lørdag 18. august 2012

Non-stop-kjeks

Medan Lise for fyrste gong prøver ut oppskrifta mi på non-stop-kjeks, tenkte eg at det var ein fin anledning til å blogga dei bileta eg tok då eg laga non-stop-kjeks i Spania.

Her ser du oppskrifta. Nesten. I bolla er 200 g smør/margarin, 150 g kvitt sukker og 150 g brunt sukker blanda saman.
Ha i to egg
og rør til ei jamn røre.
Ha i 275 g kveitemjøl og ei teskei bakepulver.
Hakk ein stor pose nonstop i småbitar
og bland inn i røra.
Set med teskeier på ei bakeplate
og steik på 200 grader i om lag ti minutt.
Tida kjem sjølvsagt heilt an på omnen og storleiken på kjeksa og kor harde eller mjuke du vil ha dei.
Nyt!

3 kommentarer:

mamma sa...

Ja dei kjeksane har jammen meg blitt populære gitt :-) Og KJEMPEGODE er dei !!!

MARGOT TANGEN sa...

Kor blir det av bilder frå leilihgeten da?

Sang Tao - Judith sa...

mmmm...må prøvast ein gong:)