torsdag 6. mars 2008

Let it snow!

Denne veka har me skulekonsertprosjekt. Det vil seie at me har delt klassen i 4 grupper som kvar har laga eit konsertopplegg, og onsdag, torsdag og fredag denne veka er konsertdagar der me reiser rundt på ulike skular i Bergensdistriktet og syng og spelar for elevar. Mi gruppe sin konsert har denne tittelen: "Jakten på den forsvunne G-nøkkelen - i Thorbjørn Egners verden." Det er faktisk ein ganske bra forestilling, om eg så skal seie det sjølv! Me har i alle fall vorte godt mottekne der me har vore til no.

I går hadde me fyrst to konsertar på Fridalen skule, i eit klasserom, med om lag 35 elevar frå fyrste og tredje trinn på kvar av konsertane. Så fekk me tid til ein lunsjpause før me hadde to forestillingar i ein liten hall på Landås. Men medan me spelte snødde det ute. Mykje. For mykje faktisk. Eg er den heldige utstyrssjåføren. Skulen ordna med leigebil frå stico, type stor varebil (Ford Transit - større enn pappa sin til og med!) med bakhjulsdrift. Då den var tom var det ikkje snakk om å få køyrd den ut frå parkeringsplassen ved Landås skule med 25-30 cm snø nei! Rett nok sigla den litt mot venstre, litt nærare den bilen som sto parkert ved sida av, men ikkje bakover, som var den retninga eg helst ville at den skulle røyre seg i.

Så den vart ståande. Og det vart og bussen eg gjekk på for å koma meg til Beate i Sandviken. Den køyrde inn på ein busshaldeplass nemleg. Og der var det ikkje mange nok bussar som hadde køyrd, så bussen spant. Etter 20 minutt og mange forsøk på både å tøma bussen og å stappe alle folka så langt bak i bussen som mogleg (og så var det ein mann som hadde ein kjempegod ide om at viss alle rugga fram og tilbake så skulle me nok klara å få bussen laus!), kom det ein buss som køyrde litt framanfor den me var i, så gjekk alle over i den. Så sto me i den bussen og spant i ti minutt, før ein tredje buss kom framanfor den att. I mellomtida hadde sjølvsagt mange andre bussar køyrd rakt forbi. Dei var smarte nok til ikkje å stoppa... Men me kom omsider ned til sentrum, og eg fann etter eit kvarter ein buss som gjekk vidare til Sandviken kor eg fekk varme, tørre klede og middag. Eg hadde jo ikkje akkurat kledd meg for å vera ute i og med at eg i utgangspunktet hadde bil...

Men idag ordna alt seg att. Me hadde ein konsert på Ny-Krohnborg i føremiddag (der ein tredel av dei hundre borna som var på konserten kom for å ta oss i handa og gje oss klemmar etterpå), og så fekk me henta bilen som sto på Landås og pakka alt utstyret i den. No står den parkert ved ein barnehage. Altfor stor bil til at eg vurderte å køyra den opp desse små gatene kor bilar står parkert overalt og det er slaps overalt.

Eg køyrer den bilen ganske bra faktisk! Ingen kenguruhopping eingong - det er berre å trø gassen heilt i bånn, så ordnar alt seg! Då eg køyrde Nina heim på tirsdag på desse smale vegane møtte eg sjølvsagt ein liten bil som kom imot. Og kven måtte rygga? Jo, det var nok meg det! Litt småredd der ja. Eg var veldig glad for at eg hadde folk med meg i bilen då. Så eg rygga, og bilen kom seg forbi meg og eg var veldig varm i toppen. Og litt stolt. Sjølvsagt.

1 kommentar:

MARGOT TANGEN sa...

Kult. Du e go å kjøra du. Meste lika go så meg ;-)