fredag 21. september 2007

Vits

På veg heim frå skulen møtte eg ei jente på fortauet. Ho var nok om lag 8-9 år. Eg gjekk på mi høgre side av fortauet, og ho gjekk på si høgre side (jamfør trafikkreglar, Noreg har høgrekøyring! Om berre alle hadde overført dette til fotgjengarsituasjonen...). Men plutseleg sneia ho over og kom direkte mot meg medan ho nikka med hovudet. Eg tenkte at ho sikkert ikkje hadde sett meg, og tok et skritt til venstre for å kunna passera jenta. Men jenta gjekk til same side som meg, stilde seg beint framanfor meg, kika opp og sa: "Ka e de som går å går å aldri kåmmårr til døræn?" "Klåkkå" svarte eg. "Nei, de e (der fekk eg ikkje med meg akkurat kva ord ho nemnde) som har gått seg vill i skogæn!" "Åja, haha" svarte eg, sånn passe entusiastisk, og gjekk vidare. "Men de e klåkkæn åg. De e bægge deler!"

Heime var slageren at farmor hadde gått seg vill i stova. Andre variantar?

mandag 10. september 2007

Lykke er...

... når ein startar kor og 33 mennesker  kjem på fyrste øvinga!

Sing Praise!!