tirsdag 25. desember 2007

Gunn June

Mitt hundrede innlegg handle om systere mi. Hu har fått seg ein grøne ipod nano te jul å synge konstant. Kveldens sitat frå na Gunn June: Eg e egentligt ganske fornødde me nasen min eg. Men an fekk seg ein klomp når eg jekk på veggen.

Eg prøvte å legga inn et bilde av na og her men d jekk kje heilt. Men d finst nogen på totli.fotoknips.no

lørdag 15. desember 2007

Dagen

Eg synst Dagen e ei bra avisa. Så de så! I går leste eg blant aent desse to tingene:

"Vi jenter på være feilkonstruerte, for selv om jeg får høre 17 nydelige ting, veier det ikke like tungt som én negativ." Gro Hammerseng sa d.

Åsså ein "synspunkt"artikkel av Geir Magnus Nyborg så e generalsekretær i Familie & Medier med tittelen: "Kristenfobi" i kristne Norge

BBC kan fortelle at det britiske parlamentet har satt spørsmålet om "kristenfobi" på dagsordenen. Dette spørsmålet bør også tas opp i vårt land. Vi har en beklemmende følelse av at den kristne tro blir definert som et problem i et samfunn som bygger på et kristent verdifundament.
Nå kan en enkelt forelder rope alarm og stoppe kristne undervisningsopplegg som "Vandring gjennom Bibelen" på en skole. Det samme kan en gjøre med en tradisjonsrik juleforestilling i Drammen. Oslo Rådhus stenges for gudstjenester. Den rød-grønne regjeringen stryker kristennavnet ut av religionsfaget og ordet kristen skal snart raderes ut av skolens formålsparagraf.
Det er ikke stort bedre i mediene. De som vil bygge livet sitt på Bibelen i samlivsspørsmål blir marginalisert og definert utenfor toleransens område. Du skal ikke tale for frimodig før f-ordet kommer fram. Denne gangen står det for fundamentalist.
Hva er galt i kristne Norge? Er det blitt slik at for å inkludere andre må en bryte med sitt eget? Det er en fundamental misforståelse at en inkluderer andre kulturer og religioner bedre ved å stryke navnet kristen ut av vår egen hverdag. Våre nye landsmenn er de siste som både vil forlange og forstå en slik handlemåte.
Den kristne kultur er en skatt. Vi ser noe av denne skatten i full utfoldelse nå når julen nærmer seg. Vi må aldri glemme at det var kristendommen som forvandlet Norge. Vi må ikke sette den forvandlingen i spill. Vi må ikke la ordet "kristenfobi" bli mer enn et forbigående produkt av en aggressiv og misforstått sekularisme. Politikere, medier og alle andre må våkne. Nå.

søndag 2. desember 2007

st. jakobs

nå e norkirken ferigge me st. jakobs. aller siste gudstjeneste har vore der i dag. frå å me neste helg så e gudstjenestane i terminus hall. storsalen t hotell terminus så ligge rett på siå av jernbanen. spennande!

lørdag 24. november 2007

tur

eg e i oslo. heila helje. reise tbars t bergen på måndag. go gang fiskestang!
hade på bade din gamle kakao.

mandag 12. november 2007

one of these days

ska eg ta te vet å legga inn nogen bilder på pcen. år å dag siå sist... eg hadde jo ei stonn et sårett kjekt minnekort me usb på... då va d så greit. men så trenge eg egentligt kje de lenger sie eg ikkje broka d litla kamera så møkje lenger. for d va så stort, 1G. men på speilrefleksen så vett eg kje om dårr finst usb innebygd eingong. sikkert ikkje. å då må eg te me kablar å ledningar å alt, for eg e så lure atte eg legge bildene rett inn på den eksterne harddisken me ein gong eg. så blir d ekstra møkje styr. jaja. ikkje d atte eg har tatt så jysla møkje bilder i d sista. men d går seg te vettu!

jo. så kan eg kje legga inn bilder då. usb-kablane ligge hima. håpa eg. trur eg ska kjøpa meg kortlesar.

søndag 4. november 2007

Gud er God - Hele tiden!

Sant det. Sjøl om eg nå har skrekkeligt vondt i nakken itte å ha spent adle musklane så finst der i mången dagar når eg hoste for eg får nogen voldsomme smell i håve viss eg ikkje gjere d. Å sjøl om d va ein skrekkelige setning så du heilt sikkert må lesa 3 gonger for å skjøna ka eg meinte. Å sjøl om eg bur i Bergen å d defor e meldt regen i mårå, naturligt nok, å tredje trinn på Apeltun Skole der eg e i praksis ska ha utedag i mårå. Kan kje sei eg gleda meg noge videre te de, men likavel, GUD E GO!! Flaks for meg.



Tema for gudstjenesten i Norkirken i dag va "Å leve med Gud - Formet i motgang". Å d så gjekk ijenn i Martin sin tale va atte Gud e go. An hadde tilleme fått lagt seg ei t-skjorta. Rauge me store kvite bokstavar. Framme sto d: GUD er GOD. Bakpå sto d: HELE TIDEN!

fififi: Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk!

lørdag 20. oktober 2007

OC Supertones

5 am on tuesday
Why am I up so early
Drive out to santa ana ’cause I’ve got jury duty
No breakfast short tempered
And I cut my head shaving
Ten miles out I hit traffic
Some days just aren’t worth saving

You know I haven’t had the best of days
But I want to stop and thank you anyway

At the courthouse I waited
And waited then I waited
At lunchtime my car stalled out
I couldn’t get it started
Had a book by c.s. lewis
I finished the last page and
Slept on my desk for three hours
Just like my high school days

You know I haven’t had the best of days
But I want to stop and thank you anyway

Every single moment whether sleeping or awake
Is your creation
And what you’ve made is good
I don’t always thank you for the rough days and
The hard times in my life
Even though I should

Got home and decided I’d be in a bad mood and
My shy and quiet wife said she didn’t like my attitude
Got a call from my mother
Forgot my sister’s birthday
I’m a lousy older brother safe to say I’ve had a bad day

You know I haven’t had the best of days
But I want to stop and thank you anyway

Every single moment whether sleeping or awake
Is your creation
And what you’ve made is good
I don’t always thank you for the rough days and
The hard times in my life
Even though I should

lørdag 6. oktober 2007

fredag 21. september 2007

Vits

På veg heim frå skulen møtte eg ei jente på fortauet. Ho var nok om lag 8-9 år. Eg gjekk på mi høgre side av fortauet, og ho gjekk på si høgre side (jamfør trafikkreglar, Noreg har høgrekøyring! Om berre alle hadde overført dette til fotgjengarsituasjonen...). Men plutseleg sneia ho over og kom direkte mot meg medan ho nikka med hovudet. Eg tenkte at ho sikkert ikkje hadde sett meg, og tok et skritt til venstre for å kunna passera jenta. Men jenta gjekk til same side som meg, stilde seg beint framanfor meg, kika opp og sa: "Ka e de som går å går å aldri kåmmårr til døræn?" "Klåkkå" svarte eg. "Nei, de e (der fekk eg ikkje med meg akkurat kva ord ho nemnde) som har gått seg vill i skogæn!" "Åja, haha" svarte eg, sånn passe entusiastisk, og gjekk vidare. "Men de e klåkkæn åg. De e bægge deler!"

Heime var slageren at farmor hadde gått seg vill i stova. Andre variantar?

mandag 10. september 2007

Lykke er...

... når ein startar kor og 33 mennesker  kjem på fyrste øvinga!

Sing Praise!!

søndag 24. juni 2007

Happy Times

You're all invited.
Come one! Come all!

Luk.1:15
"Tida er komen, og Guds rike er nær.
Vend om og tru på evangeliet!"

lørdag 16. juni 2007

Eg fekk Asbjørn gratis!!!

Alright, eksamenar er historie og sommarferien har tatt til! Ferien dette året vert tilbrakt i Oslo. Her er eg til i morgon ettermiddag. Så køyrer me attende over fjella. Ü

Eg fekk endeleg ferieløn igår. Så eg skunde meg å bruka dei opp før dei forsvann att. Det var kjekt. Lenge sidan sist...

Ja. Så kva skal du i sommar?

mandag 21. mai 2007

Eksamen

Ja. Så les eg til eksamen då. Fyrst og fremst KRL. Den eksamenen kjem onsdag om ei veke og to dagar. Prinsipiell etikk er det det går i i dag. Særs lite interessant. Men sjølv då kan det dukka opp eit godt sitat. Denne gongen frå Erich Fromm (kven no enn han er for ein kar...), henta frå boka "Prinsipiell etikk" av Gunnar Heiene:

Å bli menneskelig er å elske, det er å leve innenfra, å leve slik jeg egentlig er.

torsdag 17. mai 2007

Kärleken, den store og skræmande

Therese, min dokompis på BiG, har no vorte gift. Dette skjedde laurdag 12. mai i Mortensrud kyrkje i Oslo. Erik, som no er ektemannen hennar, er pastor i Misjonskirken Betlehem i Oslo. Dei møttes i Grimstad for snart 2 år sidan. Klikk på biletet så får du sjå fleire!



Ark Beyer har ofte sitat frå ulike bøker rundomkring på vegger og liknande. På eit vindauge i Oslo sto dette:



om jeg har all tro så jeg kan flytte fjell, men ikke har kjærlighet - da er jeg intet



Og apropos kjærleik...

Eg har gjort eit nytt forsøk på kaffi. Denne gongen var det is som skulle hjelpa. Takk til Erlend Frøen. Ei stor skei is i munnen med ein påfølgjande slurk kaffi. Det gjekk med om lag ein halv liter is. Og eg var nokså kvalm etterpå... Og magen var i ulage. Og eg gløymde å eta resten av dagen. Det var ikkje så veldig fin tur på nattoget mellom Oslo og Bergen den natta. Ikkje fekk eg sova når eg kom fram til Bergen heller. Kaffien var langtidsvirkande. Men no er eg attende til det vanlege! Og eg likar definitivt ikkje kaffi no heller! Sjølv om eg nok må innrøma at den vart mindre beisk etter ein halv kopp... Eg kan faktisk augna målet langt, langt, langt, langt der framme.



Over til noko heilt anna: Eg treng å få eit oversyn over kven i min lesarkrets som veit kva KGB er. Her er kommentarboksen tilgjengeleg.

tirsdag 15. mai 2007

Moment made for worshipping

6:30 Monday morning

I'm here hiding in my bed

A song plays on my alarm clock

As I cover up my head

But somewhere in the distance

I remember yesterday

Singing "Hallelujah"

Full of wonder, awe and grace

But now I'm just wondering

Why I don't feel anything

At all


This is a moment made for worshipping

‘Cause this is a moment I'm alive

And this is a moment I was made to sing

A song of living sacrifice

For every moment that I live and breathe

This is a moment made for worshipping


When I'm praying with my children

As they're running off to school

When I kiss my wife good morning

Just to say I still love you

When I'm feeling love and happy

When I'm feeling all alone

When I'm failing to remember

All the love that I've been shown

Every beat of my heart

Is another new place to start

To know


This is a moment made for worshipping

‘Cause this is a moment I'm alive

And this is a moment I was made to sing

A song of living sacrifice

For every moment that I live and breathe

This is a moment made for worshipping


Every single beat of my heart

Is another new place to start

Right now


This is a moment made for worshipping

‘Cause this is a moment I'm alive

And this is a moment I was made to sing

A song of living sacrifice

For every moment that I live and breathe

For every moment that I live and breathe

For every moment that I live and breathe

This is a moment made

This is a moment made

This is a moment made for worshipping


From the rising of the sun

To the setting the sun

The name of the Lord is worthy to be praised


Steven Curtis Chapman

tirsdag 8. mai 2007

KRL-didaktikk

Hvordan vil du forklare at vannet ble delt i to i Rødehavet?
-Guds hender skilte vannet. Du kunne ikke se dem fordi de var usynlige. Da israelittene var gjennom, tok han hendene vekk, og vannet strømmet tilbake. (barneskoleelev)

Om tvil og tro:
-Han kanskje finns eller inte men då måste han vara så stor att en människa inte kan tänke sig. Var bor han, hur ser han ut, har han kontrollanter nere på jorden. Men allt det där kommer vi aldrig få reda på eller också så får vi reda på det fast efter 200 eller... 10000 år. Vem vet. Jag hoppas han finns så han fixar till alt elende på vår jord.
-Jag tror inte på Gud. Jag undrar hur Gud har det.

mandag 23. april 2007

Og alle hjerter gleder seg

Talaren på gudstenesta i Norkirken innleidde i går med "I dag e en merkedag, folkens." Det tok meg nokre minutt å skjøna kva han snakka om, men kva anna kunne det vera? Fotball, sjølvsagt! Brann - Vålerenga. "Du kan faktisk rekke kampen etterpå. Dersom du har billett då. For det er utsolgt."

På veg heim var det ikkje lengre nokon tvil. Heile dagen køyrer bussar og taxiar med Brann-vimplar. Like før kampstart når rushtrafikken i Bergen nye høgder. Det raraste, tykkjer eg, er stadionbussane. For trafikkselskapet tide er så venlege å setja inn eigne bussruter som køyrer direkte til stadion. I løpet av den ti minuttar lange turen frå St.Jakobs til Danmarksplass, køyrde 4 slike forbi meg. Fullstappa med raudkledde brannsupporterar. Faktisk høyrde eg dei og, over bussduren. Desse bussane har ikkje rutenummer som alle andre. Det finst derimot ingen tvil om kvar bussane skal. For der det normalt ville ha stått eit tal, ser vi nokre strekar som bevegar på seg. Desse strekane er ein fotballspelar. Og han sparkar ein fotball inn i eit mål. Om att og om att. Han skårar kvar gong. Fascinerande.......


Eg høyrer Petra på vinyl. Vakkert.

tirsdag 10. april 2007

Dagens

Bunnpris på Landås slår til med denne teksten på reklameplakaten:

Får-i-kål-kjøtt av sau

lørdag 17. mars 2007

Tikken!

Tikken

Eg har fått tikken. Spelereglane: Kvar spelar startar med å skriva seks rare ting om seg sjølv. Bloggarar som vert "tikka" må skrive seks rare ting om seg sjølv i sin eigen blogg, i tillegg til å angi reglane for spelet. Til slutt vel spelaren seks nye bloggarar som "har den", og lister namna deira. Etter at det er gjort, skriv han eller ho ein kommentar på bloggane til kvar av dei, for å la dei vita at dei har vorte "tikka", og at dei må lesa bloggen til den som tikka dei for meir informasjon.

1) Favorittpålegg på skiva: Leverpostei, majones, gul ost, majones. Samstundes, ja.

2) I sommar kjøpte eg alle CD-ane som var til sals med Børud-gjengen. Ikkje familien nei, berre borna. Men likevel...

3) Eg har ingenting som liknar retningssans, stadssans eller balanse.

4) Mamma seier at eg et høgt. Det høyrest som eg smattar sjølv om eg har munnen lukka.

5) I ein alder av 17 år oppdaga eg for alvor fargen rosa og har sidan halde meg trufast til den!

6) Eg snorkar, snakkar, ler og syng i sovande tilstand. Songen kan og i nokre tilfelle innehalda røyrsler.

Eg tikkar: Margot, Vegard, Martin, Silje, Berit og Torgeir og Leiv Magnus. (Oi, vart det sju? Jaja, LM kjem ikkje til å gjera det likevel, men eg har lova å tikka han. Han får vera ein bonus.)

mandag 5. mars 2007

hei!

Eg er komen attende til Bergen og i dag har eg rydda rommet mitt. Det ser bra ut. Så bra som det kan bli i alle fall. Eg har litt for mange ting, så det ser rotet ut uansett kor hardt eg prøver. Men eg gjer då mitt beste av og til.

Som tidlegare nemnt var eg i Oslo førre veka. Turen attende til Karmøy var ein biltur saman med Lise i hennar nye bil. Den er kvit og stygg, 3-dørs Renault frå 93. Fancy seter! Men me hadde Statoil-krus så turen var fin. Og Jamie Cullum på CD-spelaren. Som seinare vart bytt ut med McMusic 36. Jenny Marie fekk den til 15-årsdagen. Uansett, bilen. Den var heilmanuell! Som ein sterk motsetnad til Lise sin fyrste bil, Harry (Saab, 83, automatiske vindauge, takluke, setevarme etc.) har denne "nye" bilen ingen automatikk. Manuell gir, manuelle vindauge, ingen setevarme, høgmanuelle seteryggar (tungt!), manuell servo, og ikkje minst manuell klokke. Ho heiter Olga. Bilen altså.

Men kyrkjebilen til Udland kyrkje har ei ikkje-funksjonell dør på førarsida. Den kan kun opnast frå utsida. Ü

Trist nok hadde eg ikkje kameraten med til Oslo, så det vart ingen bilete av Olga.

fredag 2. mars 2007

Vinterferie

Eg har brukt ein del av vinterferien min på turne til Oslo. Oslo er ein stor (? I norsk målestokk i alle fall) og stygg by med mange bra folk. For å komma meg til Tigerstaden, sette eg meg måndag kveld på nattoget i Stavanger. Her kjem eit referat frå deler av monologen til ein kar i ventehallen. Han snakka stort sett til ei lita dame av asiatisk opprinnelse.


eg liga kje abekattar. de seie hagen åg de. nei abekattar, di e så breie i kjeften dei. ja, an seie de han hagen åg. ja. nei. eg liga kje abekattar.

marlene. de va dama så konne synga de! ja, u sang rektigt så fint, jore u. marlene vettu. du ska hørra på henna så hørre du stemme! ja. marlene dietrich.

ska eg synga ein sang te deg? ja, vi elsker dette landet, som det stiger frem. furet, værbitt over vannet med de tusen hjem. de e nasjonalsangen vår de! kan du an udenatt? de kan eg, eg kan an udenatt eg. nasjonalsangen. ja, vi elsker.

my land is you land, from california to new york island.

WELCOME TO MY WORLD!

many years in the lube oil trade. ja, smørolja hette de på norsk. visst du ska sei de rektigt så hette de lubricating oil. men når me jåbba så sa me barra lube oil. I'm in the lube oil!

my land is you land, from california to new york island. fine sang de der! tvers over heila kontinente de. from california to new york island.

kan kje røyga her. nei, de e vell kje låv de.

eg blei torre i halsen av å preiga drid - eg måtte ha meg ei cola!

LUBRICATING OIL! haha... nei, me sa barra lube oil. de va ei dyre olja åg de. me hadde sytten sorter.

ska eg synga ein sang fårr deg? nei du forstår vel kje mitt språg du. du har allri forstått mitt språg du.

eg tog meg ein røyg eg. dårr va kje någen på kontore eingång. eg take a chance, elle took a chance hette de vel.

ska någe te å huska på alt.

visst eg tar ein ekstrajobb i ferien trekke di pinede av pensjonen!

kan du stavangersangen? (syng eitt vers) nei eg e kje frå stavanger for ingenting! kan heile udenatt eg.

har du lese den bokå alfred? nei eg har slutta å lesa. an hadde lese bokå på fransk. nei eg kan kje fransk eg. har du slutta å lesa? sa an. nei eg kan ein ting på fransk. less misserabel. ja. de kan eg. less misserabel. nei eg har kje lese på fransk de kan eg ikkje. less misserabel. men eg har lese an både på norsk å engelsk den. jada. less misserabel - di elendige. de e de de betyr, less misserabel.

ev'rybody loves somebody sometimes. ev'dybody loves somebody new. nei, eg huske kje resten.

vettuka? bill clinton, han likte norske damårr! hah! jammen an måtte jo få låv te de! ka va de u hette hu sekreteren? an likte norske damårr han! ja, nei.

reiste frå new zealand. de va mor mi så maste. u levde då, i den tie. va mor mi så maste. jada, mamma, sa eg.

nei eg sko ner te syster mi, men eg kåmm ikkje så langt. u bor i sandnes hu. ja eg sko ner te sandnes. kan du kje ta ein drosje da mann? de kan kje værr så dyrt me drosje vel? syster mi bur i sandnes. men nei, eg kom kje så langt.


Sånn elles hadde eg det bra i Oslo!

onsdag 21. februar 2007

dagens ord deling

p4-nyhetene. Sånn tekst som rullar saaaakte over skjermen på bussane. Eit tog tok seg ein tur utanom banen i dag, og p4-nyhetene kunne i den anledning melda at: "Det er ikke kommet melding om at noen av de 130 om bord er skadd."

I desperate forsøk på å sleppa unna pedagogikkoppgåver har eg i dag surfa nettet og funne mange kongshaug-menneske ute i bloggeverda. Oppdateringar kjem.

Eg trur nok at eg er den einaste i verda som er hekta på minesveiper. Berre sånn apropos dårlege unnskuldingar.

Guds fred i natta!

torsdag 15. februar 2007

Sjå kor stor kjærleik Far har synt oss: Vi får kallast Guds born – ja, vi er det!

1.Joh. 3:1a

Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!
Matt. 7:11

Og så ser du på denne filmen.
Saksa frå Leiv Magnus sin blogg:
(Håpa d va greit?!?) "For de som ikke aner hvem dette er, så kan jeg si at det er Dick Hoyt og hans multihandikappede sønn Rick. Sistnevntes største drøm var å delta i "Iron Man". En knalltøff triathlon-konkurranse. Dick Hoyt har trent og jobbet knallhardt og ofret nesten alt for at sønnen skulle få sitt største ønske oppfylt. Rørende er hva det er."

onsdag 14. februar 2007

3 timar hjå frisøren

og mange pengar fattigare - drastiske ting har skjedd.


fredag 9. februar 2007

kaudervelsk

Eg har spelt alias idag. Det spelet har mange ord eg ikkje kjenner og mange trykkleifar. Interessant. Men det er kjekt og!

Beate er i Bergen! Enn så lenge...

Margot har laga seg blog!! Flottings!

Dagens bønn på cellegruppa: "Kjære Jesus, e ber for dem i gruppa som leite ette nån å dele live me. De e en del av dem." - Janne, ledar. Godt gift...

mandag 5. februar 2007

Molde

GospelSambandet har hatt øvingshelg i Molde. Stas! Me hadde base på Rauma Folkehøgskule, kor GS-medlem Are (tidlegare sportsreportar i TVNorge, og kjend som David Toska look-alike) er lærar. Der fekk me mat, der sov me (i klasserom - me fekk madrassar!) og der øvde me. Heile laurdagen! Det var kjekt å få ein heil dag med berre øving... Så på kvelden var fyrst årsmøte (det fyrste i historia til GS), der eg og Miriam vart valde inn i styret, og så var det tid for Beat for Beat som Tone og Ingunn hadde laga. Kjempetopp! Det vart uavgjort. Så vidt... Sundagen øvde me litt og hadde konsert i Bjørnsonhuset. Jepp - bra! Eg er no ein av solistane. Knas!!


Ingunn og Tone - Beat for Beat!

Odd Norvald - gitar, Geir Kristian - bass

Torbjørn - piano. Han var pianolæraren min eit halvt år på BiG...

Bernt - trommer.

Rolf

Gunnfrid og Jennie

Miriam - med koristar/danseberter Tone og Ingunn

Inger Marie

Bodil. Ho er døv på eitt øyre

Fienden - lag B.

Gunnfrid meiner at ho har eit talent som tå-teiknar.

Inger Marie, Jennie, Miriam og Gunnfrid øver inn røyrsler til songen "Ain't no mountain high enough"!

Jennie

Dirigent Else Jorunn Wergeland prøver å øva inn ein song på verdas suraste piano.

Ei helg med GS er elles mykje prega av godis. I alle variantar. Smågodt, sjokolade og chips i hovudsak. Og eindel vatn og FishermansFriend.


Eg likar ikkje SasBraathens lenger. Alt har alltid gått fint før, men det var før. På fredag hadde eg bestilt billett på eit fly som skulle gå 17.40. Så eg var på flyplassen nokre minuttar på 5. I innsjekkinga sto det: Ny avgang 17.25. Det reagerte eg ikkje på fyrst, utover at eg då kom til å venta lengre enn eg i utgangspunktet hadde tenkt. Men når eg sto i sikkerhetskontrollen gjekk det opp for meg at noko var feil. Eg sjekka boka mi, og jau, der sto det 17.40. Eg las kvitteringsmailen seinast dagen før eg reiste, så eg var sikker på at det var riktig. Eg sjekka skjermen... Fly til Oslo (det var billigast å reisa via Oslo til Molde) kl 17.05 hadde fått ny avgangstid 17.25! Altså skulle flyet mitt eigentleg gå når eg sto i sikkerhetskontrollen... Eg spurde dama i skranken, og ho fortalte meg at 17.40-flyet var kansellert og eg var flytta over til 17.05-flyet! Takk for at nokon gav meg beskjed... Dersom det flyet hadde vore i rute hadde eg ikkje nådd det. For ein gongs skuld var eg takksam for at det var forsenkingar! Men det var på fredag. På sundag var ikkje forsenkingar like morosamt lengre. Planen var at konserten skulle vera ferdig litt før 7, og då skulle eg og Bodil og dirigent Else Jorunn spurta til flybussen for flyet vårt skulle gå til Bergen kl 19.50. Men nei då. I innsjekkinga fann me ut at flyet var seint og ny avgang var berekna til kl 21.00. Så det var berre og setja seg ned, bestilla litt mat - og venta. Neste pulje kom ca 20.10, og skulle ta fly 20.50. Men, nei då. Ny avgang 21.40. Klokka 20.30 fekk me beskjed om at flyet som skulle frakta oss til Bergen ikkje hadde letta frå Trondheim ennå, men me skulle få høyra meir kl 21.00. Litt etter 21.00 fann me ut at me kom til å verta sitjande der ei stund alle saman. Oslo-fly-folka vart bedne om å gå gjennom sikkerhetskontrollen litt før 22, og der vart dei sitjande. Flyet deira kunne ikkje landa på den glatte rullebana med så mykje last, så det fauk til Kristiansund, frakta folket med buss, og skulle koma til Årø innan ein halv time. Enden på visa var at vårt fly kom 22.50 og Oslo-flyet 23.00 (var i alle fall den siste beskjeden me høyrde...)

Det anbefalast ikkje å sitja på Årø i 4 timar.

tirsdag 23. januar 2007

Wilhelmsens råd for et bedre liv

  • Vær nøktern og pragmatisk.
  • Ikke ta sorgene på forskudd.
  • Aksepter det eneste sikre her i livet, nemlig at du en gang skal dø.
  • Øv deg på å ta avgjørelser under tvil.
  • Ikke gjør unntaket til hovedregel.
  • Ta hensyn til deg selv.
  • Unngå usunne avhengighetsforhold.
  • Ikke krev at andre skal ta spesielle hensyn til deg.
  • Øv deg på å skjelne mellom ønsker og krav.
  • Vær fleksibel.

I tillegg kommer tre andre:
  • Ikke stol på følelsene dine,
  • Ikke stol på tankene dine.
  • Ikke lytt til kroppens signaler.
Ingvard Wilhemsen er psykiater og har skrive ei bok med utgangspunkt med Kongen si livshaldning. Kongen trur nemleg at han er frisk til det motsette er bevist. Wilhelmsen si bok heiter: Kongen anbefaler - holdninger for folket.

"Taperne fokuserer på det de går gjennom, vinnerne fokuserer på det de går mot."

onsdag 17. januar 2007

Hipp hipp hurra for JapanFoto og Nikon!


Til saman har dei nemleg klart å gje meg eit nytt kamera: Nikon D70s. Yep, det er eit digitalt speglreflekskamera! Det fyrste i familien til og med.

Eg var på JapanFoto på måndag og kjøpte det, men har ikkje fått nytta det så mykje ennå... Det er alltid mørkt når eg kjem frå skulen, og for å vera heilt ærleg er det ytters få ting her inne som det er verd å ta bilete av... Det dreier seg stort sett om rommet mitt, tente lys og Rannveig. Så her kjem dei fyrste døma på bileta frå det nye supermegakule kameraet mitt:


Dette er det aller fyrste biletet teke med mitt yndlingskamera, Nikon D70s.


Det neste motivet vart pianoet mitt, og vidare skrivepulten min.
Men så kom heldigvis Rannveig heim!

Og det måtte resultera i ein heidundrande fotoserie av oss to:

søndag 14. januar 2007

Visste du at...

".no" er oppskrytt. Til dømes kjem du der du skal om du berre skriv "gulesider" i adressefeltet. Neat!

søndag 7. januar 2007

helg

Fredag kveld var det fest i Rogagaten 1. Ida og Tone var her. Av ein eller annan grunn har Rannveig og meg alltid voldsomme diskusjonar om huslege ting når Ida er her. Negativ påverknad?! Me såg Princess Diaries. Flaks at den var brent, elles er det ikkje godt å seia kva for eit språk me hadde fått han på! Me har nemleg ikkje fjernkontroll til DVD-spelaren for augneblinken. Den ligg i Ytre Arna.

Laurdag kveld skulle me på kino. Meg, Rannveig, Tone, Ida og Mona. The Holiday. Kl 21.15 på Magnus Berrfot. Sånn rundt middagstider var det 241 ledige billettar så me brydde oss ikkje med å bestilla på førehand. TABBE!! Ny plan: Istid 2! Åja, nei, me hadde ingen fjernkontroll nei. Nei. Okei, me leiger Istid 2 på MIX, og ser den hjå Mona! Greit. So far, so good. Istid 2 vart leigt og Tone kjøpte snop for 100,03 kr og Ida for 56,- eller noko slikt. Men Rannveig og eg, me ville ha meir mat i kroppen. Så me bestilte panini med ost og skinke. Guten bak disken la dei ved omnen og tok betaling... Flott, der tapte me nokre minuttar. Så la han dei i omnen, men lukka ikkje att. Me lurte lenge på om det var medvite eller ikkje. Då to minuttar var gått og paniniane skulle vera ferdig stekte, fann han ut at; hei, kanskje eg skulle ha lukka att loket?! Så me venta likesågodt eit minutt til. Jadå. Kjensla var den at osten ikkje var heilt smelta, og det var ikkje verdt 39 kroner. Men hei, me vart mette! Ikkje verst berre det! Sånn elles var filmen minst så god som me hugsa den, og så spelte me nokre rundar President.

Sundag var me kristelige til tusen! Fyrst høgmesse i kyrkja i nabolaget; Solheim kyrkje. To mobilar ringte under gudstenesta. Så slappa me litt av, åt litt restar etter fredagen, og gjekk på G17 i Norkirken. Jepp!

Ha ei fin veke i Guds åsyn!!