumen kom attende var vi akkuratt der vi skulle. Kjempekjekt!

God internatmat og kvart vårt rom. Framføring av "Rezpeckt". Ny artig song. Gjestedirigent. Brae folk! Det er så godt å synga med GS, for det er lyd frå fyrste oppvarmingstone! Eg gløymde kameraet mitt då. Tømde kortet for bilete før eg reiste, men la det att på skrivepulten då eg reiste.

På fredag vandra eg rundt i Markens gate i Kristiansand. Eg hadde inga kontakt med omverda samt lita aning om kva klokka sa, for mobilen var tom for batteri. Så eg sat på ein benk og las. Ein mann på 80 år, Torbjørn Hylting, (ca) spurde om han kunne setje seg ned. Han lurte på kva eg las, og om det var morosamt. Morosamt er vel ikkje det rette ordet, men det er spanande, svara eg. Det var det beste han hadde høyrt den dagen, det var veldig godt sagt, og eg var ei bra jente og forsto kva han sa og eg veit ikkje kva. Så eg preikte med han i ein halvtime eller noko før den reddande engelen Miriam som og går i GS kom forbi. Alejandro Fuentes kom gåande forbi. Han frå idol. Og ein mann i styggtrang damejeans og cowboyboots. Ekkelt. Berre ekkelt.

Men då eg fauk frå Flesland til Kjevik såg eg eit kjend andlete som kom  oppi flyet. Eg visste at alle andre garantert visste namnet hans og slikt noko, men eg klarte ikkje å grava det fram. Eg såg han føre meg med ein gitar og ein mikrofon då. Ikkje at eg veit om den gitaren var eit produkt av min eigen kreativitet eller kva. Men idag (sundag) las Are i lokalavisa han fann på Kvås, og då las han blant anna høgt at Åge Aleksandersen hadde hatt konsert i Kristiansand. Og då gjekk det opp for meg kven eg fauk med.

Ein annan gong fauk eg med Idol-David. Men det hadde eg ikkje visst, dersom det ikkje var for at eg kjende pianisten hans og sat og preika med han på flyplassen før vi skulle reise. Han måtte peika  David ut for meg.

Neste gong skal me til Oslo.

GospelSambandet på nett