I september fekk eg besøk frå Noreg fyrste gongen. Då var det Jane som tok turen. :)
Medan ho var her hadde me ein liten dagstur til Elche. 
  | 
| Ei tørrlagt elv går gjennom Elche | 
Elche er, i motsetnad til mellom anna Benijofar og Torrevieja, ein 
spansk by, med tanke på innbyggjarane. Der mange av byane på Costa 
Blanca har ei samansetjing av innbyggjarar der mindre enn 50% er 
spanjolar, så er nær 100% av byen Elche spanjolar.
Elche står på UNESCO si verdsarvliste med palmane sine. Mellom anna er 
det ein palmepark i byen, men sjølv utanfor den legg ein raskt merke til
 at her er det mykje palmer.
  | 
| Palmebyen Elche | 
Elles er Elche prega av arabisk og muslimsk påverknad, noko som kjem 
tydelegast til uttrykk i arkitekturen. I den kommunale parken, som og er
 eit slags turistsentrum, ser ein fleire bygnader liknande denne. 
Turistkontoret som ligg rett på utsida av parken har tydeleg arabisk 
arkitektur. 
  | 
| "Videohuset" i den kommunale parken - her vart det synt ein informasjonsvideo om byen | 
Og her er litt fleire bilete frå turen :)
  | 
| Ei kyrkje like ved parkeringshuset |   | 
  | 
  | 
 
 
  | 
| Ei palme med ... palmefrukt?!? | 
  | 
  | 
| Ein tur med turist-tog rundt i parken måtte til | 
  | 
| Fargerike blomar! | 
  | 
| Stilig konstruksjon på ein restaurant |