mandag 23. april 2007

Og alle hjerter gleder seg

Talaren på gudstenesta i Norkirken innleidde i går med "I dag e en merkedag, folkens." Det tok meg nokre minutt å skjøna kva han snakka om, men kva anna kunne det vera? Fotball, sjølvsagt! Brann - Vålerenga. "Du kan faktisk rekke kampen etterpå. Dersom du har billett då. For det er utsolgt."

På veg heim var det ikkje lengre nokon tvil. Heile dagen køyrer bussar og taxiar med Brann-vimplar. Like før kampstart når rushtrafikken i Bergen nye høgder. Det raraste, tykkjer eg, er stadionbussane. For trafikkselskapet tide er så venlege å setja inn eigne bussruter som køyrer direkte til stadion. I løpet av den ti minuttar lange turen frå St.Jakobs til Danmarksplass, køyrde 4 slike forbi meg. Fullstappa med raudkledde brannsupporterar. Faktisk høyrde eg dei og, over bussduren. Desse bussane har ikkje rutenummer som alle andre. Det finst derimot ingen tvil om kvar bussane skal. For der det normalt ville ha stått eit tal, ser vi nokre strekar som bevegar på seg. Desse strekane er ein fotballspelar. Og han sparkar ein fotball inn i eit mål. Om att og om att. Han skårar kvar gong. Fascinerande.......


Eg høyrer Petra på vinyl. Vakkert.

1 kommentar:

MARGOT TANGEN sa...

Du e løyen du :-)