torsdag 27. november 2008

forsmak på julaftan?

Eg har fått post! Eg har faktisk fått pakkar i posten! Ja; i fleirtal!

Fyrst kom det to pakkar igår. I den eine var det ein knott og ein pakke med skruar. Då eg flytta inn her i OR var det fyrste pappa sa då han kom inn på rommet: "dei der hånntakje på skapene må du byta ut." Så eg kjøpte nye knottar på IKEA. Men dei skruane som følgde med knottane var for korte til at dei kom gjennom skapdørene og dei gamle skruane hadde for store gjenger til at dei kunne brukast til dei nye knottane. Så, dei gamle knottane vart varande. Eg var heime ei helg i oktober og feira tanten min sin 50-års-dag, då hadde eg med ein knott heim så pappa kunne finna passande skruar til meg. Og no hadde han altså gjort det!

Gammal knott (t.h.) og ny knott

Pakke nr to var frå farmor. Den innehaldt eit adventslilla kubbelys og ei hekla brikke. Tynntynn tråd!!! Det var og med ein tohundrepeng. Snille farmor!

Nærbilete av brikka

Idag var denne hentelappen komen til meg, ikkje veit eg kva det er! Men eg kom heim så seint at pakken må nok venta til imorgon...


Og som om ikkje dette var nok så fekk eg pakke frå min hemmelege ven og idag! Men det kan du lesa meir om her.

(ja; det er eksamenslesing på gang...)

onsdag 26. november 2008

Janteloven har nådd Tyskland

Igår tok nokon i huset med seg eit stykk Aftenposten frå t-bana heim. Der kunne eg til frukosten idag (havregraut med bringebær/eple-syltety) lesa om ein tyskar som var så sint på Petter Northug. Årsaka? Northug er glad når han vinn! Og seier ting som syner at han veit han er flink. Det er dårleg sportsand det, meiner Axel Teichmann. "Ofte sier han tøvete saker", siterar Aftenposten. Som til dømes:

  • Hvem er kongen? (23. nov. 2008)
  • Jeg gikk bare og koste meg, det kostet ikke en kalori. Jeg kunne ha hengt på feltet i tre mil uten staver. (24. feb. 2007)
  • Om jeg er uslåelig? Jeg må iallfall ha en dårlig dag dersom noen skal slå meg. (4. mars 2004)
  • Jeg er glad jeg satte på plass Angerer. Jeg er sjefen på oppløpet, det skulle jeg vise idag. (18. des. 2006)
Er det på tide å pussa støvet av janteloven att, så ikkje slike dyktige idrettsutøverar som vinn om att og om att att kan uttrykkja glede over sigeren?

fredag 7. november 2008

"tone iren liker"

Denne artige Google-leiken der du skriv inn ditt eige namn etterfulgt av liker og set det heile mellom harelortar og trykkjer søk er eigentleg ikkje noko artig i det heile.

Berre sjå her:

Informasjon Fann ingen resultat for "tone iren liker".

Me prøver hovudmålet, men nei:

Informasjon Fann ingen resultat for "tone iren likar".

Kva så med engelsk?

Informasjon Fann ingen resultat for "tone iren likes".

Kanskje kallenamnet totli har større lukke? For ikkje å gjenta "ingen resultat" til det keisamlege kan eg berre nemne at det finst ingen resultat hverken på bokmål eller nynorsk. Men hurra; eitt treff på "totli likes":

totli likes him...

ho likar ingenting

søndag 2. november 2008

Når nåtiden og evigheten er en og samme ting

Idag var eg for fyrste gong på gudsteneste i mi lokale statskyrkje; Lambertseter kirke. Det var ei fin gudsteneste! Soknepresten tala om helgenane i det nye Jerusalem, og om korleis liturgien og gudstenesta er meir enn ei innpakking av preika, men ein stad der me kan sjå Gud.

Etterpå var det kyrkjekaffi med kaker og vannbakkels, og eg helste på ein heil haug med koselege menneske som fekk meg til å kjenna meg som heime med ein gong!

Eg vendte attende til nynorskverda med denne bloggposten, men engelsken fortset på min nyoppretta blogg: spøt. Her kjem, som den kjappe kanskje allereie har resonnert seg fram til, alle mine handarbeidsrelaterte greier til å verta posta frå no av. Velkomen innom!