onsdag 9. september 2009

Trudde du at crocs er crocs og ferdig med det?

Då tok du skammeleg feil! Her kan du nemleg finna eit utval av crocs sin nye damekolleksjon.

lørdag 22. august 2009

Eg har ein ven på bussen.

Sjølvaste sjåføren, faktisk. Kvar dag kl fem på åtte når eg går ombord i bussen sit han der og smiler og seier "Go mårn, go mårn!". Og når Ingvild kjem på nokre holdeplassar seinare gjentek det same seg til ho. Så blir det ein koseleg busstur til jobb, før han vinkar ha det bra når me går av bussen.

Ingvild tykkjer det er leit at ho snart må byrje å ta ein annan buss, av di ho må levera dottera hjå dagmamma før ho reiser på jobb. Og eg som eigentleg hadde store planer om å sykla til jobb etterkvart lurer på om eg berre må fortsetja med å ta bussen...

Torsdagar startar eg undervisinga kl åtte, og må difor ta ein tidlegare buss. Igår då eg kom på åtte-bussen att, lurte venen vår på om eg hadde skulka på torsdag?

Det er fint å møta eit smilande anlet om morgonen.

Dagens oppmoding: Smil til dei du møter på din veg!

fredag 14. august 2009

Valkamp

Eg stiller til val til Menighetsrådet i Lambertseter no frå hausten. Og eg har kjempelyst til å bli med! 6 stk skal inn som faste medlemmer, og eg står som nr 6 på lista... Og sidan eg flytte til Lambertseter i oktober i fjor, altså for mindre enn eit år sidan, og ikkje vart aktivt med i kyrkjelydsarbeid før etter jul, så er det jo ikkje så skrekkeleg mange som kjenner meg endå, medan dei kanskje kjenner mange som står under meg på lista, så dermed er det ikkje sikkert eg får fast plass på grunn av kummuleringar (er det det det heiter) (hihi, der fekk eg til den fine tingen som er så vanskeleg for folk med rikare språk enn norsk å forstå..!), så eg driv valkamp!

Ein del av kollegene mine på Mortensrud bur på Lambertseter, og kan såleis stemma på meg (og Ingvild, sjølvsagt!) ved kyrkjevalet. Strålande! Kanskje vinn eg heile valet?

onsdag 12. august 2009

Great minds think alike

Ta det roleg, eg har ikkje returnert til engelskspråkleg blogg.

I etterkant av SommerOase i Skien har det vore fleire innlegg og replikkar i den kristne dagsavisa Vårt Land med fokus på den profetiske forkynninga som gjekk føre seg på møter under stemnet. Eg var der ikkje sjølv, men har høyrt frå andre deltakarar. Fleire gonger har eg undra meg over at nokon av innlegga forsvarar dette slaget framtidsretta profetiar og at ingen som har kritisert den har rett fokus mot kva slag profetiar det er tale om. Den profetiske nådegåva som mellom anna Paulus tek opp i brevlitteraturen i Det nye testamentet har nemleg ikkje mykje å gjera med det å sjå framtida. Denne særskilde nådegåva har heller fokus på å styrkja kyrkjelyda, kanskje særleg gjennom oppmuntring og trøyst. I alle fall har det vore slik i den bibelundervisinga eg har fått høyra opp igjennom.

I Vårt Land i går (11.08) kommenterte Edin Løvås, ein stor lærar og rettledar, dette i ein replikk.

mandag 10. august 2009

Hei!

Eg har hatt sommarferie. Men no er den over. Så her har du meg att!

I dag har eg vore på infomøte for nyansatte lærarar på Mortensrud Skole. Det er altså min arbeidsplass det komande året. I morgon er fyrste planleggingsdag.

Og så har eg oppdatert meg på nokre bloggar. Men det er fleire eg ikkje har vore innom endå... Ta det med ro, eg kjem snart!

Sykkelen min er levert inn på verkstad til ein sjekk og elixia-kortet skal snart aktiviserast att. Med andre ord, eg skal bli sprek!

Vil du koma på besøk? Eg har tusen eple i hagen!

lørdag 13. juni 2009

film og kaffi

Kaare og Leiv Magnus er to av favorittmenneska mine. Dei er og mine to store hatobjekter. For de som kjenner meg så veit de at eg har inga evne til noko som eingong liknar hat, så det er inga fare. Likevel, desse to står øverst på lista. Den imaginære, vel å merka. Når eg tenkjer meg om så er det vel kanskje ingen andre på den lista.

Grunnen til listeplasseringa? Kaare og Leiv Magnus har gjort meg lettlurt. Eg veit ikkje korleis dei har gjort det, for då kunne eg jo sikkert ha reversert det, men det har dei altså klart. Dei kokar stadig ihop eitt eller anna for å lura meg opp i stry.

Og det klarar dei. Med glans. Kvar gong. Det er det som er så frustrerande. Eg kjenner at eg vert sint innvendig. Men så er det det at eg kan ikkje det å vera sint heller. Eg får det berre ikkje til, oavsett kor hardt eg prøver. Det beste eg klarte i dag var å kasta ein samanklemt gork på dei.

Eg traff.

onsdag 3. juni 2009

Mer lik Jesus

Men hvorfor skal du være god? Hva tjener du på godhetens livsstil?

Det lønner seg fordi du får et sunt selvbilde. Når du er god og gjør godt, vil du føle det godt med deg selv fordi du gjør det Gud skapte deg til å gjøre.

Guds hensikt med deg er godhet.

-Rick Warren

Galaterbrevet 5:22-23 Men Åndens frukt er kjærlighet, glede, fred, overbærenhet, vennlighet, godhet, trofasthet, ydmykhet og selvbeherskelse

torsdag 28. mai 2009

She wasn't very nice



Det skal nemnast at plommetreet blømer ikkje lenger. Det var fint så lenge det varte.

tirsdag 19. mai 2009

Kapseleres

Både epletrea og plommetrea blømer i hagen. Det er fint! Eg har bilete av plommetrea, men dei ligg på den eksterne harddisken og pc-en min er litt tverr i desse dagar og nektar somme gonger å kjenna att det eg måtte finna på å putta i usb-inngangen. Det vere seg ekstern harddisk, skrivar eller minnebrikkelesar. Så må eg starta pc-en på nytt, og då virkar det kan hende. Men ikkje heilt sikkert. Det er litt slitsamt.

Mobiltelefonen min er heller ikkje heilt blid. Den finn på å skru seg sjølv av no og då. Og eg merkar jo ikkje at den ikkje er på før eg skal bruka den, og då kan den ha vore avslegen i timasvis for alt eg veit.

Når eg blir rik skal eg kjøpa meg ein MacBook og ein iPhone. Det blir tider det!

søndag 10. mai 2009

Dagens tips:

Ha alltid paraply, solbriller og panneband i veska. Du får dagleg bruk for minst to av dei.

I alle fall slik det har vore her dei siste dagane... Eg har alltid fått forespeila at medan årstidene vekslar fleire gonger til dagen på vestlandet, held dei seg stabile på austlandet i dagar og veker. Men nei, dei siste dagane har det vore strålande sol, torevêr, sterk vind (sidan eg ikkje er så god på kva som er sterkast og svakast av vindtypane held eg meg til det relativt dekkjande omgrepet "vind") og regn i byttevis. Altså, alt dette i løpet av ein dag. Fleire dagar på rad.

Elles hugsa eg til slutt å melde meg som medlem i teflonhjerneforeningen.

fredag 24. april 2009

Ny lærdom

Ein kveld i selskap med Leiv Magnus kan leia til mykje ny lærdom.

  • Framandord: perpleks (joda, når eg fekk tenkt meg om så visste eg kva det tydde, men det kom ikkje til meg heilt med det same liksom, så eg fekk lært det på ny)
  • Opphavet til uttrykkjet "riding shotgun"
  • Det siste var eit ord eg har gløymt allereie, men det var noko han eine kisen i Family Guy sa til bartendaren då han skulle kjøpe ein drink til ei blond berte, og det var i alle fall eit slang-uttrykk for rohypnol
Og sjølvsagt vart det litt filmrelatert kunnskap med på kjøpet og.
  • I "The Great Escape" finn ein same regissør, same filmmusikkomponist og same skodespelar (Steve McQueen) som i "The Magnificent Seven" (som er basert på ein japansk samurai film som er basert på ei amerikansk cowboy-historie. Slå den!)
  • Ein av dei fyrste spaghetti-western-filmane har Clint Eastwood regissert og spela i: "A Fistful of Dollars". Men dette er jo amerikansk spaghetti-western då.
  • Sergio Leone har regissert ein ordentleg, italiensk spaghetti-western. Trur eg.
Flink?

torsdag 16. april 2009

Removing the dread locks - part 2

Om foreldre, besteforeldre, tanter og onklar skulle lura på ka eg kjøpte av pengane eg fekk til 25-års-dagen min, kan dei sjå det her: (ta det med ro, det er litt att endå Ü)

onsdag 15. april 2009

Removing the dread locks - part 1

FØR:

CA MIDTVEIS:

Fortsetjing følgjer!

tirsdag 14. april 2009

Då var påska over

og eg er attende i Oslo by. I staden for å ta nattoget frå Stavanger til Oslo natt til i dag, køyrde eg meg med Lise over fjellet, sidan ho hadde kjøpt seg ny bil. På grunn av at det var veldig lite trafikk over fjellet rakk eg Påskejazz Gudstenesta i Lambertseter Kyrkje og. Det var ei bra greie! Og vår klokkar med tilleggsfunksjonar hadde teke i bruk litt av desse tilleggsfunksjonane og sikra ein tilhengjar full med påskegule blomar som alle fekk ta med seg heim litt av etter kyrkjekaffien. Så no har eg to små og ein stor ildtopp pluss ei potteplante til som eg ikkje veit kva er. Om ei stund skal eg ta bilete av dei. Eg hadde kameraet med meg heim i påska... Men det låg i ranselen heilt til i dag tidleg då eg pakka ut. Sånn kan det gjekk.

tirsdag 7. april 2009

Den Stille Veka

Eg er heime på Åkra. Og har eigentleg ingenting å skriva blogginnlegg om. Men sidan pappa klagar på dårleg oppdatering så må eg vel posta noko.

Me er inne i den stille veka no. Kanskje det er derfor det er stille i kreativiteten min.

Den som er på Åkra på påskeaftan er velkomen til å koma og feira 25-års-dagen min. :)

onsdag 25. mars 2009

easily absorbed

Eg sit og skal skrive ei oppgåve om websider om Maori-kulturen. Men eg vert altfor oppteken med å lesa om kulturen, om tatoveringane, om naturreligionen og om språket til å skriva oppgåva. Aller mest oppreken vert eg med å læra språket. Alt ein kan finna på den store verdsveven!

onsdag 18. mars 2009

Radio Metro - Oslos nyeste radiokanal


Stasjonen som alltid har den beste musikken akkurat nå.

Joda. To tidsadverbial i same setningen, som faktisk omhandlar det same fenomenet, men direkte motseier kvarandre.

Grammatikknerden i meg kosar seg.

tirsdag 17. mars 2009

C-vitaminer

Eg tar slike tablettar som inneheld C-vitamin. Det er sikkert godt for meg.

Ved frukostbordet las eg litt på boksen, i håp om at det skulle stå ein eller annan stad at ein C-vitamin-tablett kan teljast som ei frukt. Du veit, 5 om dagen... Men nei, det stod ingenting om det. Så eg las kva tabletten inneheldt; søtstoff, tabletthjelpemiddel, aroma og søtstoff. Allereie her koste eg meg; to søtstoffer i ein og same tablett som liksom skal vera sunn!

To linjer nedanfor, i blokkbokstavar: INNEHOLDER SØTSTOFFER

Eg måtte humra litt.

torsdag 12. mars 2009

Train Horns

Created by Train Horns

mandag 2. mars 2009

The be-going-to construction is used about future actions which the subject intends to carry out.

I am going to have fish sticks for dinner.

tirsdag 24. februar 2009

Feitetirsdag

I går var det blåmandag. Då åt eg opp restane av kjøtsaus eg hadde i kjøleskåpet saman med litt spaghetti, samt dei siste to skivene av servelat.

I dag er det feitetirsdag, og leverposteiboksen vart tømt.

I morgon er det askeonsdag, og starten på fastetida. Den varer fram til påske, det skal verta om lag 40 dagar på ein eller annan måte.

I 2009 e.Kr. fastar eg frå kjøt, unaudsynleg pengebruk og fjesbok. Men, som me snakka om på bibelgruppa (som moglegvis har fått namnet Fokus) på måndag; det viktige er ikkje kva ein fastar frå, men kva du fyller inn i staden for. Planen min er at dess mindre pengar eg nyttar på meg sjølv til ting eg strengt tatt ikkje treng, som iskaffi, kino eller nye cd-ar, dess meir penger kan eg gje til gode formål som kan fremja Guds rike på jord, som til dømes kyrkjelyden min. Fjesboka fastar eg frå av di den tek opp store delar av tida mi - den tida kan nyttast til å verta betre kjend med Gud. Dette med kjøt har eg eigentleg ikkje nokon god grunn for, det er meir av di det er tradisjonelt. Det kan vel vera lov det og?

Fastetida er ei førebuingstid som leier fram mot den store kristne høgtida påsken. Difor er og den liturgiske fargen i kyrkja i denne perioden lilla. Som i advent.

Eg vil og oppfordra deg: Korleis vil du bruka fasten?

mandag 23. februar 2009

Bollesundag

I går bakte eg boller til Lise og Maren kom på besøk. Men av ein eller annan grunn smakte bollene rundstykkjer... Nokon som kan forklara det? Me åt i alle fall rundstykkjer med krem og syltety. Og så strikka/hekla me litt medan me drakk te. Ü

Maren er i gang med sin aller fyrste Calorimetry.

Lise fordjupar seg i boka "Hekling".

Lise syner stolt fram at ho har klart å byta farge medan ho hekla!

Eg driv og rotar med ei Gemma Beret...

På kyrkjekaffien i går var det fastelavnsrisverksted for borna. Etter at dei hadde gjort seg ferdige tok eg og Stine (ungdomsarbeidar) og Heidi (og Lars) for oss restane. Eg fekk nøyaktig ei og ei halv fjær på mitt ris. Heidi fekk to. Stine klarte seg med berre band. Men stolte var me alle!

Fine fastelavnsriset mitt!

I dag har eg lagt inn bileta frå resten av Australia-turen til meg og Lise i fjor sommar. Dei finn du her!

fredag 20. februar 2009

Nokon gonger blir eg litt sint.

Som for eksempel når trenaren for dei norske langrennsjentene ikkje er nøgd med at Kristin Størmer Steira hamnar på 6. plass som beste norske kvinne. HALLO!! Dama er sjette best i verda!

fredag 13. februar 2009

Det er litt fint og...

Forrige fredag var eg vikar på Lambertseter Skole, i ei gruppe på tredje trinn. Lettare forvirra går eg ut i skulegarden med ein svær kasse full av Early Start-effekter klokka kvart over 8, for det er då skuledagen byrjar her, får peikt ut elevane som er mine for dagen av ei anna lærar på trinnet, dei er i ferd med å stille seg opp på rekkje. Ungane fremst forstår kjapt at det er eg som skal vera saman med dei idag, og spør kva me skal gjera i fyrste time, kor me skal vera, når me skal lesa brev og om nokon kan få lov til å lesa gåter i matpausen. Desse små skuleelevane har ikkje fått på plass dei sosiale hemningane som pregar folk i samfunnet endå. Dei kjem nok etterkvart, men førebels vert dei bestevener med einkvar som møter dei med eit smil.

Sjølv må eg berre late som om ikkje eg heller har slike hemningar. Det er litt fint.

lørdag 7. februar 2009

Gratulere med dagen, Gunn June!

106 muffins

Eg skulle baka sjokolademuffins til Gunn June sitt selskap ikveld. Men eg var liksom så godt i gang etterpå... Så eg laga liksågodt ein porsjon med krydderkakemuffins og. Og så fekk eg eit egg av Lauren så vart det ein runde vaniljemuffins til slutt.

Om du vil smaka må du ta turen til Gunn June ikveld. Elles har eg ope hus resten av veka.

fredag 30. januar 2009

Eg er benka framfor fjernsynet med ein nysteikt grandis, ei mjelk, ei skål knaz og litt rosiner, samt litt handarbeide ved mi side. Alt er tilrettelagd for ein fin kveld!

Onkel er på Ullevål. Då han kom på tysdag kjøpte han litt ekstra extra; ein kupong kvar til meg og Gunn June. Eg var 2 frå bilete... Og så kjøpte han eit kryssord-flaks til kvar av oss. Snille onkel! Eg vant femti kroner på mitt, og veksla det inn i eit nytt kryssordflaks og eit nytt flakslodd som heiter reiseflaks. No skal eg skrapa!

Dei to siste dagane har eg vore vikar på Munkerud skule som ligg 12-15 minuttar frå meg. Eg har mellom anna joika for elevane. Eg kan ganske nøyaktig ein joik...


Dette er skapdørene på rommet mitt. "tetelestai" er eit hebraisk ord (trur eg?), som i norske biblar vert oversett med "det er fullbrakt" - Jesu siste ord på krossen. Men ordet er så mykje meir... I gamal tid var dette ordet som vart skriven på rekningar etter at dei var betalte, og same ordet vart stempla på attestar som sa at ei straff var ferdig sona. Den franske oversetjinga liknar på ordet "perfekt". Eg vart minna på ordet att i bibelgruppa gjennom boka me les der - "Mer lik Jesus", skriven av Rick Warren, mannen bak "Målrettet liv" og "Målrettet menighet". Det er heilt fullstendig ferdig, heilt over, alt er gjort ferdig, straffa er sona, synda er betalt!

tirsdag 13. januar 2009

...and a partridge in a pear tree!

Eller ein blåmeis/kjøtmeis i mitt tilfelle. Eg kan ikkje forskjellen på dei. Men ein fugl av ein av desse typane var inne på rommet mitt då eg vakna tirsdag i førre veke. Det var interessant... Eg går utifrå at den kom seg inn gjennom den opne ventilen min. Eg var litt redd, men eg klarte å få fuglen ut til slutt. Då fekk eg roa meg ned att.

Eg hadde ein fin jul. Den store slageren i familien dette året var songen "The Twelve Days of Christmas" og spelet Monopol, Norge. Aksel Johan har laga statistikk over vinnarane...

På Lambertseter pussar me opp. Den gule fargen på veggane og taket på badet har blitt kaffe latte, og eg har ommøblert rommet mitt.

Mia sparklar taket.
Mia malar veggen.

Mia tørkar opp malingen ho tømte på golvet.

Forresten, den ukjende pakken min var den mest fantastiske kalenderen i verda frå Signe.
Fyrste desember fekk eg dette grøne arket:
Utdrag frå kalenderen. Nokon av oppgåvene mine.