onsdag 21. februar 2007

dagens ord deling

p4-nyhetene. Sånn tekst som rullar saaaakte over skjermen på bussane. Eit tog tok seg ein tur utanom banen i dag, og p4-nyhetene kunne i den anledning melda at: "Det er ikke kommet melding om at noen av de 130 om bord er skadd."

I desperate forsøk på å sleppa unna pedagogikkoppgåver har eg i dag surfa nettet og funne mange kongshaug-menneske ute i bloggeverda. Oppdateringar kjem.

Eg trur nok at eg er den einaste i verda som er hekta på minesveiper. Berre sånn apropos dårlege unnskuldingar.

Guds fred i natta!

torsdag 15. februar 2007

Sjå kor stor kjærleik Far har synt oss: Vi får kallast Guds born – ja, vi er det!

1.Joh. 3:1a

Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!
Matt. 7:11

Og så ser du på denne filmen.
Saksa frå Leiv Magnus sin blogg:
(Håpa d va greit?!?) "For de som ikke aner hvem dette er, så kan jeg si at det er Dick Hoyt og hans multihandikappede sønn Rick. Sistnevntes største drøm var å delta i "Iron Man". En knalltøff triathlon-konkurranse. Dick Hoyt har trent og jobbet knallhardt og ofret nesten alt for at sønnen skulle få sitt største ønske oppfylt. Rørende er hva det er."

onsdag 14. februar 2007

3 timar hjå frisøren

og mange pengar fattigare - drastiske ting har skjedd.


fredag 9. februar 2007

kaudervelsk

Eg har spelt alias idag. Det spelet har mange ord eg ikkje kjenner og mange trykkleifar. Interessant. Men det er kjekt og!

Beate er i Bergen! Enn så lenge...

Margot har laga seg blog!! Flottings!

Dagens bønn på cellegruppa: "Kjære Jesus, e ber for dem i gruppa som leite ette nån å dele live me. De e en del av dem." - Janne, ledar. Godt gift...

mandag 5. februar 2007

Molde

GospelSambandet har hatt øvingshelg i Molde. Stas! Me hadde base på Rauma Folkehøgskule, kor GS-medlem Are (tidlegare sportsreportar i TVNorge, og kjend som David Toska look-alike) er lærar. Der fekk me mat, der sov me (i klasserom - me fekk madrassar!) og der øvde me. Heile laurdagen! Det var kjekt å få ein heil dag med berre øving... Så på kvelden var fyrst årsmøte (det fyrste i historia til GS), der eg og Miriam vart valde inn i styret, og så var det tid for Beat for Beat som Tone og Ingunn hadde laga. Kjempetopp! Det vart uavgjort. Så vidt... Sundagen øvde me litt og hadde konsert i Bjørnsonhuset. Jepp - bra! Eg er no ein av solistane. Knas!!


Ingunn og Tone - Beat for Beat!

Odd Norvald - gitar, Geir Kristian - bass

Torbjørn - piano. Han var pianolæraren min eit halvt år på BiG...

Bernt - trommer.

Rolf

Gunnfrid og Jennie

Miriam - med koristar/danseberter Tone og Ingunn

Inger Marie

Bodil. Ho er døv på eitt øyre

Fienden - lag B.

Gunnfrid meiner at ho har eit talent som tå-teiknar.

Inger Marie, Jennie, Miriam og Gunnfrid øver inn røyrsler til songen "Ain't no mountain high enough"!

Jennie

Dirigent Else Jorunn Wergeland prøver å øva inn ein song på verdas suraste piano.

Ei helg med GS er elles mykje prega av godis. I alle variantar. Smågodt, sjokolade og chips i hovudsak. Og eindel vatn og FishermansFriend.


Eg likar ikkje SasBraathens lenger. Alt har alltid gått fint før, men det var før. På fredag hadde eg bestilt billett på eit fly som skulle gå 17.40. Så eg var på flyplassen nokre minuttar på 5. I innsjekkinga sto det: Ny avgang 17.25. Det reagerte eg ikkje på fyrst, utover at eg då kom til å venta lengre enn eg i utgangspunktet hadde tenkt. Men når eg sto i sikkerhetskontrollen gjekk det opp for meg at noko var feil. Eg sjekka boka mi, og jau, der sto det 17.40. Eg las kvitteringsmailen seinast dagen før eg reiste, så eg var sikker på at det var riktig. Eg sjekka skjermen... Fly til Oslo (det var billigast å reisa via Oslo til Molde) kl 17.05 hadde fått ny avgangstid 17.25! Altså skulle flyet mitt eigentleg gå når eg sto i sikkerhetskontrollen... Eg spurde dama i skranken, og ho fortalte meg at 17.40-flyet var kansellert og eg var flytta over til 17.05-flyet! Takk for at nokon gav meg beskjed... Dersom det flyet hadde vore i rute hadde eg ikkje nådd det. For ein gongs skuld var eg takksam for at det var forsenkingar! Men det var på fredag. På sundag var ikkje forsenkingar like morosamt lengre. Planen var at konserten skulle vera ferdig litt før 7, og då skulle eg og Bodil og dirigent Else Jorunn spurta til flybussen for flyet vårt skulle gå til Bergen kl 19.50. Men nei då. I innsjekkinga fann me ut at flyet var seint og ny avgang var berekna til kl 21.00. Så det var berre og setja seg ned, bestilla litt mat - og venta. Neste pulje kom ca 20.10, og skulle ta fly 20.50. Men, nei då. Ny avgang 21.40. Klokka 20.30 fekk me beskjed om at flyet som skulle frakta oss til Bergen ikkje hadde letta frå Trondheim ennå, men me skulle få høyra meir kl 21.00. Litt etter 21.00 fann me ut at me kom til å verta sitjande der ei stund alle saman. Oslo-fly-folka vart bedne om å gå gjennom sikkerhetskontrollen litt før 22, og der vart dei sitjande. Flyet deira kunne ikkje landa på den glatte rullebana med så mykje last, så det fauk til Kristiansund, frakta folket med buss, og skulle koma til Årø innan ein halv time. Enden på visa var at vårt fly kom 22.50 og Oslo-flyet 23.00 (var i alle fall den siste beskjeden me høyrde...)

Det anbefalast ikkje å sitja på Årø i 4 timar.