fredag 24. juni 2011

Det nærmar seg.

Dei siste vekene har eg gjort ein del ulike ting for siste gong. Bibelgruppe for siste gong, film med Jane for siste gong, Fridays med Tone for siste gong, Sprell Levende Gudstjeneste for siste gong...

I morgon skal eg grilla på terrassen her for siste gong, på laurdag kjem flyttebilen (les: mamma og pappa) og på sundag køyrer me til Karmøy. Så har eg flytta frå Oslo. Etter å ha vore her i tre år (minus sommaren). Like lenge som eg var i Bergen. Eg trur talet tre er magisk.

I august reiser eg til Spania. Der skal eg i utgangspunktet steikje vafler i Sjømannskyrkja i Torrevieja i eitt år. Ikkje tre. Trur eg.

Hjartans velkommen på besøk!

fredag 17. juni 2011

Dagens artige oppleving

Eg var innom Platekompaniet på Oslo City idag. Der spelte dei musikk. Ein sjanger eg med handa på hjartet kan seie at eg aldri har høyrt der før - og aldri trudde eg skulle høyre.


70-tals norsk kristenrock.

Tenk det! Eg høyrde fire eller fem låtar før eg var ferdig med handlerunden min. (Grunnen til at eg tillet meg sjølv å handla litt på Platekompaniet i dag er at eg har operert ut den siste av visdomstennene mine idag. Og då er det streng beskjed frå tannlækjaren om å eta is og sjå jentefilmar. Forrige gong anbefala han Sex and the City. Minst ein sesong før det er tillete å gjera anna. Eg likar tannlækjaren min!) Denne sjangeren har eit ganske tydeleg uttrykk. Det handla om at det er nåde hjå Jesus i dag, at du må verta frelst før det er for seint, og det siste eg høyrte var Den vesle Bibel tonesett. Alle som lytta med eit halvt øyre ville få med seg teksten, for å seie det slik - teksten er jo det vesentlege for banda som dreiv med dette, den evangeliske bodskapen skal kome fram.

Eg hadde ikkje høyrt nokon av songane før, så eg veit ikkje kven det var dei spelte. Men det var jo eit oppkomme av desse...

Eg er fascinert.

torsdag 2. juni 2011

kyrkjehistorie

Nå er det så lengje sidan eg har referert noko frå pensumlitteraturen min, så eg synst det er på tide att.


Desse sitata er alle henta frå same boka, Norsk kirkehistorie, med forfattarane Bernt T. Oftestad, Tarald Rasmussen og Jan Schumacher. Versjonen eg har er frå 1991. Alle er utdrag frå historia om innføringa av reformasjonen i Danmark-Noreg, og er skrivne av Rasmussen.

s. 89: "Likevel var det ikke tale om noen mobilisering for den gamle tro fra et samlet dansk episkopat: Biskopene var jo nå først og fremst adelsmenn, og mange av dem var uten en teologisk innsikt som kunne gi dem grunnlag for en åndelig offensiv mot den nye bevegelsen"

s. 123: "Ellers framheves det at man ikke skal la altergangen bli en vanesak, for det fører til at "Gud den Allermechtigste osz atskillige Siugdom oc Plager tilskicker"." (Sitatet i sitatet er frå "Forordning om Kirckens Embede oc Møndighed mod bodferdige, sampt om atskillige Geistlighetens Forhold" frå 1629)

s. 133: "Kanskje var nettopp disse preknene noe av bakgrunnen for Christian IVs forordning av 22.4.1645 ned forholdsregler "mod Soven i Kirkerne", der det ble bestemt at man skulle beordre noen utvalgte personer til å gå rundt i kirken med lange kjepper under gudstjenesten og slå dem som sov på hodet for å holde dem våkne. Men denne forordning ble neppe fulgt opp i noen særlig utstrekning."