Ok, ikkje akkurat talmagi då. Men iallefall talfascinasjon. Eg er lett å glede...
Eg reiser kollektivt i Oslo med 30-dagarsstudentkort på Flexusen min. Kvar gong eg validerer kortet så får eg beskjed om kva dato og klokkeslett reisekortet er gyldig til. Og eg har fått så fine datoar no i haust!
Den fyrste 30-dagarsbilletten min kjøpte eg i august, og den var gyldig til 8.9.10.
Don't you love it?
Den neste, som eg kjøpte i september, kunne eg nytta heilt til 10.10.10.
Fantastisk!
Så kjøpte eg ny billett etter Paris-turen, og den varte til 12.11.10.
Kan de tru det? Heilt fantastisk! Det var like kjekt å sjå kvar gong!
Diverre var eg ikkje like heldig med den siste. Eg validerte billetten ein dag for seint, og i staden for 14.12.10 held den til 15.12.10. Og det er jo ikkje morosamt ein gong.
Eg veit ikkje heilt kva datoar eg skal satsa på resten av vinteren...er det nokon som kan bli like bra? Usikker...
