lørdag 17. mars 2007

Tikken!

Tikken

Eg har fått tikken. Spelereglane: Kvar spelar startar med å skriva seks rare ting om seg sjølv. Bloggarar som vert "tikka" må skrive seks rare ting om seg sjølv i sin eigen blogg, i tillegg til å angi reglane for spelet. Til slutt vel spelaren seks nye bloggarar som "har den", og lister namna deira. Etter at det er gjort, skriv han eller ho ein kommentar på bloggane til kvar av dei, for å la dei vita at dei har vorte "tikka", og at dei må lesa bloggen til den som tikka dei for meir informasjon.

1) Favorittpålegg på skiva: Leverpostei, majones, gul ost, majones. Samstundes, ja.

2) I sommar kjøpte eg alle CD-ane som var til sals med Børud-gjengen. Ikkje familien nei, berre borna. Men likevel...

3) Eg har ingenting som liknar retningssans, stadssans eller balanse.

4) Mamma seier at eg et høgt. Det høyrest som eg smattar sjølv om eg har munnen lukka.

5) I ein alder av 17 år oppdaga eg for alvor fargen rosa og har sidan halde meg trufast til den!

6) Eg snorkar, snakkar, ler og syng i sovande tilstand. Songen kan og i nokre tilfelle innehalda røyrsler.

Eg tikkar: Margot, Vegard, Martin, Silje, Berit og Torgeir og Leiv Magnus. (Oi, vart det sju? Jaja, LM kjem ikkje til å gjera det likevel, men eg har lova å tikka han. Han får vera ein bonus.)

mandag 5. mars 2007

hei!

Eg er komen attende til Bergen og i dag har eg rydda rommet mitt. Det ser bra ut. Så bra som det kan bli i alle fall. Eg har litt for mange ting, så det ser rotet ut uansett kor hardt eg prøver. Men eg gjer då mitt beste av og til.

Som tidlegare nemnt var eg i Oslo førre veka. Turen attende til Karmøy var ein biltur saman med Lise i hennar nye bil. Den er kvit og stygg, 3-dørs Renault frå 93. Fancy seter! Men me hadde Statoil-krus så turen var fin. Og Jamie Cullum på CD-spelaren. Som seinare vart bytt ut med McMusic 36. Jenny Marie fekk den til 15-årsdagen. Uansett, bilen. Den var heilmanuell! Som ein sterk motsetnad til Lise sin fyrste bil, Harry (Saab, 83, automatiske vindauge, takluke, setevarme etc.) har denne "nye" bilen ingen automatikk. Manuell gir, manuelle vindauge, ingen setevarme, høgmanuelle seteryggar (tungt!), manuell servo, og ikkje minst manuell klokke. Ho heiter Olga. Bilen altså.

Men kyrkjebilen til Udland kyrkje har ei ikkje-funksjonell dør på førarsida. Den kan kun opnast frå utsida. Ü

Trist nok hadde eg ikkje kameraten med til Oslo, så det vart ingen bilete av Olga.

fredag 2. mars 2007

Vinterferie

Eg har brukt ein del av vinterferien min på turne til Oslo. Oslo er ein stor (? I norsk målestokk i alle fall) og stygg by med mange bra folk. For å komma meg til Tigerstaden, sette eg meg måndag kveld på nattoget i Stavanger. Her kjem eit referat frå deler av monologen til ein kar i ventehallen. Han snakka stort sett til ei lita dame av asiatisk opprinnelse.


eg liga kje abekattar. de seie hagen åg de. nei abekattar, di e så breie i kjeften dei. ja, an seie de han hagen åg. ja. nei. eg liga kje abekattar.

marlene. de va dama så konne synga de! ja, u sang rektigt så fint, jore u. marlene vettu. du ska hørra på henna så hørre du stemme! ja. marlene dietrich.

ska eg synga ein sang te deg? ja, vi elsker dette landet, som det stiger frem. furet, værbitt over vannet med de tusen hjem. de e nasjonalsangen vår de! kan du an udenatt? de kan eg, eg kan an udenatt eg. nasjonalsangen. ja, vi elsker.

my land is you land, from california to new york island.

WELCOME TO MY WORLD!

many years in the lube oil trade. ja, smørolja hette de på norsk. visst du ska sei de rektigt så hette de lubricating oil. men når me jåbba så sa me barra lube oil. I'm in the lube oil!

my land is you land, from california to new york island. fine sang de der! tvers over heila kontinente de. from california to new york island.

kan kje røyga her. nei, de e vell kje låv de.

eg blei torre i halsen av å preiga drid - eg måtte ha meg ei cola!

LUBRICATING OIL! haha... nei, me sa barra lube oil. de va ei dyre olja åg de. me hadde sytten sorter.

ska eg synga ein sang fårr deg? nei du forstår vel kje mitt språg du. du har allri forstått mitt språg du.

eg tog meg ein røyg eg. dårr va kje någen på kontore eingång. eg take a chance, elle took a chance hette de vel.

ska någe te å huska på alt.

visst eg tar ein ekstrajobb i ferien trekke di pinede av pensjonen!

kan du stavangersangen? (syng eitt vers) nei eg e kje frå stavanger for ingenting! kan heile udenatt eg.

har du lese den bokå alfred? nei eg har slutta å lesa. an hadde lese bokå på fransk. nei eg kan kje fransk eg. har du slutta å lesa? sa an. nei eg kan ein ting på fransk. less misserabel. ja. de kan eg. less misserabel. nei eg har kje lese på fransk de kan eg ikkje. less misserabel. men eg har lese an både på norsk å engelsk den. jada. less misserabel - di elendige. de e de de betyr, less misserabel.

ev'rybody loves somebody sometimes. ev'dybody loves somebody new. nei, eg huske kje resten.

vettuka? bill clinton, han likte norske damårr! hah! jammen an måtte jo få låv te de! ka va de u hette hu sekreteren? an likte norske damårr han! ja, nei.

reiste frå new zealand. de va mor mi så maste. u levde då, i den tie. va mor mi så maste. jada, mamma, sa eg.

nei eg sko ner te syster mi, men eg kåmm ikkje så langt. u bor i sandnes hu. ja eg sko ner te sandnes. kan du kje ta ein drosje da mann? de kan kje værr så dyrt me drosje vel? syster mi bur i sandnes. men nei, eg kom kje så langt.


Sånn elles hadde eg det bra i Oslo!