lørdag 22. august 2009

Eg har ein ven på bussen.

Sjølvaste sjåføren, faktisk. Kvar dag kl fem på åtte når eg går ombord i bussen sit han der og smiler og seier "Go mårn, go mårn!". Og når Ingvild kjem på nokre holdeplassar seinare gjentek det same seg til ho. Så blir det ein koseleg busstur til jobb, før han vinkar ha det bra når me går av bussen.

Ingvild tykkjer det er leit at ho snart må byrje å ta ein annan buss, av di ho må levera dottera hjå dagmamma før ho reiser på jobb. Og eg som eigentleg hadde store planer om å sykla til jobb etterkvart lurer på om eg berre må fortsetja med å ta bussen...

Torsdagar startar eg undervisinga kl åtte, og må difor ta ein tidlegare buss. Igår då eg kom på åtte-bussen att, lurte venen vår på om eg hadde skulka på torsdag?

Det er fint å møta eit smilande anlet om morgonen.

Dagens oppmoding: Smil til dei du møter på din veg!

fredag 14. august 2009

Valkamp

Eg stiller til val til Menighetsrådet i Lambertseter no frå hausten. Og eg har kjempelyst til å bli med! 6 stk skal inn som faste medlemmer, og eg står som nr 6 på lista... Og sidan eg flytte til Lambertseter i oktober i fjor, altså for mindre enn eit år sidan, og ikkje vart aktivt med i kyrkjelydsarbeid før etter jul, så er det jo ikkje så skrekkeleg mange som kjenner meg endå, medan dei kanskje kjenner mange som står under meg på lista, så dermed er det ikkje sikkert eg får fast plass på grunn av kummuleringar (er det det det heiter) (hihi, der fekk eg til den fine tingen som er så vanskeleg for folk med rikare språk enn norsk å forstå..!), så eg driv valkamp!

Ein del av kollegene mine på Mortensrud bur på Lambertseter, og kan såleis stemma på meg (og Ingvild, sjølvsagt!) ved kyrkjevalet. Strålande! Kanskje vinn eg heile valet?

onsdag 12. august 2009

Great minds think alike

Ta det roleg, eg har ikkje returnert til engelskspråkleg blogg.

I etterkant av SommerOase i Skien har det vore fleire innlegg og replikkar i den kristne dagsavisa Vårt Land med fokus på den profetiske forkynninga som gjekk føre seg på møter under stemnet. Eg var der ikkje sjølv, men har høyrt frå andre deltakarar. Fleire gonger har eg undra meg over at nokon av innlegga forsvarar dette slaget framtidsretta profetiar og at ingen som har kritisert den har rett fokus mot kva slag profetiar det er tale om. Den profetiske nådegåva som mellom anna Paulus tek opp i brevlitteraturen i Det nye testamentet har nemleg ikkje mykje å gjera med det å sjå framtida. Denne særskilde nådegåva har heller fokus på å styrkja kyrkjelyda, kanskje særleg gjennom oppmuntring og trøyst. I alle fall har det vore slik i den bibelundervisinga eg har fått høyra opp igjennom.

I Vårt Land i går (11.08) kommenterte Edin Løvås, ein stor lærar og rettledar, dette i ein replikk.

mandag 10. august 2009

Hei!

Eg har hatt sommarferie. Men no er den over. Så her har du meg att!

I dag har eg vore på infomøte for nyansatte lærarar på Mortensrud Skole. Det er altså min arbeidsplass det komande året. I morgon er fyrste planleggingsdag.

Og så har eg oppdatert meg på nokre bloggar. Men det er fleire eg ikkje har vore innom endå... Ta det med ro, eg kjem snart!

Sykkelen min er levert inn på verkstad til ein sjekk og elixia-kortet skal snart aktiviserast att. Med andre ord, eg skal bli sprek!

Vil du koma på besøk? Eg har tusen eple i hagen!