søndag 29. juni 2008

Ferdige handarbeidsprosjekt

No tenkte eg at det var på tide med nokre bilete att. I tidlegare innlegg har eg presentert undervegsprosjekt, og no er dei ferdige. (Eg har faktisk INGEN ufoar!!!)

Fyrst, den sjølvkomponerte luva i Kitten Mohair. Som planlagt har den no fått ein strikk inni den oppbretta ribbekanten. Her er før, undervegs og etterbileta:

To prosjekt som no er ferdige. Den fyrste Odessa-luva mi har fått ny eigar som likar den veldig godt. Det er eg glad for. Ü



Og den halvferdige veska er her vist samansydd. Den er har no vorte tova (mykje meir enn eg hadde tenkt, men det går jo bra), og den har fått ein hekla blome til pynt på kvar side. Men dette har eg gløymt å ta bilete av. Veska vart litt stor i opninga, så eg har planar om å strikka ein liten klaff som skal festast med ein knapp. Men det får bli ein annan dag.

mandag 2. juni 2008

Tagged!

Ta opp den boka som er nærast deg. Slå opp på side 123 og finn den femte setninga. Skriv ned dei neste tre setningane. Tag fem personar, og fortel kven som tagga deg.

Grrreitt. Eg er nett i gang med å lesa "Den siste tempelridder" av Raymond Khoury. Men eg er ikkje komen lengre enn til side 87 endå. Så eg er ikkje så sikker på om eg vil bla fram... Jaudå, okei.

Det hadde vært hans forslag å leie inn Gus Waldron. Han var blitt bedt om å finne en stor og tøff person som kunne ri på en hest, så han hadde tenkt på Gus. Greit, vel visste han at Gus kunne være en villmann noen ganger, men han hadde ikke regnet med at han skulle gå bort å hogge hodet av et menneske med sverd.

Hmmm... Ja, slik vart det. Blodig bok. Eg har meldt meg inn i 3 ulike bokklubbar i løpet av under eitt år. Denne boka var i ein av velkomstpakkane. Telefonselgjaren sa at om eg likte Dan Brown så kom eg garantert til å lika denne boka. Eg likte Dan Brown.

Det er så heise varmt for tida! Og eg arrangerar voggesong.

Til saka: Linda tagga meg, og eg taggar Margot, Tone, Leiv Magnus, Torgeir og Liv Iren.