Viser innlegg med etiketten kunnskap. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kunnskap. Vis alle innlegg

onsdag 28. mars 2012

Spania ep 2: Elche

I september fekk eg besøk frå Noreg fyrste gongen. Då var det Jane som tok turen. :)
Medan ho var her hadde me ein liten dagstur til Elche.
Ei tørrlagt elv går gjennom Elche
Elche er, i motsetnad til mellom anna Benijofar og Torrevieja, ein spansk by, med tanke på innbyggjarane. Der mange av byane på Costa Blanca har ei samansetjing av innbyggjarar der mindre enn 50% er spanjolar, så er nær 100% av byen Elche spanjolar.
Elche står på UNESCO si verdsarvliste med palmane sine. Mellom anna er det ein palmepark i byen, men sjølv utanfor den legg ein raskt merke til at her er det mykje palmer.
Palmebyen Elche
Elles er Elche prega av arabisk og muslimsk påverknad, noko som kjem tydelegast til uttrykk i arkitekturen. I den kommunale parken, som og er eit slags turistsentrum, ser ein fleire bygnader liknande denne. Turistkontoret som ligg rett på utsida av parken har tydeleg arabisk arkitektur.
"Videohuset" i den kommunale parken - her vart det synt ein informasjonsvideo om byen
Og her er litt fleire bilete frå turen :)
Ei kyrkje like ved parkeringshuset 

Ei palme med ... palmefrukt?!?
Ein tur med turist-tog rundt i parken måtte til
Fargerike blomar!
Stilig konstruksjon på ein restaurant


torsdag 2. juni 2011

kyrkjehistorie

Nå er det så lengje sidan eg har referert noko frå pensumlitteraturen min, så eg synst det er på tide att.


Desse sitata er alle henta frå same boka, Norsk kirkehistorie, med forfattarane Bernt T. Oftestad, Tarald Rasmussen og Jan Schumacher. Versjonen eg har er frå 1991. Alle er utdrag frå historia om innføringa av reformasjonen i Danmark-Noreg, og er skrivne av Rasmussen.

s. 89: "Likevel var det ikke tale om noen mobilisering for den gamle tro fra et samlet dansk episkopat: Biskopene var jo nå først og fremst adelsmenn, og mange av dem var uten en teologisk innsikt som kunne gi dem grunnlag for en åndelig offensiv mot den nye bevegelsen"

s. 123: "Ellers framheves det at man ikke skal la altergangen bli en vanesak, for det fører til at "Gud den Allermechtigste osz atskillige Siugdom oc Plager tilskicker"." (Sitatet i sitatet er frå "Forordning om Kirckens Embede oc Møndighed mod bodferdige, sampt om atskillige Geistlighetens Forhold" frå 1629)

s. 133: "Kanskje var nettopp disse preknene noe av bakgrunnen for Christian IVs forordning av 22.4.1645 ned forholdsregler "mod Soven i Kirkerne", der det ble bestemt at man skulle beordre noen utvalgte personer til å gå rundt i kirken med lange kjepper under gudstjenesten og slå dem som sov på hodet for å holde dem våkne. Men denne forordning ble neppe fulgt opp i noen særlig utstrekning."


torsdag 3. mars 2011

Thomas Aquinas

This church has got three parts. One is on earth, another is
in heaven, and the third is in purgatory.


Slik var det i mellomalderkyrkja. "Purgatory" - skjærselden høyrer ein ikkje mykje om lengre. Det er ganske interessant å lesa pensum på mf. Denne gongen Reformation Thoughts skriven av Allister E. McGrath.

mandag 3. januar 2011

Lesing

Dagens framsideoppslag i papirutgåva til Dagsavisen (finn ikkje artikkelen i nettutgåva...) var at mange rektorar her til lands meiner at mykje av ansvaret for dei (atter ein gong...) dårlege resultata på PISA-testen ligg hjå elevane sine foreldre, og ikkje lærarane. Mora som vart intervjua i artikkelen seier at ho nyttar den tida ho har til råds og les med borna sine.

Eg trur at noko av utfordringa ligg i forståinga av kva "lesing" er. Det mange umiddelbart tenkjer på er nok skjønnlitterær lesing. Det å setja seg ned saman i sofaen eller på sengekanten, og lesa ei forteljing. Og sjølvsagt er dette viktig - men lesing er så mykje meir enn det! Og for dei fleste av oss er det noko som me gjer så ofte og så automatisk at me ikkje legg merke til at me les.

I går vart eg med ei venninne og dei to borna hennar til Spikersuppa for å stå på skeiser. Guten på 6,5 år las heile vegen på t-banen inn til byen. Han las ikkje ei bok, men han las reklameplakatar, informasjonsmateriell om Ruter sin kollektivtransport, klesmerka på menneska rundt oss, skilt... Dette er kvardagslesing som ikkje tek ekstra tid - men det er minst like viktig som forteljingane me les! Mellom anna lærer dette den lesande at lesing faktisk har nytteverdi, og ikkje berre underhaldningsverdi. Til dømes kunne han lesa kor lenge skeisebanen var open og kor han kunne leiga skeiser.

Her illustrert ved systera på 4.



(Ja. Lærar.)

onsdag 17. november 2010

Rykter...

Nokon gonger opplever eg at ryktet mitt går framom meg.

I dag, til dømes. Eg var nemleg vikar i dag, for tre grupper på same trinnet.

Dei to fyrste gruppene var nokså bråkete. Som elevar flest når dei møter ein vikar. Den andre gruppa klarte fem minuttar med absolutt stille. Det var eg faktisk ganske imponert over... Men tredje gruppa var heilt knyst! Heile timen!

Etter at eg hadde gitt dei lov til å gå, kom ei jente fram til meg. "NN sa at du er kjempestreng!" "Ja, det stemmer, det er eg." "Men du har jo ikke vært streng mot oss?" "Nei, det har eg ikkje. Når de er greie mot meg, så er eg grei attende."

Årsak - konsekvens, kallast det. Og til tider er det veldig greitt at ryktene går.

onsdag 8. september 2010

Nerden

Ja, eg er nerd og eg er stolt av det!


Denne gongen - grammatikk/språk-nerd.

Her ei natt låg eg lenge vaken, og eg bestemte meg for å be. Eg veit ikkje korleis det er med deg, men eg klarar sjeldan å halde tankane "stille" lenge av gongen, og dette fenomenet plar forsterka seg utover kvelden/natta. Difor var det ikkje lenge eg klarte å be, men tanken spratt vidare til det å be (metabønn?) - som eg trur skal vera meir ein tilstand enn ein aktivitet. Altså å vera i bøn meir enn å be.

No har eg altså fått to omgrep inn i hovudet; aktivitet og tilstand. Kjenner du til spelet Fantasi? Hugsar du namnet på den oransje kategorien? Det stemmer: Aktivitet, tilstand, begrep.

Og kva er så ei meir naturleg tankerekkje å gå inn på enn kva for ordklassar dei tilhøyrer og kva setningsfunksjon dei får, orda som hamnar inn under oransje kategori? Ein aktivitet vil som regel vera eit verb, og fungera som verbal. Ein tilstand kan vera adjektiv, medan setningsfunksjonen ofte vil vera predikativ. Men så kom eg ikkje lengre, for eg syns predikativ er så interessant (det er ikkje så lenge sidan eg endeleg skjøna kva det eigentleg er...), og så sovna eg vel til slutt.

mandag 16. august 2010

Yrkjer du ikkje visste fanst

Det er altså mogleg å jobba med det utrulegaste. I siste utgåva av National Geographic Norge er det ein artikkel om romskrot (dvs gamle/"oppbrukte" satelittar o.l.), og så har det seg slik at NASA har ein eigen avdeling som tenkjer på romskrotet. Sjefen for den avdelinga heiter Nicholas Johnson.

Du har sikkert ikkje høyrt om Kessler-syndromet heller? Det er ein gong i framtida når alt romskrotet dannar kjedekollisjonar seg i mellom.

Det eldste romskrotet er Vanguard 1, som er ein satelitt frå 1958.

Og korleis har dei tenkt å verta kvitte romskrotet? Nei, det veit dei ikkje heilt ennå.

lørdag 24. juli 2010

tidleg debut...

i juli var margot og eg på pensjonisttur for fyrste gong. det var kjekt det!

me reiste med si-reiser (mer enn ferie) på fly-/busstur til tyrol. målet var å få med seg pasjonsspelet i oberammergau, som berre blir spelt kvart tiande år, men me fekk med oss mykje, mykje meir og. mellom anna bestilte me is på tysk, gjekk på fjelltur i dei østerrikske alpane (ahornspitze) og åt ein gigantisk porsjon med spaghetti carbonara i italia. me lærte mykje om botanikk som me ikkje visste frå før, og vart inspirerte av bord-dekk-deg.

eg har lagt ut litt bilder her,
og så kjem det nok ein del bilder her når sida er ordentleg i gong,
og margot har skrive litt meir om turen her.

og det var ikkje siste gongen!

mandag 10. august 2009

Hei!

Eg har hatt sommarferie. Men no er den over. Så her har du meg att!

I dag har eg vore på infomøte for nyansatte lærarar på Mortensrud Skole. Det er altså min arbeidsplass det komande året. I morgon er fyrste planleggingsdag.

Og så har eg oppdatert meg på nokre bloggar. Men det er fleire eg ikkje har vore innom endå... Ta det med ro, eg kjem snart!

Sykkelen min er levert inn på verkstad til ein sjekk og elixia-kortet skal snart aktiviserast att. Med andre ord, eg skal bli sprek!

Vil du koma på besøk? Eg har tusen eple i hagen!

søndag 10. mai 2009

Dagens tips:

Ha alltid paraply, solbriller og panneband i veska. Du får dagleg bruk for minst to av dei.

I alle fall slik det har vore her dei siste dagane... Eg har alltid fått forespeila at medan årstidene vekslar fleire gonger til dagen på vestlandet, held dei seg stabile på austlandet i dagar og veker. Men nei, dei siste dagane har det vore strålande sol, torevêr, sterk vind (sidan eg ikkje er så god på kva som er sterkast og svakast av vindtypane held eg meg til det relativt dekkjande omgrepet "vind") og regn i byttevis. Altså, alt dette i løpet av ein dag. Fleire dagar på rad.

Elles hugsa eg til slutt å melde meg som medlem i teflonhjerneforeningen.

fredag 24. april 2009

Ny lærdom

Ein kveld i selskap med Leiv Magnus kan leia til mykje ny lærdom.

  • Framandord: perpleks (joda, når eg fekk tenkt meg om så visste eg kva det tydde, men det kom ikkje til meg heilt med det same liksom, så eg fekk lært det på ny)
  • Opphavet til uttrykkjet "riding shotgun"
  • Det siste var eit ord eg har gløymt allereie, men det var noko han eine kisen i Family Guy sa til bartendaren då han skulle kjøpe ein drink til ei blond berte, og det var i alle fall eit slang-uttrykk for rohypnol
Og sjølvsagt vart det litt filmrelatert kunnskap med på kjøpet og.
  • I "The Great Escape" finn ein same regissør, same filmmusikkomponist og same skodespelar (Steve McQueen) som i "The Magnificent Seven" (som er basert på ein japansk samurai film som er basert på ei amerikansk cowboy-historie. Slå den!)
  • Ein av dei fyrste spaghetti-western-filmane har Clint Eastwood regissert og spela i: "A Fistful of Dollars". Men dette er jo amerikansk spaghetti-western då.
  • Sergio Leone har regissert ein ordentleg, italiensk spaghetti-western. Trur eg.
Flink?