onsdag 31. mai 2006

bandeksamen





Her er nokre bilete frå bandeksamen. Eg ville lasta opp fleire, men det ville visst ikkje blogger.com ha noko av, så slik vart det. Kanskje eg klarar å leggje ut fleire ein annan dag. Kven veit!?

tirsdag 30. mai 2006

Framtidsplanar

No har eg og Lise avtala at sommaren om to år, altså sommaren 2008, skal eg og ho reisa til Australia. Vi har snakka om det før, men no fann vi ut at det var best å planleggja litt nærare, så vi har tid til å spara litt penger. Frå no av gjeld det altså å begrensa alle utskeiingar til det minimale. Planen er å fyrst kanskje jobbe ein månad av sommarferien, før vi vender snuta til andre enden av verda. I Australia vil Lise gjerne leige motorsykkel for å koma seg rundt. Det vil då innebera at eg skal sitje bakpå. Greit nok. Eg har jo ikkje råd til å ta sykkellappen medan eg sparar til tur, så då får det berre bli slik. Men eg trur det vert ein fin tur. Det er dyrt å reise til Australia. Ca. 12000,- tur/retur. Spanande.

Eg likar Aretha Franklin. Og så har eg sommarferie no. Så eg skal setje på ein film på PC-en min sidan eg ikkje treng å stå opp tidleg i morgon. Trur kanskje det vert Istid i natt. Eg likar animasjonsfilmar. Skal byrja å samla på dei. Nei, eg har byrja.

lørdag 27. mai 2006

the end is near

Guds fred!


På måndag har eg siste eksamen. Det er i eit artig fag som vert kalla bandrotasjon. Tenk deg litt om så skjønar du kanskje kva det dreier seg om? Tenk på rotasjon i volleyball til dømes. Eg trur den eksamenen går heilt strålande! Bandet eg er del av heiter Strange Band, og medlema er meg, Marianne, Anne Marte, Felipe, Helene og Solrun. Snupert! Kriteriet er at alle medlema av bandet skal vere innom trommesettet, bassen og mikrofonen.

Repertoaret vårt er følgjande:

  • Walking in Memphis (med Marianne som solist, eg korar og held takten.)

  • Tenke sjæl (med Helene som solist, eg sit bak trommesettet og leikar.)

  • Jolene (med Solrun som solist, eg spelar gitar. Eg likar herved ikkje el-gitar.)

  • Desperado (med Anne Marte som solist, eg spelar bass.)

  • Fix You (med Felipe som solist, eg korar og spelar orgel. dvs synth med orgellyd.)

  • Wayfaring Stranger (der eg syng. avslutningsnummeret! yeah! det er sterkt!)



  • Huset på hi sida av vegen vert vaska idag. Det er opptil fleire menneske der inne. No vaskar dei vindauga.

    Og rosina i pølsa: Eg utløyste nett røykvarslaren på kjøkenet avdi eg gløymde å setje på vifta då eg skulle ha middag. Men alt er i orden. Eg trur jammen eg var åleine heime. Ingen reagerte og brannbilen kom ikkje og no står døra på gløtt.

    Ha ein fin dag godtfolk!

    torsdag 25. mai 2006

    Nei takk, Anker, sa eg. Eg vil ikkje vera miljøarbeidar på Kongshaug.

    Kva er liksom poenget med at det regnar, bles og er kaldt i Bergen i slutten av mai når eg har fri?!

    Ikkje at det gjer noko. Eg er inne og pakkar likevel.

    Rannveig og eg har ikkje funne oss leilighet endå. Det bør skje snart. Tips?





    Frankey, hey ho! (Sitat frå Sister Act 2) Roterommet har vakna opp or koma! Og samstundes tatt ei språkdrakt i nynorsk! Eg er innmeld i AMO (6526. sjef) og Norsk Målungdom sidan sist. Og eg har bilete på flickr.