søndag 7. januar 2007

helg

Fredag kveld var det fest i Rogagaten 1. Ida og Tone var her. Av ein eller annan grunn har Rannveig og meg alltid voldsomme diskusjonar om huslege ting når Ida er her. Negativ påverknad?! Me såg Princess Diaries. Flaks at den var brent, elles er det ikkje godt å seia kva for eit språk me hadde fått han på! Me har nemleg ikkje fjernkontroll til DVD-spelaren for augneblinken. Den ligg i Ytre Arna.

Laurdag kveld skulle me på kino. Meg, Rannveig, Tone, Ida og Mona. The Holiday. Kl 21.15 på Magnus Berrfot. Sånn rundt middagstider var det 241 ledige billettar så me brydde oss ikkje med å bestilla på førehand. TABBE!! Ny plan: Istid 2! Åja, nei, me hadde ingen fjernkontroll nei. Nei. Okei, me leiger Istid 2 på MIX, og ser den hjå Mona! Greit. So far, so good. Istid 2 vart leigt og Tone kjøpte snop for 100,03 kr og Ida for 56,- eller noko slikt. Men Rannveig og eg, me ville ha meir mat i kroppen. Så me bestilte panini med ost og skinke. Guten bak disken la dei ved omnen og tok betaling... Flott, der tapte me nokre minuttar. Så la han dei i omnen, men lukka ikkje att. Me lurte lenge på om det var medvite eller ikkje. Då to minuttar var gått og paniniane skulle vera ferdig stekte, fann han ut at; hei, kanskje eg skulle ha lukka att loket?! Så me venta likesågodt eit minutt til. Jadå. Kjensla var den at osten ikkje var heilt smelta, og det var ikkje verdt 39 kroner. Men hei, me vart mette! Ikkje verst berre det! Sånn elles var filmen minst så god som me hugsa den, og så spelte me nokre rundar President.

Sundag var me kristelige til tusen! Fyrst høgmesse i kyrkja i nabolaget; Solheim kyrkje. To mobilar ringte under gudstenesta. Så slappa me litt av, åt litt restar etter fredagen, og gjekk på G17 i Norkirken. Jepp!

Ha ei fin veke i Guds åsyn!!

3 kommentarer:

Anne Rose sa...

Savner Norkirka.. og deg! Bruker pulsvantene daglig og de får mye skryt!!:D:D

Bilder!

Astrid med hageflekken sa...

Går du i Solheimkirken!? Wow! Eg e der kvar tirsdag å øve med koret mitt, Kalliope. Me sang på gudstjenesten fusste søndag i advent og, faktisk. Åsså ska me synga den 25. mars så då må du komma:)

totliii sa...

hm. har barra vore der den eine gongen. men tjuefemte mars, d ska eg notera! så kult!