I september fekk eg besøk frå Noreg fyrste gongen. Då var det Jane som tok turen. :)
Medan ho var her hadde me ein liten dagstur til Elche.
 |
Ei tørrlagt elv går gjennom Elche |
Elche er, i motsetnad til mellom anna Benijofar og Torrevieja, ein
spansk by, med tanke på innbyggjarane. Der mange av byane på Costa
Blanca har ei samansetjing av innbyggjarar der mindre enn 50% er
spanjolar, så er nær 100% av byen Elche spanjolar.
Elche står på UNESCO si verdsarvliste med palmane sine. Mellom anna er
det ein palmepark i byen, men sjølv utanfor den legg ein raskt merke til
at her er det mykje palmer.
 |
Palmebyen Elche |
Elles er Elche prega av arabisk og muslimsk påverknad, noko som kjem
tydelegast til uttrykk i arkitekturen. I den kommunale parken, som og er
eit slags turistsentrum, ser ein fleire bygnader liknande denne.
Turistkontoret som ligg rett på utsida av parken har tydeleg arabisk
arkitektur.
 |
"Videohuset" i den kommunale parken - her vart det synt ein informasjonsvideo om byen |
Og her er litt fleire bilete frå turen :)
 |
Ei kyrkje like ved parkeringshuset | |
|
|
 |
Ei palme med ... palmefrukt?!? |
|
 |
Ein tur med turist-tog rundt i parken måtte til |
 |
Fargerike blomar! |
 |
Stilig konstruksjon på ein restaurant |