mandag 16. august 2010

Yrkjer du ikkje visste fanst

Det er altså mogleg å jobba med det utrulegaste. I siste utgåva av National Geographic Norge er det ein artikkel om romskrot (dvs gamle/"oppbrukte" satelittar o.l.), og så har det seg slik at NASA har ein eigen avdeling som tenkjer på romskrotet. Sjefen for den avdelinga heiter Nicholas Johnson.

Du har sikkert ikkje høyrt om Kessler-syndromet heller? Det er ein gong i framtida når alt romskrotet dannar kjedekollisjonar seg i mellom.

Det eldste romskrotet er Vanguard 1, som er ein satelitt frå 1958.

Og korleis har dei tenkt å verta kvitte romskrotet? Nei, det veit dei ikkje heilt ennå.

torsdag 12. august 2010

Prosessen

Fyrst skal deigen hevast stor og fin og luftig.
Så skal den kjevlast ut, smørjast med smør og få eit lag med kanel og sukker. Rull saman og skjer opp.

Så er det etterhevinga.

Så mykje skal dei hevast, helst. Over ein kum med varmt vatn i.

Og så skal dei helst steikjast litt mindre enn dette. Vips, kanelbollar!

Posted by Picasa