mandag 30. oktober 2006

Nødlanding

Eg gjev meg ende over! Verkeleg. Visste du at ungane har sin eigen versjon av "Lost"? Jaudå. Serien heiter "Nødlanding" og går på NRK på ettermiddagstid. I løpet av dei fyrste 5 minuttane hadde eg rukke å sjå folk som var "lengre vekke enn nokon av dei andre hadde vore", og som lurte på om dei burde plante ein frukthage, sidan dei ikkje visste kor lenge dei kom til å måtte vere der, sitat som "We're not alone", dei robba flyet som altså då hadde naudlanda på ei aude øy midt i stillehavet, ein kar som prøver å fiksa radioen, som og veit alt som er å vita om nokon ting, ei utruleg dum og lite samarbeidsvillig blondine, ein "sjef" som nokon likar og andre ikkje, og alt det andre som høyrer til. Og sjølvsagt var det ikkje alle frå flyet som var saman på stranda der dei hadde laga seg ein leir. Men det beste av alt var at i beste "Robinson-stil" kjem det pausar der dei ulike skikkelsane fortel om følelsane sine til kameraet. Fascinerande...

onsdag 25. oktober 2006

gaia - for deg og miljøet

det å ta buss i bergen kan til tider vera ei nokså interessant oppleving. for tida tek eg kvar dag mule-bussen. linje 5. den går frå 100 m oppi bakken her til like utanfor skuleporten på krohnengen. vegane i området er små og trange. det hender både titt og ofte at ein stakkars bilist må rygge for å sleppe bussen forbi. men dette er ikkje alltid like lett! til dømes hender det at dei som skal rygga gløymer å sjå om bilen bak og får med seg at han må rygga. det var ein som dunka borti ein annan her ein morgon. men eg trur ikkje det vart nokon skade. men det morosamste synst eg, var då bussen møtte ein annan buss på denne vesle tronge vegen. ingen av bussjåførane hadde lyst til å rygga rundt svingen. det var nemleg sving i begge endar av dette smale vegstykkjet. så min buss kjørte oppå fortauet. kjempeartig! og ein morgon var bussen så full at han køyrde forbi 3 stoppestader utan å sleppa folk på! då er det fullt på bussen då. men elles er det heilt greit å ta bussen.

eg og resten av praksisgruppa mi (som for øvrig består av isak og stian) har bygd ein moske. me underviser om islam i krl for femte trinnet, og fann ut at dei skulle byggje ein moske av papir. så då måtte me byggja ein som dei kunne sjå etter. eg tykte han vart veldig fin. stian fjerna eplene før vi viste han for gruppa... (det som no heiter gruppe er det som vi alltid og til alle tider har kalla klasse før. dustete kunnskapsløftet!) men med eplene var det jo ein eplemoske! (legg merkje til det fine ordspelet som kom heilt av seg sjølv... frå meg! : eple-moske eller eplemos-ke... hahahahahahaha!!)

og som så ofte før kjem også her eit innspel frå forskning.no:

Forskning som bringer latter
Årets Ig-Nobel-vinnere inkluderer analmassasje mot hikke, en forklaring på hvorfor hakkespetten ikke får hjernerystelse, og en dings som skremmer bort tenåringer.

les resten her.

sola skin og verda er fin.
ha ein god dag i Guds åsyn vener!

mandag 23. oktober 2006

ambivalent

det er eit ord eg tykkjer høver godt som overskrift. ikkje naudsynleg til dette innlegget, men generelt eit godt overskriftord.

GospelSambandet er kjekt. eg burde sove for lenge sidan men slik vart det ikkje.

eg tar opp til vurdering om eg skal oppgradera til beta. innspel?

Guds fred til alle og einkvar!

mandag 16. oktober 2006

flaten!

Trond Nagell Dahl skal selgja eit B3. Eg kan ikkje anna enn å gå ut ifrå at han snakkar om eit Hammond-orgel. Her sit ei jente som ynskjer seg eit Hammond-orgel av typen B3!

Men ein kan liksom ikkje berre reisa til Oppland for å kjøpa seg eit Hammond-orgel utan å tenkja seg om to gongar. Minst. Eit piano må nok desverre vera fyrste pri. Filler.

Også Nagell då!

lørdag 14. oktober 2006

hallo på ein lordag

snart ein dag ska eg gidda å legga ut bilder på flickr ijenn for d e lenge sie. men ikkje idag for idag ska eg rydda romme mitt å baka kjeks å jedna spøta litt. eg har lyst å gå på kino. kan nogen plis ta meg me på kino? rannveig sa d ikkje va noge kjekt så jekk da. men d e kje så nøye. film er best på kino. Ü

Guds kjærleik til dykk alle!

tirsdag 10. oktober 2006

hei

dama i radioen sa at blogging er på veg ut og taco er sosialt akseptert att.