torsdag 17. mai 2007

Kärleken, den store og skræmande

Therese, min dokompis på BiG, har no vorte gift. Dette skjedde laurdag 12. mai i Mortensrud kyrkje i Oslo. Erik, som no er ektemannen hennar, er pastor i Misjonskirken Betlehem i Oslo. Dei møttes i Grimstad for snart 2 år sidan. Klikk på biletet så får du sjå fleire!



Ark Beyer har ofte sitat frå ulike bøker rundomkring på vegger og liknande. På eit vindauge i Oslo sto dette:



om jeg har all tro så jeg kan flytte fjell, men ikke har kjærlighet - da er jeg intet



Og apropos kjærleik...

Eg har gjort eit nytt forsøk på kaffi. Denne gongen var det is som skulle hjelpa. Takk til Erlend Frøen. Ei stor skei is i munnen med ein påfølgjande slurk kaffi. Det gjekk med om lag ein halv liter is. Og eg var nokså kvalm etterpå... Og magen var i ulage. Og eg gløymde å eta resten av dagen. Det var ikkje så veldig fin tur på nattoget mellom Oslo og Bergen den natta. Ikkje fekk eg sova når eg kom fram til Bergen heller. Kaffien var langtidsvirkande. Men no er eg attende til det vanlege! Og eg likar definitivt ikkje kaffi no heller! Sjølv om eg nok må innrøma at den vart mindre beisk etter ein halv kopp... Eg kan faktisk augna målet langt, langt, langt, langt der framme.



Over til noko heilt anna: Eg treng å få eit oversyn over kven i min lesarkrets som veit kva KGB er. Her er kommentarboksen tilgjengeleg.

2 kommentarer:

Miss Wonderhill sa...

du æ tilgjengelig!!!!

Miss Wonderhill sa...

hehe=) eg æ gla i deg uansett om du mobbe eller ikkje=)