tirsdag 24. februar 2009

Feitetirsdag

I går var det blåmandag. Då åt eg opp restane av kjøtsaus eg hadde i kjøleskåpet saman med litt spaghetti, samt dei siste to skivene av servelat.

I dag er det feitetirsdag, og leverposteiboksen vart tømt.

I morgon er det askeonsdag, og starten på fastetida. Den varer fram til påske, det skal verta om lag 40 dagar på ein eller annan måte.

I 2009 e.Kr. fastar eg frå kjøt, unaudsynleg pengebruk og fjesbok. Men, som me snakka om på bibelgruppa (som moglegvis har fått namnet Fokus) på måndag; det viktige er ikkje kva ein fastar frå, men kva du fyller inn i staden for. Planen min er at dess mindre pengar eg nyttar på meg sjølv til ting eg strengt tatt ikkje treng, som iskaffi, kino eller nye cd-ar, dess meir penger kan eg gje til gode formål som kan fremja Guds rike på jord, som til dømes kyrkjelyden min. Fjesboka fastar eg frå av di den tek opp store delar av tida mi - den tida kan nyttast til å verta betre kjend med Gud. Dette med kjøt har eg eigentleg ikkje nokon god grunn for, det er meir av di det er tradisjonelt. Det kan vel vera lov det og?

Fastetida er ei førebuingstid som leier fram mot den store kristne høgtida påsken. Difor er og den liturgiske fargen i kyrkja i denne perioden lilla. Som i advent.

Eg vil og oppfordra deg: Korleis vil du bruka fasten?

mandag 23. februar 2009

Bollesundag

I går bakte eg boller til Lise og Maren kom på besøk. Men av ein eller annan grunn smakte bollene rundstykkjer... Nokon som kan forklara det? Me åt i alle fall rundstykkjer med krem og syltety. Og så strikka/hekla me litt medan me drakk te. Ü

Maren er i gang med sin aller fyrste Calorimetry.

Lise fordjupar seg i boka "Hekling".

Lise syner stolt fram at ho har klart å byta farge medan ho hekla!

Eg driv og rotar med ei Gemma Beret...

På kyrkjekaffien i går var det fastelavnsrisverksted for borna. Etter at dei hadde gjort seg ferdige tok eg og Stine (ungdomsarbeidar) og Heidi (og Lars) for oss restane. Eg fekk nøyaktig ei og ei halv fjær på mitt ris. Heidi fekk to. Stine klarte seg med berre band. Men stolte var me alle!

Fine fastelavnsriset mitt!

I dag har eg lagt inn bileta frå resten av Australia-turen til meg og Lise i fjor sommar. Dei finn du her!

fredag 20. februar 2009

Nokon gonger blir eg litt sint.

Som for eksempel når trenaren for dei norske langrennsjentene ikkje er nøgd med at Kristin Størmer Steira hamnar på 6. plass som beste norske kvinne. HALLO!! Dama er sjette best i verda!

fredag 13. februar 2009

Det er litt fint og...

Forrige fredag var eg vikar på Lambertseter Skole, i ei gruppe på tredje trinn. Lettare forvirra går eg ut i skulegarden med ein svær kasse full av Early Start-effekter klokka kvart over 8, for det er då skuledagen byrjar her, får peikt ut elevane som er mine for dagen av ei anna lærar på trinnet, dei er i ferd med å stille seg opp på rekkje. Ungane fremst forstår kjapt at det er eg som skal vera saman med dei idag, og spør kva me skal gjera i fyrste time, kor me skal vera, når me skal lesa brev og om nokon kan få lov til å lesa gåter i matpausen. Desse små skuleelevane har ikkje fått på plass dei sosiale hemningane som pregar folk i samfunnet endå. Dei kjem nok etterkvart, men førebels vert dei bestevener med einkvar som møter dei med eit smil.

Sjølv må eg berre late som om ikkje eg heller har slike hemningar. Det er litt fint.

lørdag 7. februar 2009

Gratulere med dagen, Gunn June!

106 muffins

Eg skulle baka sjokolademuffins til Gunn June sitt selskap ikveld. Men eg var liksom så godt i gang etterpå... Så eg laga liksågodt ein porsjon med krydderkakemuffins og. Og så fekk eg eit egg av Lauren så vart det ein runde vaniljemuffins til slutt.

Om du vil smaka må du ta turen til Gunn June ikveld. Elles har eg ope hus resten av veka.