torsdag 15. juni 2006

Rogagaten 1 5056 Bergen

75 kvm, 5000/mnd, vedfyring, rett bak Statoil på Danmarksplass.

onsdag 7. juni 2006

Frykt ikke, du lille hjord! For det har behaget deres Far å gi dere riket.

Shalom!

Eg har det bra. No er det sommar, og om ikkje lenge skal eg reisa heim til Karmøyne! Det vert bra. Eg har gjeve Rannveig 3 telefonnummer som ho skal ringa til i morgon for å avtala visning. Så kan hende får me snart ein bustad! Det likar eg tanken på. No har eg pakka mest heile livet mitt i øskjer. Resten er i koffertar. Så er det noko som ikkje fekk plass nokon stad.

God sommar!

Høyr på Steven Curtis Chapman. Bra kar.


Gå med Gud!
Og ikkje gløym McFlurry-avstemminga i den førre posten.

tirsdag 6. juni 2006

Svidd spaghetti luktar...

høy.


Skal McFlurry-en etast med eller utan lok på? (Birte mot Guro og Møyfrid har problemer med å verta enige. Assistance needed.)

Dagens is etter gudstenesta i Norkirken, vart eten til lyden av tute- og hylekonsert på zachariasbrygga.

mandag 5. juni 2006

Eg e våken, eg e våken!

No er det heilt lyst ute. Hadde det ikkje vore for det faktum at den digitale klokka mi på datamaskinen har ein ulikskap mellom 5 om dagen og 5 om natta, så kunne eg lett ha tenkt at klokka var 5 om dagen.

Skulle det kanskje ha vore "på dagen/natta"?

Og eg som hadde tenkt å stå opp tidleg på andre pinsedag.

Eg treng eitt par fleire kassar til å pakka i. Og eg har framleis ingen stad å flytta til.

Gud signe deg!

lørdag 3. juni 2006

haircut

Punkt 1: Eg er ikkje veldig flink til å ta bilete av meg sjølv.
Punkt 2: Eg ser ikkje veldig bra ut når eg tek bilete av meg sjølv.
Punkt 3: Ein ser eigentleg ikkje kva eg har gjort med håret.

Men eg var iallefall hjå frisør igår, og no er håret mitt kort og tynt (etter mine kriterier), og det er herleg! Det har fått nokre lyse striper i seg og. Eg likar det. Og pannelugg! 14 år sidan sist. Posted by Picasa