lørdag 17. mai 2008

When I fall

Ein song av den kristne popartisten Rachael Lampa heiter When I fall. Kvar gong eg høyrer denne songen vert eg optimistisk og takksam. Refrenget på songen går slik:

When I fall, when I fall,
I know where I'll be landing.
When I fall, when I fall,
You will be standing.
When I fall...

When I fall, når eg fell. Ikkje den eine gongen men kvar gong. Det kjem til å skje om att. Det er menneskeleg å feila. Men eg veit kor eg landar. Det er det som er bra. Og Jesus fell ikkje. Han står og tek imot meg. Kvar einaste gong som eg fell! Det gjer meg takksam.

tirsdag 13. mai 2008

Nyhende

Det kan sjå ut som om det er skrekkeleg lenge sidan sist eg la inn bilete av handarbeida mine her. Det var jo dumt. For eg strikkar jo mykje! Og heklar litt innimellom. Så no kjem ein oppdatering. Ser du noko nytt forresten?

For ikkje å skræma deg heilt av så syner eg i fyrste omgang berre luvene frå "Luer for huer", knit-a-longen på Hobbyboden.

Januar: Gemma Beret, strikka i Silja


Februar: Lake Park Hat strikka i Silja


Mars: Hand Made Hat strikka i Gullgarn


Mars: Robins Blue Egg Hat strikka i Topp't'Tå

No er mamma eigar av denne luva.

April: Short Rows Wavy Hat strikka i Alfa med glitter



Mai: Nottingham strikka i dobbel Silja


Andre kategoriar av handarbeid kjem då ein annan dag.

søndag 11. mai 2008

Tankar i sola

Våren er komen til Bergen og eg prøver så godt eg kan å kombinera solsleikjing med eksamensførebuing. Lettare sagt enn gjort.

Igår var eg saman med Ida (M. Venås) store delar av dagen. Ho har vore i Ecuador sidan påsken. Ho er brun. Det er ikkje eg. Særleg ikkje ved sidan av Ida. Så eg prøvde å overtyda meg sjølv om at det ikkje gjorde noko med å fortelja at før i verda, då var det eit teikn på rikdom å vera kvit. Det tydde nemleg at ein ikkje trengde å vera ute i sola og arbeida, men at ein kunne sitja i skuggen med eit broderi. For den som likar den slags.

Då sa Ida at det er litt sånn i Ecuador no faktisk. Ei ho kjende der borte gjekk for å setja seg i skuggen etter berre ei lita stund på stranda. Ho ville ikkje ha meire farge.

Kanhende var dette årsaken til at nordmenn ikkje syntest at negrane i Afrika var verd noko særleg i fyrstinga. Ein var van med at dei som talde i samfunnet haldt seg bleike og kvite året rundt.

Men når snudde dette? Og kan det vera eit teikn på at rasismen ikkje lenger "sit fast" i kulturen på nokon måte sidan det no er om å gjera å få farge på kroppen? Gotherar og andre som går kledde i svart året rundt framhevar den lyse hudfargen, kva fortel dette?

Dette var djupe tankar...