torsdag 24. januar 2008

Luver

Jess. Eg er attende i verda til nynorsken.

Og eg strikkar luver. To på ein gong. Tihi! Og for ein gongs skuld har eg planer om å fotodokumentera prosessen. Litt inspirert frå hobbyforum kanskje.

Den fyrste luva er sjølvkomponert. Kitten Mohair frå SandnesGarn og 3,5 pinnar. Då eg la opp masker gløymde eg å fylgja med. Så det vart 164 masker i staden for 120 som eg hadde tenkt. Det var kanskje mindre lurt. Luva vert veldig stor...

Men eg har ein plan!


Fyrst tenkte eg at eg kunne tova luva etterpå. Men eg veit ikkje om garnet tovar, lite sannsynleg. Dessutan er det fletter, og det vert visst ikkje så bra. Så den nye planen er å bretta opp ribbekanten og leggja ein strikk imellom, så ribbekanten passar til hovudet. I toppen snurpar eg saman når nysta er tomt. Trur det vert ok.


Nummer 2!

Eg har meldt meg på luvealong på hobbyboden. Det vil seie at eg skal laga ei luve kvar månad dette året. Lurar på om eg klarar å halde ut...
Luva heiter Gemma Beret, garnet er Silja frå SparKjøp, og pinnane er 3, 4 og 4,5.

Eg tykkjer den ser knallfin ut!

Eg var på kaffimisjonen idag, saman med Margot-Helene. Ein nyopna kafe i same byggjet som kontoret til Normisjon Hordaland og Norkirken Bergen. Kjempekoseleg mann bak disken som gav meg varm sjokolade med etiopisk espresso. Den var god, så eg drakk opp heile sjølv! Ü

Ingen kommentarer: