mandag 31. mars 2008

Joy to the fishes in the deep blue sea

Etter at eg måtte kjøpa meg ny mobiltelefon i vinterferien (fin og rosa) sidan den andre døydde, har eg begynt å høyra på radio når eg går til og frå skulen og anna. Det er ei ny oppleving for meg. Eg får med meg både populærmusikk og nyhende. Til dømes har eg idag fått høyra at ein eller annan luring i helga stjal ein 70 cm lang krokodille frå Akvariet i Bergen. Og så høyrde eg no ikvell ein song med denne teksten i refrenget.

Idag har våren kome til Bergen! Flott sol, og litt varme. Det kan me lika. Då eg var heime i påsken var det vinter og snø. Og eg parkerte bilen fint i ei grøft så onkel Kjartan og pappa måtte samarbeida for å få den opp på vegen att. Gjørma spruta til alle kantar og vel så det. Etterpå tok pappa og Aksel Johan bilen med på tur til vaskeautomaten.

Utanom det dreier livet seg rundt matematikk og arrangering/komponering. Etter helga vil arr.ko verta byta ut med musikkorientering trur eg. Og så er det jo litt handarbeide så klart. Eg har gjort flickr kontoen min til hovudmål for bilete av handarbeida mine, for at Margot skulle få litt anna å lesa om her. Så ynskjer du å sjå kva eg strikkar og heklar og broderer og knytar, så finn du ein link i høgre kolonne.

God kveld i stua!

torsdag 6. mars 2008

Let it snow!

Denne veka har me skulekonsertprosjekt. Det vil seie at me har delt klassen i 4 grupper som kvar har laga eit konsertopplegg, og onsdag, torsdag og fredag denne veka er konsertdagar der me reiser rundt på ulike skular i Bergensdistriktet og syng og spelar for elevar. Mi gruppe sin konsert har denne tittelen: "Jakten på den forsvunne G-nøkkelen - i Thorbjørn Egners verden." Det er faktisk ein ganske bra forestilling, om eg så skal seie det sjølv! Me har i alle fall vorte godt mottekne der me har vore til no.

I går hadde me fyrst to konsertar på Fridalen skule, i eit klasserom, med om lag 35 elevar frå fyrste og tredje trinn på kvar av konsertane. Så fekk me tid til ein lunsjpause før me hadde to forestillingar i ein liten hall på Landås. Men medan me spelte snødde det ute. Mykje. For mykje faktisk. Eg er den heldige utstyrssjåføren. Skulen ordna med leigebil frå stico, type stor varebil (Ford Transit - større enn pappa sin til og med!) med bakhjulsdrift. Då den var tom var det ikkje snakk om å få køyrd den ut frå parkeringsplassen ved Landås skule med 25-30 cm snø nei! Rett nok sigla den litt mot venstre, litt nærare den bilen som sto parkert ved sida av, men ikkje bakover, som var den retninga eg helst ville at den skulle røyre seg i.

Så den vart ståande. Og det vart og bussen eg gjekk på for å koma meg til Beate i Sandviken. Den køyrde inn på ein busshaldeplass nemleg. Og der var det ikkje mange nok bussar som hadde køyrd, så bussen spant. Etter 20 minutt og mange forsøk på både å tøma bussen og å stappe alle folka så langt bak i bussen som mogleg (og så var det ein mann som hadde ein kjempegod ide om at viss alle rugga fram og tilbake så skulle me nok klara å få bussen laus!), kom det ein buss som køyrde litt framanfor den me var i, så gjekk alle over i den. Så sto me i den bussen og spant i ti minutt, før ein tredje buss kom framanfor den att. I mellomtida hadde sjølvsagt mange andre bussar køyrd rakt forbi. Dei var smarte nok til ikkje å stoppa... Men me kom omsider ned til sentrum, og eg fann etter eit kvarter ein buss som gjekk vidare til Sandviken kor eg fekk varme, tørre klede og middag. Eg hadde jo ikkje akkurat kledd meg for å vera ute i og med at eg i utgangspunktet hadde bil...

Men idag ordna alt seg att. Me hadde ein konsert på Ny-Krohnborg i føremiddag (der ein tredel av dei hundre borna som var på konserten kom for å ta oss i handa og gje oss klemmar etterpå), og så fekk me henta bilen som sto på Landås og pakka alt utstyret i den. No står den parkert ved ein barnehage. Altfor stor bil til at eg vurderte å køyra den opp desse små gatene kor bilar står parkert overalt og det er slaps overalt.

Eg køyrer den bilen ganske bra faktisk! Ingen kenguruhopping eingong - det er berre å trø gassen heilt i bånn, så ordnar alt seg! Då eg køyrde Nina heim på tirsdag på desse smale vegane møtte eg sjølvsagt ein liten bil som kom imot. Og kven måtte rygga? Jo, det var nok meg det! Litt småredd der ja. Eg var veldig glad for at eg hadde folk med meg i bilen då. Så eg rygga, og bilen kom seg forbi meg og eg var veldig varm i toppen. Og litt stolt. Sjølvsagt.