lørdag 18. august 2012
Non-stop-kjeks
onsdag 25. april 2012
søndag 22. april 2012
Spania - ep 3: Altea
![]() | |
Biltur med familien Aatlo |
På veg til torgplassen i gamlebyen i Altea, som er oppe på ei høgd. |
| ||
Om eg nokon gong vert så vaksen at eg eig eit hus, skal det huset ha ei slik dør. |
Ei av gatene i Altea. |
Eitt av dei mange utsiktspunkta på veg opp. Skinande kvite hus og eit nydeleg, blått Middelhav. |
Kyrkja, som ligg på toppen av høgda, kan sjåast langt vekke frå. Då ser ein det blåe taket. Torgplassen ligg framom, med restaurantar og kafear. |
Neema skodar utover byen. |
Til sist nytte me ein is på stranda, og Neema leika apekatt :) |
onsdag 28. mars 2012
Spania ep 2: Elche
Ei tørrlagt elv går gjennom Elche |
Palmebyen Elche |
"Videohuset" i den kommunale parken - her vart det synt ein informasjonsvideo om byen |
Ei palme med ... palmefrukt?!? |
Ein tur med turist-tog rundt i parken måtte til |
Fargerike blomar! |
Stilig konstruksjon på ein restaurant |
onsdag 1. februar 2012
Hva koster det?
Ungdommar er rare dyr. Eg likar det. På ungdomsklubben i dag har vaksenleiarane stort sett fått tida til å gå med å le ut dei stakkars tenåringane. Gullkorna er verdt å dela!
Eg veit ikkje kor lenge, men i alle fall frå lenge før mi tid har ungdomsklubben køyrd eit enkelt priskonsept i kiosken. Me sel vafler, pizza og drikke, og alt kostar 50 cent. Enkelt! Eller...? Kvar einaste onsdag kjem desse rare skapningane inn på kjøkenet og spør kva prisen er for ein vaffel. Så i dag var målet vårt å unngå spørsmålet.
Døme 1: Me snakka med J og D som er vidaregåandeelevar om utfordringa, og dei var einige med oss om at det var rart.
K stod ved sidan av: - Ka kosta de for ein jus?
TI - Ka trur du?
K - De væt i isje.
TI - Gjett då.
K - Nei, i hasje peiling...
Stakkar... Ho vart ledd ut.
Døme 2: DM brukte whiteboarden til folkeopplysning som synt på illustrasjonen.
T kjem inn og les på tavla: - Koster pizza femti cent?
Me lo.
Faktisk virka det - tenåringane er kan hende endå reddare for å verta ledd av enn å vera usikker på ein pris?
Ein annan ting er at desse vesena er flokkdyr.
Døme 1: M og R kjem inn på kjøkenet. M kjøper pizza og brus. R får spørsmålet om kva vi kan stå han til teneste med.
R - Nei, jeg bare følger etter han, jeg.
Døme 2: Om lag eit kvarter etter at me opna i dag, stod alle inne på kjøkenet for å handla (dette var før tavla hadde vorte teken i bruk, så alle spurte etter tur kva det kosta). Då alle hadde fått kjøpt (50 cent) det dei ville ha av pizza, vaflar og drikke (50 cent, ja), forsvann dei brått... Då var det komen melding om at "alle" hang nede på pex (pizza ekspressen), så då gjekk dei dit, og kom attende rundt ein halvtime seinare.
Ja, og så fekk me to døme på at cola er ein samlebetegnelse for brus.
A - Kan eg kjøpe ein cola?
TI - Værsågod. Pengeskrinet står der og colaen står på bordet.
A - Ok, takk. *Legg 50 cent i skrinet og tek ein Fanta Naranja...*
DM freista forklara/forsvara: Det er jo selvfølgelig fordi de vet at også Fanta er produsert av CocaCola Company!
TI - Trur du verkliggen atte di vett de?
DM - Nei, strengt tatt ikke...
mandag 23. januar 2012
Spania - ep. 1: El Molino
onsdag 4. januar 2012
På veg heim
Dette landet, Spania, forlet eg for ei stund. No skal eg heim til ho mor og eta pinnekjøt og Dronning Maud-pudding. Det blir bra!
Før eg kjem så langt ventar nokre timar på Gardermoen med kaffi mocca og NGM og heklenål. Det kan og vera fint!
Underhaldninga på flyturen er Langbein.
Det er jordskjelv i flyet, men det skal gå over etter Nederland, seier dei.
(For den som måtte lura: Ja, eg bloggar frå flyet. Kult?)
onsdag 28. desember 2011
onsdag 9. november 2011
Utfordra!
Så då kan eg jo fortelja litt om kva det går i om dagane?
Eg fører statistikk for stasjonen og lagar plakatar for alle arrangementa våre. Keisamt. Men nokon må gjera det. Og me har fått oss Facebookside; endeleg har eg ei go grunngjeving for å tilbringa arbeidstimar på Facebook!
Elles går det stort sett i barne- og ungdomsarbeid; foreldre og barn, Åpen Skole, Ungdomsklubb, Familiedag, Hang Out, familiegudstenester og konfirmantundervising.
Så er det graut og middag og Blink-lotteri og korøving og konsertar og tilstelningar.
Her er bilete frå litt forskjellig :)
Ungdomsklubben, som me driv i samarbeid med den norske skulen reiser av og til for å klatra i fjell:
I slutten av september var me på konfirmantleir i Denia. Femten (fjorten for anledningen) konfirmantar frå Torrevieja, i tillegg til konfirmantar frå Sjømannskyrkjene i Albir/Vilajoyosa og El Campanario. Me var maaange!
Femte oktober var det vaffelaksjon/hjertevarme - me delte ut vaflar på Åpen Skole!
I forrige veke var ungdomsklubben på tur att, denne gongen til ishallen i Elche: