onsdag 30. januar 2008

te med honning


Der var det blitz ja, men det gjer vel ingenting. Honningen er like god den.


Her er byrjinga på mi fyrste Odessaluve. Silja, pinnar 3 og 3,5, perlene hadde eg liggjande frå før... 130 masker, eg tok på 150 perler men veit ikkje kor mange som kjem til å gå med... Vert spennande å sjå. Men så fiiiin den er!!! Skal til å byrja på fellinga no.


Det nyaste paret med pulsvarmerar. Babyull frå Sandnesgarn trur eg. Eller Dalegarn... 45 masker, pinnar 2,5. Går med 168 9/0 perler på kvar. Men dei vart litt store... Skulle berre hatt fem hjerter og ikkje seks. Men då veit eg det til neste gong.


Her er ei veske som eg har hatt liggande i ein pose i fleire år. Margot starta på den ein gong...men hadde aldri planar om å fullføra den. Så fann eg ei oppskrift som likna, og strikka den ferdig her ein dag. Veska skal monterast, få hank og tovast. Veska i oppskrifta eg fann hadde og ein hekla blomst på glattstrikkpartiet... Lurar på om eg skal prøva meg på den og. Den er strikka i garnet Arctic frå EuroPris, grå og mørkgrå, veit ikkje kor mykje eg har brukt... Pinnar str 7.


Til helga skal eg på leir. ACTA inspirasjonshelg i Fjon Fjellkyrkje. Dei seier det er fint der... Så det vert kjekt! Lurar på kva eg skal ta med meg av garn? Eg kan gjera ferdig Odessaen... Og Rannveig ynskjer seg ein svart Gemma Beret... Så det går seg nok til.

I løpet av februar skal eg og Ingrid Vik (barne- og familiearbeidar i Normisjon Hordaland) starta opp eit Soul Children-kor. Kult?

torsdag 24. januar 2008

Gemma Beret


er ei kjapp og grei luve å strikke, og no er ho ferdig! Altså, eg presenterar januarluva!


Det gjekk med 60 gram garn. Nokså nøyaktig ifølge kjøkkenvekta mi.

Luver

Jess. Eg er attende i verda til nynorsken.

Og eg strikkar luver. To på ein gong. Tihi! Og for ein gongs skuld har eg planer om å fotodokumentera prosessen. Litt inspirert frå hobbyforum kanskje.

Den fyrste luva er sjølvkomponert. Kitten Mohair frå SandnesGarn og 3,5 pinnar. Då eg la opp masker gløymde eg å fylgja med. Så det vart 164 masker i staden for 120 som eg hadde tenkt. Det var kanskje mindre lurt. Luva vert veldig stor...

Men eg har ein plan!


Fyrst tenkte eg at eg kunne tova luva etterpå. Men eg veit ikkje om garnet tovar, lite sannsynleg. Dessutan er det fletter, og det vert visst ikkje så bra. Så den nye planen er å bretta opp ribbekanten og leggja ein strikk imellom, så ribbekanten passar til hovudet. I toppen snurpar eg saman når nysta er tomt. Trur det vert ok.


Nummer 2!

Eg har meldt meg på luvealong på hobbyboden. Det vil seie at eg skal laga ei luve kvar månad dette året. Lurar på om eg klarar å halde ut...
Luva heiter Gemma Beret, garnet er Silja frå SparKjøp, og pinnane er 3, 4 og 4,5.

Eg tykkjer den ser knallfin ut!

Eg var på kaffimisjonen idag, saman med Margot-Helene. Ein nyopna kafe i same byggjet som kontoret til Normisjon Hordaland og Norkirken Bergen. Kjempekoseleg mann bak disken som gav meg varm sjokolade med etiopisk espresso. Den var god, så eg drakk opp heile sjølv! Ü