onsdag 4. januar 2012

På veg heim

Dette landet, Spania, forlet eg for ei stund. No skal eg heim til ho mor og eta pinnekjøt og Dronning Maud-pudding. Det blir bra!

Før eg kjem så langt ventar nokre timar på Gardermoen med kaffi mocca og NGM og heklenål. Det kan og vera fint!

Underhaldninga på flyturen er Langbein.

Det er jordskjelv i flyet, men det skal gå over etter Nederland, seier dei.

(For den som måtte lura: Ja, eg bloggar frå flyet. Kult?)

onsdag 28. desember 2011

Romjul

Sit ute og nyt varmen frå sola.

onsdag 9. november 2011

Utfordra!

Ho systera mi som driv og sjukepleiar i Afrika, ho synst eg var for dårleg til å oppdatera bloggen min. Eg tek utfordringa og gjer noko med det sporenstreks!

Så då kan eg jo fortelja litt om kva det går i om dagane?

Eg fører statistikk for stasjonen og lagar plakatar for alle arrangementa våre. Keisamt. Men nokon må gjera det. Og me har fått oss Facebookside; endeleg har eg ei go grunngjeving for å tilbringa arbeidstimar på Facebook!

Elles går det stort sett i barne- og ungdomsarbeid; foreldre og barn, Åpen Skole, Ungdomsklubb, Familiedag, Hang Out, familiegudstenester og konfirmantundervising.

Så er det graut og middag og Blink-lotteri og korøving og konsertar og tilstelningar.

Her er bilete frå litt forskjellig :)

Ungdomsklubben, som me driv i samarbeid med den norske skulen reiser av og til for å klatra i fjell:
Her er to klatrarar og ein gjeng med kikarar ;)

Slik skal knuten knytast. Visste du det?

Vaffelpause etter at alle hadde fått ein tur kvar opp i tauet :)

I slutten av september var me på konfirmantleir i Denia. Femten (fjorten for anledningen) konfirmantar frå Torrevieja, i tillegg til konfirmantar frå Sjømannskyrkjene i Albir/Vilajoyosa og El Campanario. Me var maaange!

Her er alle konfirmantane. Men dei fleste veit ikkje at eg har byrja å ta bilete. Haha!

Alle har fått WWJD-armband!

Og denne gjengen høyrer altså til oss i Torrevieja! Herleg gjeng!

Femte oktober var det vaffelaksjon/hjertevarme - me delte ut vaflar på Åpen Skole!

Alle fekk teikna eit raudt hjarte på handa :)

I forrige veke var ungdomsklubben på tur att, denne gongen til ishallen i Elche:

Tenåringssykja: ein må klumpa seg saman!

Og sjølvsagt: Vafler til alle som ein!

onsdag 12. oktober 2011

Calle Marie Curie 59

Javel! Her er bilete frå huset mitt:
Front yard og porten og gelenderet i trappa opp til terassen framom inngongsdøra.

Bilporten med forvokste bougainvillea (som no er klypte ned - og vaksne opp att...). Bilen "min" kan og skimtast - kvit Seat Ibiza med stor personlegdom!

Eit utval av vekstene i hagen min.

Utsikt over toppen av Monte Azul frå balkongen utanfor soverommet mitt ein tidleg morgon.


Noko som pregar huset mitt er det eg handla i London på vegen hit. Det meste er frå M&M World :)

Noko av det fyrste eg gjorde var å innvia denne svarte kassa til garn. ;) Dei små boksane ved sidan av inneheld strikkepinnar og heklenåler og anna slik stas. Plassen ved sidan av er fin til oppskriftshefter og strikkemagasin.

Biletet over kommoden har eg kjøpt på næraste "kina".

Her er kjøkenet mitt! Gasskomfyren er no bytt ut med ein elektrisk.

I tillegg til blomar spreidd rundt i stova var skap og skuffer fylt opp for meg! Stas!

I bakhagen har eg ein stor grill og på fellesområdet bak huset har eg basseng. Fine dagar! :D Eg har det godt her, og huset eignar seg godt til hotelldrift med sine 3 (4 - omgjort garasje, no naudlager) soverom.

(Trettande oktober klokka 23.26 syner gradestokken 20 grader.)

tirsdag 6. september 2011

Tøffe toget!

Frå London reiste eg tirsdag morgon med lyn-toget (maks.fart: 300 km/t), også kalt EuroStar, frå St.Pancras internasjonale togstasjon som låg ca 10 minutts gange frå overnattinga vår, til Lille i Frankrike. Her vandra eg rundt i litt over to timar, og tok desse bileta:

Øvst til venstre: Chambre de Commerce & d'Industrie de Lille (som betyr noko som handels- og industridepartementet), nedanfor: Saint-Maurice-kyrkja. Midt i: Ein figur på ein påle midt på torgplassen. Til høgre: Julegata og Operaen.

Så gjekk det omsider eit tog vidare. Dette er noko av det eg såg frå vindaugsplassen min i TGV-toget frå Lille i nord til Avignon i sør:

Med meg på togturen:

Shantaram (Gregory David Roberts), eit hekla babypledd og appelsinjus.

Og tirsdag ettermiddag ankom eg Avignon. Pavehovudstad frå Mellomaldaren - den gongen det var både to og tre pavar samstundes. Dette er ein liten by omkransa av ein bymur. Fin stad å vandra rundt i. Går ein seg vill er det berre å fortsetja rett fram til ein når muren, og så er det berre å fylgja den til ein finn kor ein skal. Kjempegreit for slike som meg som har mangel på retningssans og innebygd kompass!


Dei to bileta øvst til venstre syner deler av bymuren. Under dei er torgplassen framom pavepalasset, og nedst til venstre er framsida av pavepalasset med katedralen Notre-Dame des Doms til venstre. I den midtre kolonna er øvst katedralen, og nedst ei fontene i slottsparken. Heilt til høgre eit fascinerande syn som fanst på fleire fasadar rundt i byen; påmåla menneske og situasjonar i vindauge! Nedst til høgre er plassen framom pavepalasset frå motsett ende, og eit trangt smaug.

Eg overnatta i Avignon på eit hostell og køyrde tog over grensa til Spania i løpet av onsdagen. Her er noko av det eg fekk tatt bilete av i Barcelona før det vart for mykje kulde og regn:



Øvst i midten er det utsikt over Barcelona frå framanfor det bygget som du kan skimta nedst til høgre. Det var noko slags kunstskule, trur eg. Den låg på ei høgd, og ved sidan av alle trappene opp dit var det rulletrapper. Det var og ein slags park på toppen av høgda, på begge sider av bygget, med ei mengd turistbussar på parkeringsplassen og mykje av det andre på bileta her. Øvst til høgre er ei magisk fontene, og nedanfor den er eit kunstverk i ei rundkøyring. Det blå i det andre biletet frå høgre, nedst, er ein kunstig foss. ;)

Torsdag morgon reiste eg siste stykkjet på vegen, og kom fram til Alicante togstasjon, kor eg vart henta av Cathrine, Margrethe og Anna. Dei køyrde meg til HUSET (!) mitt, som er i Benijofar, og viste meg rundt i det, sidan dei hadde budd der tidlegare. Så fekk eg ei omvising på den nye arbeidsplassen min, Sjømannskyrkja i Torrevieja, som ligg i La Sieste, før eg vart teken med på nederlandsk restaurant i Quesada.

I neste episode kjem bilete frå huset mitt.