tirsdag 23. januar 2007

Wilhelmsens råd for et bedre liv

  • Vær nøktern og pragmatisk.
  • Ikke ta sorgene på forskudd.
  • Aksepter det eneste sikre her i livet, nemlig at du en gang skal dø.
  • Øv deg på å ta avgjørelser under tvil.
  • Ikke gjør unntaket til hovedregel.
  • Ta hensyn til deg selv.
  • Unngå usunne avhengighetsforhold.
  • Ikke krev at andre skal ta spesielle hensyn til deg.
  • Øv deg på å skjelne mellom ønsker og krav.
  • Vær fleksibel.

I tillegg kommer tre andre:
  • Ikke stol på følelsene dine,
  • Ikke stol på tankene dine.
  • Ikke lytt til kroppens signaler.
Ingvard Wilhemsen er psykiater og har skrive ei bok med utgangspunkt med Kongen si livshaldning. Kongen trur nemleg at han er frisk til det motsette er bevist. Wilhelmsen si bok heiter: Kongen anbefaler - holdninger for folket.

"Taperne fokuserer på det de går gjennom, vinnerne fokuserer på det de går mot."

onsdag 17. januar 2007

Hipp hipp hurra for JapanFoto og Nikon!


Til saman har dei nemleg klart å gje meg eit nytt kamera: Nikon D70s. Yep, det er eit digitalt speglreflekskamera! Det fyrste i familien til og med.

Eg var på JapanFoto på måndag og kjøpte det, men har ikkje fått nytta det så mykje ennå... Det er alltid mørkt når eg kjem frå skulen, og for å vera heilt ærleg er det ytters få ting her inne som det er verd å ta bilete av... Det dreier seg stort sett om rommet mitt, tente lys og Rannveig. Så her kjem dei fyrste døma på bileta frå det nye supermegakule kameraet mitt:


Dette er det aller fyrste biletet teke med mitt yndlingskamera, Nikon D70s.


Det neste motivet vart pianoet mitt, og vidare skrivepulten min.
Men så kom heldigvis Rannveig heim!

Og det måtte resultera i ein heidundrande fotoserie av oss to:

søndag 14. januar 2007

Visste du at...

".no" er oppskrytt. Til dømes kjem du der du skal om du berre skriv "gulesider" i adressefeltet. Neat!

søndag 7. januar 2007

helg

Fredag kveld var det fest i Rogagaten 1. Ida og Tone var her. Av ein eller annan grunn har Rannveig og meg alltid voldsomme diskusjonar om huslege ting når Ida er her. Negativ påverknad?! Me såg Princess Diaries. Flaks at den var brent, elles er det ikkje godt å seia kva for eit språk me hadde fått han på! Me har nemleg ikkje fjernkontroll til DVD-spelaren for augneblinken. Den ligg i Ytre Arna.

Laurdag kveld skulle me på kino. Meg, Rannveig, Tone, Ida og Mona. The Holiday. Kl 21.15 på Magnus Berrfot. Sånn rundt middagstider var det 241 ledige billettar så me brydde oss ikkje med å bestilla på førehand. TABBE!! Ny plan: Istid 2! Åja, nei, me hadde ingen fjernkontroll nei. Nei. Okei, me leiger Istid 2 på MIX, og ser den hjå Mona! Greit. So far, so good. Istid 2 vart leigt og Tone kjøpte snop for 100,03 kr og Ida for 56,- eller noko slikt. Men Rannveig og eg, me ville ha meir mat i kroppen. Så me bestilte panini med ost og skinke. Guten bak disken la dei ved omnen og tok betaling... Flott, der tapte me nokre minuttar. Så la han dei i omnen, men lukka ikkje att. Me lurte lenge på om det var medvite eller ikkje. Då to minuttar var gått og paniniane skulle vera ferdig stekte, fann han ut at; hei, kanskje eg skulle ha lukka att loket?! Så me venta likesågodt eit minutt til. Jadå. Kjensla var den at osten ikkje var heilt smelta, og det var ikkje verdt 39 kroner. Men hei, me vart mette! Ikkje verst berre det! Sånn elles var filmen minst så god som me hugsa den, og så spelte me nokre rundar President.

Sundag var me kristelige til tusen! Fyrst høgmesse i kyrkja i nabolaget; Solheim kyrkje. To mobilar ringte under gudstenesta. Så slappa me litt av, åt litt restar etter fredagen, og gjekk på G17 i Norkirken. Jepp!

Ha ei fin veke i Guds åsyn!!