Viser innlegg med etiketten tur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tur. Vis alle innlegg

søndag 22. april 2012

Spania - ep 3: Altea


I Oslo-skulen sin haustferie tok familien Aatlo turen til Torrevieja. Det var glade dagar med gode gjester - som til og med hadde middagen klar på bordet då eg kom heim frå jobb! Tenkja seg til...!

Eg tenkte det var lurt å sjå litt meir av Spania enn berre Torrevieja, så då tok me ein dagstur til Altea; ein nydeleg, liten by like nord for Alicante.
Biltur med familien Aatlo

På veg til torgplassen i gamlebyen i Altea, som er oppe på ei høgd.




Neema utforskar Altea, og lærer seg å lesa kart.
Om eg nokon gong vert så vaksen at eg eig eit hus, skal det huset ha ei slik dør.

Ei av gatene i Altea.
Eitt av dei mange utsiktspunkta på veg opp. Skinande kvite hus og eit nydeleg, blått Middelhav.
Kyrkja, som ligg på toppen av høgda, kan sjåast langt vekke frå. Då ser ein det blåe taket. Torgplassen ligg framom, med restaurantar og kafear.
Neema skodar utover byen.


Til sist nytte me ein is på stranda, og Neema leika apekatt :)

onsdag 28. mars 2012

Spania ep 2: Elche

I september fekk eg besøk frå Noreg fyrste gongen. Då var det Jane som tok turen. :)
Medan ho var her hadde me ein liten dagstur til Elche.
Ei tørrlagt elv går gjennom Elche
Elche er, i motsetnad til mellom anna Benijofar og Torrevieja, ein spansk by, med tanke på innbyggjarane. Der mange av byane på Costa Blanca har ei samansetjing av innbyggjarar der mindre enn 50% er spanjolar, så er nær 100% av byen Elche spanjolar.
Elche står på UNESCO si verdsarvliste med palmane sine. Mellom anna er det ein palmepark i byen, men sjølv utanfor den legg ein raskt merke til at her er det mykje palmer.
Palmebyen Elche
Elles er Elche prega av arabisk og muslimsk påverknad, noko som kjem tydelegast til uttrykk i arkitekturen. I den kommunale parken, som og er eit slags turistsentrum, ser ein fleire bygnader liknande denne. Turistkontoret som ligg rett på utsida av parken har tydeleg arabisk arkitektur.
"Videohuset" i den kommunale parken - her vart det synt ein informasjonsvideo om byen
Og her er litt fleire bilete frå turen :)
Ei kyrkje like ved parkeringshuset 

Ei palme med ... palmefrukt?!?
Ein tur med turist-tog rundt i parken måtte til
Fargerike blomar!
Stilig konstruksjon på ein restaurant


mandag 23. januar 2012

Spania - ep. 1: El Molino

No er det vel sikkert på høg tid med ei ny bloggoppdatering. Så no startar eg ein ny serie om stader eg har besøkt i Spania. Eg har altså vore litt rundtomkring i området om ikkje så enormt mykje.

I august (jada, dette går waaay back!) plar staben her med påheng av diverse slag å reisa ei helg til ei nedlagt mølle omgjort til hotell: El Molino (=mølla). Denne mølla ligg laaangt utanfor allfarvei. Etter at me hadde tatt av frå motorvegen og ennå ein veg (og surra fram og tilbake gjennom ein litan by, feil) så var det å køyra langt ut i øydemarka. Men då me endeleg kom fram, så var det jo fint der! Mellom all strategitenking og programplanlegging var det litt fritid, så eg fekk tatt nokre bilete. Og her er eit utval!

Litt idyll...

Litt dyr...

Og litt menneske. Øvst frå venstre: Dag Magnus, kapellan, Rosario, diakonimedarbeidar. Nedst frå venstre: Susanne, svensk, sekretær for Iglesia de Noruega en Espana, Margrethe, eldste kapellandotter, Pål, vaktmester, Trine, organist og Anna Helene, yngste kapellandotter.

Neste stad/episode i denne serien vert Elche.

onsdag 4. januar 2012

På veg heim

Dette landet, Spania, forlet eg for ei stund. No skal eg heim til ho mor og eta pinnekjøt og Dronning Maud-pudding. Det blir bra!

Før eg kjem så langt ventar nokre timar på Gardermoen med kaffi mocca og NGM og heklenål. Det kan og vera fint!

Underhaldninga på flyturen er Langbein.

Det er jordskjelv i flyet, men det skal gå over etter Nederland, seier dei.

(For den som måtte lura: Ja, eg bloggar frå flyet. Kult?)

onsdag 9. november 2011

Utfordra!

Ho systera mi som driv og sjukepleiar i Afrika, ho synst eg var for dårleg til å oppdatera bloggen min. Eg tek utfordringa og gjer noko med det sporenstreks!

Så då kan eg jo fortelja litt om kva det går i om dagane?

Eg fører statistikk for stasjonen og lagar plakatar for alle arrangementa våre. Keisamt. Men nokon må gjera det. Og me har fått oss Facebookside; endeleg har eg ei go grunngjeving for å tilbringa arbeidstimar på Facebook!

Elles går det stort sett i barne- og ungdomsarbeid; foreldre og barn, Åpen Skole, Ungdomsklubb, Familiedag, Hang Out, familiegudstenester og konfirmantundervising.

Så er det graut og middag og Blink-lotteri og korøving og konsertar og tilstelningar.

Her er bilete frå litt forskjellig :)

Ungdomsklubben, som me driv i samarbeid med den norske skulen reiser av og til for å klatra i fjell:
Her er to klatrarar og ein gjeng med kikarar ;)

Slik skal knuten knytast. Visste du det?

Vaffelpause etter at alle hadde fått ein tur kvar opp i tauet :)

I slutten av september var me på konfirmantleir i Denia. Femten (fjorten for anledningen) konfirmantar frå Torrevieja, i tillegg til konfirmantar frå Sjømannskyrkjene i Albir/Vilajoyosa og El Campanario. Me var maaange!

Her er alle konfirmantane. Men dei fleste veit ikkje at eg har byrja å ta bilete. Haha!

Alle har fått WWJD-armband!

Og denne gjengen høyrer altså til oss i Torrevieja! Herleg gjeng!

Femte oktober var det vaffelaksjon/hjertevarme - me delte ut vaflar på Åpen Skole!

Alle fekk teikna eit raudt hjarte på handa :)

I forrige veke var ungdomsklubben på tur att, denne gongen til ishallen i Elche:

Tenåringssykja: ein må klumpa seg saman!

Og sjølvsagt: Vafler til alle som ein!

tirsdag 6. september 2011

Tøffe toget!

Frå London reiste eg tirsdag morgon med lyn-toget (maks.fart: 300 km/t), også kalt EuroStar, frå St.Pancras internasjonale togstasjon som låg ca 10 minutts gange frå overnattinga vår, til Lille i Frankrike. Her vandra eg rundt i litt over to timar, og tok desse bileta:

Øvst til venstre: Chambre de Commerce & d'Industrie de Lille (som betyr noko som handels- og industridepartementet), nedanfor: Saint-Maurice-kyrkja. Midt i: Ein figur på ein påle midt på torgplassen. Til høgre: Julegata og Operaen.

Så gjekk det omsider eit tog vidare. Dette er noko av det eg såg frå vindaugsplassen min i TGV-toget frå Lille i nord til Avignon i sør:

Med meg på togturen:

Shantaram (Gregory David Roberts), eit hekla babypledd og appelsinjus.

Og tirsdag ettermiddag ankom eg Avignon. Pavehovudstad frå Mellomaldaren - den gongen det var både to og tre pavar samstundes. Dette er ein liten by omkransa av ein bymur. Fin stad å vandra rundt i. Går ein seg vill er det berre å fortsetja rett fram til ein når muren, og så er det berre å fylgja den til ein finn kor ein skal. Kjempegreit for slike som meg som har mangel på retningssans og innebygd kompass!


Dei to bileta øvst til venstre syner deler av bymuren. Under dei er torgplassen framom pavepalasset, og nedst til venstre er framsida av pavepalasset med katedralen Notre-Dame des Doms til venstre. I den midtre kolonna er øvst katedralen, og nedst ei fontene i slottsparken. Heilt til høgre eit fascinerande syn som fanst på fleire fasadar rundt i byen; påmåla menneske og situasjonar i vindauge! Nedst til høgre er plassen framom pavepalasset frå motsett ende, og eit trangt smaug.

Eg overnatta i Avignon på eit hostell og køyrde tog over grensa til Spania i løpet av onsdagen. Her er noko av det eg fekk tatt bilete av i Barcelona før det vart for mykje kulde og regn:



Øvst i midten er det utsikt over Barcelona frå framanfor det bygget som du kan skimta nedst til høgre. Det var noko slags kunstskule, trur eg. Den låg på ei høgd, og ved sidan av alle trappene opp dit var det rulletrapper. Det var og ein slags park på toppen av høgda, på begge sider av bygget, med ei mengd turistbussar på parkeringsplassen og mykje av det andre på bileta her. Øvst til høgre er ei magisk fontene, og nedanfor den er eit kunstverk i ei rundkøyring. Det blå i det andre biletet frå høgre, nedst, er ein kunstig foss. ;)

Torsdag morgon reiste eg siste stykkjet på vegen, og kom fram til Alicante togstasjon, kor eg vart henta av Cathrine, Margrethe og Anna. Dei køyrde meg til HUSET (!) mitt, som er i Benijofar, og viste meg rundt i det, sidan dei hadde budd der tidlegare. Så fekk eg ei omvising på den nye arbeidsplassen min, Sjømannskyrkja i Torrevieja, som ligg i La Sieste, før eg vart teken med på nederlandsk restaurant i Quesada.

I neste episode kjem bilete frå huset mitt.

onsdag 31. august 2011

London, baby!

Reisa mi til sydlegare strøk byrja med nokre dagar i London saman med to av dei beste jentene. Dei klaga over at eg tok bilete av uvesentlege ting, som store, fascinerande tre og konteinerar med zebra-mønster. Så eg måtte motprova det med å ta bilete av dei to framom "Number One"...
Den fine lommeboksaken som ligg på bordet fekk Margot av meg til åremålsdagen sin i mai. Eg likar den så godt! Det er mest så eg angrar på at eg gav den frå meg...
Me fann ein pub som selde fish-and-chips. Det var det einaste kravet mitt. Bonusen var at dei hadde orgelpiper midt på veggen!
Etter middag hadde me lyst på ein tur i London Eye. Men me var for seine. Me kom ein halvtime etter at dei hadde stengt for kvelden.
På vegen attende til studentbolegane me budde i fann kameraet mitt dette stilige området. I like!
Hard kamp! Ein av oss gav opp. Eg seier ikkje kven.
Skal me ikkje gå inn i telefonboksen? (Margot)
Rommet vårt såg forøvrig slik ut:
Ny oppdaging: M&Ms World! Tre og ein halv etasje!
Velg akkurat dei fargane du har mest lyst på!
Eg vil gjerne anbefala M&Ms World til alle eg kjenner!
Herlege jentene framfor London Bridge :)
I tillegg var me på musikal: Million Dollar Quartet. For ein gjeng! Lydanlegget slutta å fungere rett før førestellinga starta, men dei klarte å få det i gang att. Heldigvis!
Utover natta høyrte me sirener frå opprøret. Camden var berre ein stopp på tuben unna der me var, men dei sirenene var alt me høyrte.
Glade og nøgde reiste me vidare!

Følg med i neste episode av serien "totli på nye eventyr"! (Den kjem når du minst ventar det...)