onsdag 30. januar 2008

te med honning


Der var det blitz ja, men det gjer vel ingenting. Honningen er like god den.


Her er byrjinga på mi fyrste Odessaluve. Silja, pinnar 3 og 3,5, perlene hadde eg liggjande frå før... 130 masker, eg tok på 150 perler men veit ikkje kor mange som kjem til å gå med... Vert spennande å sjå. Men så fiiiin den er!!! Skal til å byrja på fellinga no.


Det nyaste paret med pulsvarmerar. Babyull frå Sandnesgarn trur eg. Eller Dalegarn... 45 masker, pinnar 2,5. Går med 168 9/0 perler på kvar. Men dei vart litt store... Skulle berre hatt fem hjerter og ikkje seks. Men då veit eg det til neste gong.


Her er ei veske som eg har hatt liggande i ein pose i fleire år. Margot starta på den ein gong...men hadde aldri planar om å fullføra den. Så fann eg ei oppskrift som likna, og strikka den ferdig her ein dag. Veska skal monterast, få hank og tovast. Veska i oppskrifta eg fann hadde og ein hekla blomst på glattstrikkpartiet... Lurar på om eg skal prøva meg på den og. Den er strikka i garnet Arctic frå EuroPris, grå og mørkgrå, veit ikkje kor mykje eg har brukt... Pinnar str 7.


Til helga skal eg på leir. ACTA inspirasjonshelg i Fjon Fjellkyrkje. Dei seier det er fint der... Så det vert kjekt! Lurar på kva eg skal ta med meg av garn? Eg kan gjera ferdig Odessaen... Og Rannveig ynskjer seg ein svart Gemma Beret... Så det går seg nok til.

I løpet av februar skal eg og Ingrid Vik (barne- og familiearbeidar i Normisjon Hordaland) starta opp eit Soul Children-kor. Kult?

4 kommentarer:

Anonym sa...

HEISANN.
Du Totli, du Totli. Eg skjønar at du slett ikkje kjem til å frysa på øyrene med det fyssta. For ein produksjon alse, flinke jenta.

knip frå mamsen

Anonym sa...

Hei :) kjekt at du komme inn og kommentere i bloggen min, det like me!

Fine den odessa'en forresten, kanskje eg og bør prøva på den snart? :)

Eg bor i Bergen ja, e opprinnelig fra Spanne, altså fastlandskarmøy. Min mann e fra Kopervik da, men han kjente deg ikkje, så då vett kanskje kje du kim han e heller. Men hyggelig å ha strikkebloggvenner på egen alder uansett syns nå eg :)

Anonym sa...

Utrolig mye kjekt å finna på nettet ja! E du med på Ravelry eller? Hvis ikkje vil eg anbefala det på det varmaste - spesielt i jakten på gratis mønstre.

God helg te deg og :)

MARGOT TANGEN sa...

Eg har skrivt nye blogg, d har kje du si sist eg va innom. Eg syns forresten atte d e litt kjedlikt me barra spøtebloggar, men alt e bedre enn ingenting ;-) Lindbjørg heller har kje plass t meg, så d spørs om d blir noge 17.mai i Bergen...