Viser innlegg med etiketten Oslo. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Oslo. Vis alle innlegg

lørdag 4. august 2012

Fin middag i stova

Me har så vidt byrja å då ting i orden hjå oss, i alle fall nok til at Lise kunne laga chicken korma til middag. Det var godt. :)

fredag 24. juni 2011

Det nærmar seg.

Dei siste vekene har eg gjort ein del ulike ting for siste gong. Bibelgruppe for siste gong, film med Jane for siste gong, Fridays med Tone for siste gong, Sprell Levende Gudstjeneste for siste gong...

I morgon skal eg grilla på terrassen her for siste gong, på laurdag kjem flyttebilen (les: mamma og pappa) og på sundag køyrer me til Karmøy. Så har eg flytta frå Oslo. Etter å ha vore her i tre år (minus sommaren). Like lenge som eg var i Bergen. Eg trur talet tre er magisk.

I august reiser eg til Spania. Der skal eg i utgangspunktet steikje vafler i Sjømannskyrkja i Torrevieja i eitt år. Ikkje tre. Trur eg.

Hjartans velkommen på besøk!

fredag 17. juni 2011

Dagens artige oppleving

Eg var innom Platekompaniet på Oslo City idag. Der spelte dei musikk. Ein sjanger eg med handa på hjartet kan seie at eg aldri har høyrt der før - og aldri trudde eg skulle høyre.


70-tals norsk kristenrock.

Tenk det! Eg høyrde fire eller fem låtar før eg var ferdig med handlerunden min. (Grunnen til at eg tillet meg sjølv å handla litt på Platekompaniet i dag er at eg har operert ut den siste av visdomstennene mine idag. Og då er det streng beskjed frå tannlækjaren om å eta is og sjå jentefilmar. Forrige gong anbefala han Sex and the City. Minst ein sesong før det er tillete å gjera anna. Eg likar tannlækjaren min!) Denne sjangeren har eit ganske tydeleg uttrykk. Det handla om at det er nåde hjå Jesus i dag, at du må verta frelst før det er for seint, og det siste eg høyrte var Den vesle Bibel tonesett. Alle som lytta med eit halvt øyre ville få med seg teksten, for å seie det slik - teksten er jo det vesentlege for banda som dreiv med dette, den evangeliske bodskapen skal kome fram.

Eg hadde ikkje høyrt nokon av songane før, så eg veit ikkje kven det var dei spelte. Men det var jo eit oppkomme av desse...

Eg er fascinert.

mandag 2. mai 2011

Eit mysterium!

Eg og Jane er veldig flinke, og trener på Elixia. Sånn ofte, liksom. 3 gonger på 5 dagar. Det kan me vera nøgde med!

På Elixia har dei ofte "25 på 90"-kampanjar; det vil seie: tren 25 gonger på 90 dagar, så får du ein premie. Kampanjen dei køyrer denne gongen støttar i tillegg ein god sak: For kvar gong me trener, gjev Elixia 1kr til "Pusterom" - treningsrom for kreftpasientar på Oslo Universitetssjukehus. Så om me ikkje klarer 25 på 90 så er det liksom bra, likevel. Me starta ein månad for seint då, så me må klara 25 på 60...

Anyways.

For å registrera alt dette her, så heng det plakatar rundetetter veggene på treningssenteret, der kvar enkelt skriv opp namnet sitt, og får eit klistremerke som ein limer på for kvar trening. (Litt som med fiskar/stjerner/fotspor i sundagsskuleregistreringskortet, ja)

Alt dette var innleiinga.
No kjem mysteriet.

I dag då eg kom til Elixia så var det teikna eit smil ved sida av namnet mitt på lista!!!

Fyrst tenkte eg at det var Jane som hadde gjort det forrige gong me var der. Ho kom litt etter meg i dag. Men då ho kom, lurte ho på kvifor eg hadde teikna krusedullar ved namnet mitt - det var ikkje ho!!

Så... kven? Eg såg fleire eg kjenner der i dag; Live, Ida, Mette og Trond-Erik - var det nokon av dei? Eller kan det ha vore Stine? Eller nokon heilt andre?

Kven er den mystiske smilteiknaren?!?

Løysingsforslag vert mottekne med takk.

torsdag 9. desember 2010

novemberdag

Jada, det er desember no, men dette var utsikta frå terrassen vår ein føremiddag i november. Og det ville eg dela i dag!
Ha ein flott torsdag!
Posted by Picasa

mandag 8. november 2010

Måltidet

Eg trudde eg var i siste nattverdsringen.


Men etter at presten hadde sagt "Fred være med dere", og eg reiste meg og snudde meg for å gå ned att til plassen min, møtte eg eit fantastisk syn.

Søndagsskulen hadde kome opp frå kjellaren. Og der stod dei, ungane, pluss nokre foreldre, og venta på at det var deira tur til å gå fram til altaret for å ta del i Herrens nattverd. Det var heilt utruleg nydeleg å sjå denne gjengen dekkja altarringen.

Takk, gode Gud, for alle dine velsigningar.

lørdag 22. august 2009

Eg har ein ven på bussen.

Sjølvaste sjåføren, faktisk. Kvar dag kl fem på åtte når eg går ombord i bussen sit han der og smiler og seier "Go mårn, go mårn!". Og når Ingvild kjem på nokre holdeplassar seinare gjentek det same seg til ho. Så blir det ein koseleg busstur til jobb, før han vinkar ha det bra når me går av bussen.

Ingvild tykkjer det er leit at ho snart må byrje å ta ein annan buss, av di ho må levera dottera hjå dagmamma før ho reiser på jobb. Og eg som eigentleg hadde store planer om å sykla til jobb etterkvart lurer på om eg berre må fortsetja med å ta bussen...

Torsdagar startar eg undervisinga kl åtte, og må difor ta ein tidlegare buss. Igår då eg kom på åtte-bussen att, lurte venen vår på om eg hadde skulka på torsdag?

Det er fint å møta eit smilande anlet om morgonen.

Dagens oppmoding: Smil til dei du møter på din veg!

fredag 14. august 2009

Valkamp

Eg stiller til val til Menighetsrådet i Lambertseter no frå hausten. Og eg har kjempelyst til å bli med! 6 stk skal inn som faste medlemmer, og eg står som nr 6 på lista... Og sidan eg flytte til Lambertseter i oktober i fjor, altså for mindre enn eit år sidan, og ikkje vart aktivt med i kyrkjelydsarbeid før etter jul, så er det jo ikkje så skrekkeleg mange som kjenner meg endå, medan dei kanskje kjenner mange som står under meg på lista, så dermed er det ikkje sikkert eg får fast plass på grunn av kummuleringar (er det det det heiter) (hihi, der fekk eg til den fine tingen som er så vanskeleg for folk med rikare språk enn norsk å forstå..!), så eg driv valkamp!

Ein del av kollegene mine på Mortensrud bur på Lambertseter, og kan såleis stemma på meg (og Ingvild, sjølvsagt!) ved kyrkjevalet. Strålande! Kanskje vinn eg heile valet?

mandag 10. august 2009

Hei!

Eg har hatt sommarferie. Men no er den over. Så her har du meg att!

I dag har eg vore på infomøte for nyansatte lærarar på Mortensrud Skole. Det er altså min arbeidsplass det komande året. I morgon er fyrste planleggingsdag.

Og så har eg oppdatert meg på nokre bloggar. Men det er fleire eg ikkje har vore innom endå... Ta det med ro, eg kjem snart!

Sykkelen min er levert inn på verkstad til ein sjekk og elixia-kortet skal snart aktiviserast att. Med andre ord, eg skal bli sprek!

Vil du koma på besøk? Eg har tusen eple i hagen!

søndag 10. mai 2009

Dagens tips:

Ha alltid paraply, solbriller og panneband i veska. Du får dagleg bruk for minst to av dei.

I alle fall slik det har vore her dei siste dagane... Eg har alltid fått forespeila at medan årstidene vekslar fleire gonger til dagen på vestlandet, held dei seg stabile på austlandet i dagar og veker. Men nei, dei siste dagane har det vore strålande sol, torevêr, sterk vind (sidan eg ikkje er så god på kva som er sterkast og svakast av vindtypane held eg meg til det relativt dekkjande omgrepet "vind") og regn i byttevis. Altså, alt dette i løpet av ein dag. Fleire dagar på rad.

Elles hugsa eg til slutt å melde meg som medlem i teflonhjerneforeningen.

tirsdag 14. april 2009

Då var påska over

og eg er attende i Oslo by. I staden for å ta nattoget frå Stavanger til Oslo natt til i dag, køyrde eg meg med Lise over fjellet, sidan ho hadde kjøpt seg ny bil. På grunn av at det var veldig lite trafikk over fjellet rakk eg Påskejazz Gudstenesta i Lambertseter Kyrkje og. Det var ei bra greie! Og vår klokkar med tilleggsfunksjonar hadde teke i bruk litt av desse tilleggsfunksjonane og sikra ein tilhengjar full med påskegule blomar som alle fekk ta med seg heim litt av etter kyrkjekaffien. Så no har eg to små og ein stor ildtopp pluss ei potteplante til som eg ikkje veit kva er. Om ei stund skal eg ta bilete av dei. Eg hadde kameraet med meg heim i påska... Men det låg i ranselen heilt til i dag tidleg då eg pakka ut. Sånn kan det gjekk.

søndag 2. november 2008

Når nåtiden og evigheten er en og samme ting

Idag var eg for fyrste gong på gudsteneste i mi lokale statskyrkje; Lambertseter kirke. Det var ei fin gudsteneste! Soknepresten tala om helgenane i det nye Jerusalem, og om korleis liturgien og gudstenesta er meir enn ei innpakking av preika, men ein stad der me kan sjå Gud.

Etterpå var det kyrkjekaffi med kaker og vannbakkels, og eg helste på ein heil haug med koselege menneske som fekk meg til å kjenna meg som heime med ein gong!

Eg vendte attende til nynorskverda med denne bloggposten, men engelsken fortset på min nyoppretta blogg: spøt. Her kjem, som den kjappe kanskje allereie har resonnert seg fram til, alle mine handarbeidsrelaterte greier til å verta posta frå no av. Velkomen innom!

onsdag 27. august 2008

Hello!

I've been thinking. This year I'm doing English at the University College of Oslo. My thinking is this: The more I use this language, the better I'll be at it. So, I've decided to write all my blogposts in English for the year coming. Wasn't that a great idea if I ever had one?!?

Yesterday I bought myself the Oxford Advanced Learners Dictionary. I've been wanting it for years and years, and now, all of a sudden, I had a perfectly good reason to get it: I need it for school! Isn't that just great? I sure think so.

So far, Oslo has been OK. Haven't had too much to do, but I guess that will change relatively soon, as my first written assignment is due in two weeks. It's nothing big, just three pages. I'll get that done in a flash!

I bought a lovely yarn for the August hat in the KAL. It's a silk and alpacca mix, called Chiri. Really soft... And it's in a cold blueish colour. I'll have the hat done in a few days I hope. I better. Or else I'm out of the competition. I actually think I'm gonna make a go for it right now! I'll just show you a quick picture of the progress so far first: