fredag 24. juni 2011
Det nærmar seg.
mandag 3. januar 2011
Lesing
torsdag 25. november 2010
Talmagi
onsdag 17. november 2010
Rykter...
onsdag 10. november 2010
Pensumlitteratur og kyrkja
Ein av mange fordelar ved å studera ved Det teologiske menighetsfakultet er innhaldet i pensumbøkene. No, medan eg sit på lesesalen og les pensum fram mot eksamen (fyrste og sjuande desember, for den som måtte vera interessert, (les: mamma)) dukkar det opp mange gode avsnitt. Idag les eg "Fortolkning til Matteusevangeliet" av Hans Kvalbein, NT-professor ved MF, og her er ein del av oppsummeringa av avsnittet om Peters vedkjenning (Matt.16:13-20):
mandag 8. november 2010
Måltidet
Eg trudde eg var i siste nattverdsringen.
onsdag 6. oktober 2010
onsdag 8. september 2010
Nerden
Ja, eg er nerd og eg er stolt av det!
lørdag 22. august 2009
Eg har ein ven på bussen.
Ingvild tykkjer det er leit at ho snart må byrje å ta ein annan buss, av di ho må levera dottera hjå dagmamma før ho reiser på jobb. Og eg som eigentleg hadde store planer om å sykla til jobb etterkvart lurer på om eg berre må fortsetja med å ta bussen...
Torsdagar startar eg undervisinga kl åtte, og må difor ta ein tidlegare buss. Igår då eg kom på åtte-bussen att, lurte venen vår på om eg hadde skulka på torsdag?
Det er fint å møta eit smilande anlet om morgonen.
Dagens oppmoding: Smil til dei du møter på din veg!
fredag 14. august 2009
Valkamp
Ein del av kollegene mine på Mortensrud bur på Lambertseter, og kan såleis stemma på meg (og Ingvild, sjølvsagt!) ved kyrkjevalet. Strålande! Kanskje vinn eg heile valet?
onsdag 12. august 2009
Great minds think alike
I etterkant av SommerOase i Skien har det vore fleire innlegg og replikkar i den kristne dagsavisa Vårt Land med fokus på den profetiske forkynninga som gjekk føre seg på møter under stemnet. Eg var der ikkje sjølv, men har høyrt frå andre deltakarar. Fleire gonger har eg undra meg over at nokon av innlegga forsvarar dette slaget framtidsretta profetiar og at ingen som har kritisert den har rett fokus mot kva slag profetiar det er tale om. Den profetiske nådegåva som mellom anna Paulus tek opp i brevlitteraturen i Det nye testamentet har nemleg ikkje mykje å gjera med det å sjå framtida. Denne særskilde nådegåva har heller fokus på å styrkja kyrkjelyda, kanskje særleg gjennom oppmuntring og trøyst. I alle fall har det vore slik i den bibelundervisinga eg har fått høyra opp igjennom.
I Vårt Land i går (11.08) kommenterte Edin Løvås, ein stor lærar og rettledar, dette i ein replikk.
lørdag 13. juni 2009
film og kaffi
Kaare og Leiv Magnus er to av favorittmenneska mine. Dei er og mine to store hatobjekter. For de som kjenner meg så veit de at eg har inga evne til noko som eingong liknar hat, så det er inga fare. Likevel, desse to står øverst på lista. Den imaginære, vel å merka. Når eg tenkjer meg om så er det vel kanskje ingen andre på den lista.
Grunnen til listeplasseringa? Kaare og Leiv Magnus har gjort meg lettlurt. Eg veit ikkje korleis dei har gjort det, for då kunne eg jo sikkert ha reversert det, men det har dei altså klart. Dei kokar stadig ihop eitt eller anna for å lura meg opp i stry.
Og det klarar dei. Med glans. Kvar gong. Det er det som er så frustrerande. Eg kjenner at eg vert sint innvendig. Men så er det det at eg kan ikkje det å vera sint heller. Eg får det berre ikkje til, oavsett kor hardt eg prøver. Det beste eg klarte i dag var å kasta ein samanklemt gork på dei.
Eg traff.
søndag 10. mai 2009
Dagens tips:
Ha alltid paraply, solbriller og panneband i veska. Du får dagleg bruk for minst to av dei.
I alle fall slik det har vore her dei siste dagane... Eg har alltid fått forespeila at medan årstidene vekslar fleire gonger til dagen på vestlandet, held dei seg stabile på austlandet i dagar og veker. Men nei, dei siste dagane har det vore strålande sol, torevêr, sterk vind (sidan eg ikkje er så god på kva som er sterkast og svakast av vindtypane held eg meg til det relativt dekkjande omgrepet "vind") og regn i byttevis. Altså, alt dette i løpet av ein dag. Fleire dagar på rad.
Elles hugsa eg til slutt å melde meg som medlem i teflonhjerneforeningen.
tirsdag 24. februar 2009
Feitetirsdag
I dag er det feitetirsdag, og leverposteiboksen vart tømt.
I morgon er det askeonsdag, og starten på fastetida. Den varer fram til påske, det skal verta om lag 40 dagar på ein eller annan måte.
I 2009 e.Kr. fastar eg frå kjøt, unaudsynleg pengebruk og fjesbok. Men, som me snakka om på bibelgruppa (som moglegvis har fått namnet Fokus) på måndag; det viktige er ikkje kva ein fastar frå, men kva du fyller inn i staden for. Planen min er at dess mindre pengar eg nyttar på meg sjølv til ting eg strengt tatt ikkje treng, som iskaffi, kino eller nye cd-ar, dess meir penger kan eg gje til gode formål som kan fremja Guds rike på jord, som til dømes kyrkjelyden min. Fjesboka fastar eg frå av di den tek opp store delar av tida mi - den tida kan nyttast til å verta betre kjend med Gud. Dette med kjøt har eg eigentleg ikkje nokon god grunn for, det er meir av di det er tradisjonelt. Det kan vel vera lov det og?
Fastetida er ei førebuingstid som leier fram mot den store kristne høgtida påsken. Difor er og den liturgiske fargen i kyrkja i denne perioden lilla. Som i advent.
Eg vil og oppfordra deg: Korleis vil du bruka fasten?
fredag 20. februar 2009
Nokon gonger blir eg litt sint.
fredag 13. februar 2009
Det er litt fint og...
Forrige fredag var eg vikar på Lambertseter Skole, i ei gruppe på tredje trinn. Lettare forvirra går eg ut i skulegarden med ein svær kasse full av Early Start-effekter klokka kvart over 8, for det er då skuledagen byrjar her, får peikt ut elevane som er mine for dagen av ei anna lærar på trinnet, dei er i ferd med å stille seg opp på rekkje. Ungane fremst forstår kjapt at det er eg som skal vera saman med dei idag, og spør kva me skal gjera i fyrste time, kor me skal vera, når me skal lesa brev og om nokon kan få lov til å lesa gåter i matpausen. Desse små skuleelevane har ikkje fått på plass dei sosiale hemningane som pregar folk i samfunnet endå. Dei kjem nok etterkvart, men førebels vert dei bestevener med einkvar som møter dei med eit smil.
Sjølv må eg berre late som om ikkje eg heller har slike hemningar. Det er litt fint.
fredag 30. januar 2009
Dei to siste dagane har eg vore vikar på Munkerud skule som ligg 12-15 minuttar frå meg. Eg har mellom anna joika for elevane. Eg kan ganske nøyaktig ein joik...
Dette er skapdørene på rommet mitt. "tetelestai" er eit hebraisk ord (trur eg?), som i norske biblar vert oversett med "det er fullbrakt" - Jesu siste ord på krossen. Men ordet er så mykje meir... I gamal tid var dette ordet som vart skriven på rekningar etter at dei var betalte, og same ordet vart stempla på attestar som sa at ei straff var ferdig sona. Den franske oversetjinga liknar på ordet "perfekt". Eg vart minna på ordet att i bibelgruppa gjennom boka me les der - "Mer lik Jesus", skriven av Rick Warren, mannen bak "Målrettet liv" og "Målrettet menighet". Det er heilt fullstendig ferdig, heilt over, alt er gjort ferdig, straffa er sona, synda er betalt!
fredag 12. desember 2008
reklame
Stem på Pony the Pirate som Årets Urørt!
Meld deg inn på gratisklær og få gavekort om du tener nok poeng!
Les artiklar om tro og fornuft!
onsdag 26. november 2008
Janteloven har nådd Tyskland
Igår tok nokon i huset med seg eit stykk Aftenposten frå t-bana heim. Der kunne eg til frukosten idag (havregraut med bringebær/eple-syltety) lesa om ein tyskar som var så sint på Petter Northug. Årsaka? Northug er glad når han vinn! Og seier ting som syner at han veit han er flink. Det er dårleg sportsand det, meiner Axel Teichmann. "Ofte sier han tøvete saker", siterar Aftenposten. Som til dømes:
- Hvem er kongen? (23. nov. 2008)
- Jeg gikk bare og koste meg, det kostet ikke en kalori. Jeg kunne ha hengt på feltet i tre mil uten staver. (24. feb. 2007)
- Om jeg er uslåelig? Jeg må iallfall ha en dårlig dag dersom noen skal slå meg. (4. mars 2004)
- Jeg er glad jeg satte på plass Angerer. Jeg er sjefen på oppløpet, det skulle jeg vise idag. (18. des. 2006)
søndag 2. november 2008
Når nåtiden og evigheten er en og samme ting
Idag var eg for fyrste gong på gudsteneste i mi lokale statskyrkje; Lambertseter kirke. Det var ei fin gudsteneste! Soknepresten tala om helgenane i det nye Jerusalem, og om korleis liturgien og gudstenesta er meir enn ei innpakking av preika, men ein stad der me kan sjå Gud.
Etterpå var det kyrkjekaffi med kaker og vannbakkels, og eg helste på ein heil haug med koselege menneske som fekk meg til å kjenna meg som heime med ein gong!
Eg vendte attende til nynorskverda med denne bloggposten, men engelsken fortset på min nyoppretta blogg: spøt. Her kjem, som den kjappe kanskje allereie har resonnert seg fram til, alle mine handarbeidsrelaterte greier til å verta posta frå no av. Velkomen innom!