tirsdag 19. mai 2009

Kapseleres

Både epletrea og plommetrea blømer i hagen. Det er fint! Eg har bilete av plommetrea, men dei ligg på den eksterne harddisken og pc-en min er litt tverr i desse dagar og nektar somme gonger å kjenna att det eg måtte finna på å putta i usb-inngangen. Det vere seg ekstern harddisk, skrivar eller minnebrikkelesar. Så må eg starta pc-en på nytt, og då virkar det kan hende. Men ikkje heilt sikkert. Det er litt slitsamt.

Mobiltelefonen min er heller ikkje heilt blid. Den finn på å skru seg sjølv av no og då. Og eg merkar jo ikkje at den ikkje er på før eg skal bruka den, og då kan den ha vore avslegen i timasvis for alt eg veit.

Når eg blir rik skal eg kjøpa meg ein MacBook og ein iPhone. Det blir tider det!

3 kommentarer:

linn sa...

ÅÅ, eg kjenne eg blir frustrerte barra av å lesa det. Tåle ikkje tekniske problemer ;O)

MARGOT TANGEN sa...

Hørrtest ikkje så fremmandt ut. Har kje du hatt ein sånår tillefon før? Elle va d u Gunn June det?

totliii sa...

den forrige tillefon eg hadde slo seg av permanent. vettkje, kan henda eg har hatt ein av denne typen før og...