onsdag 8. september 2010

Nerden

Ja, eg er nerd og eg er stolt av det!


Denne gongen - grammatikk/språk-nerd.

Her ei natt låg eg lenge vaken, og eg bestemte meg for å be. Eg veit ikkje korleis det er med deg, men eg klarar sjeldan å halde tankane "stille" lenge av gongen, og dette fenomenet plar forsterka seg utover kvelden/natta. Difor var det ikkje lenge eg klarte å be, men tanken spratt vidare til det å be (metabønn?) - som eg trur skal vera meir ein tilstand enn ein aktivitet. Altså å vera i bøn meir enn å be.

No har eg altså fått to omgrep inn i hovudet; aktivitet og tilstand. Kjenner du til spelet Fantasi? Hugsar du namnet på den oransje kategorien? Det stemmer: Aktivitet, tilstand, begrep.

Og kva er så ei meir naturleg tankerekkje å gå inn på enn kva for ordklassar dei tilhøyrer og kva setningsfunksjon dei får, orda som hamnar inn under oransje kategori? Ein aktivitet vil som regel vera eit verb, og fungera som verbal. Ein tilstand kan vera adjektiv, medan setningsfunksjonen ofte vil vera predikativ. Men så kom eg ikkje lengre, for eg syns predikativ er så interessant (det er ikkje så lenge sidan eg endeleg skjøna kva det eigentleg er...), og så sovna eg vel til slutt.

3 kommentarer:

MARGOT TANGEN sa...

Hahaha. Ja du e ein nerd :-p Løgning.

Oddbjørg sa...

Herrrlighet...du e jo nesten lika nerd som meg.

Kasper Tangen sa...

Hehe. Heftig tankeaktivitet :)

ja kanskje det er "metabønn" me oppfordras til når det står "be alltid". Eg har grubla mykje på dette i det siste. I den sammenhengen har eg lytta til undervisning av Timothy Keller om meditasjon, og nettopp det med å VERA i bøn. Innledningen til Bibelens bønnebok handlar jo om meditasjon. Kanskje dette ikkje er ein tilfeldigheit?

Keller tar for seg korleis ein har gjort dette i historiens løp; katolisismen, Martin Luther, Navigatørene, diverse vekkelser osv.... Meget interessant og praktisk anvendbart. Kan anbefalast!

Gratis undervisning om bønn og meditasjon: http://sermons.redeemer.com/store/index.cfm?fuseaction=product.display&product_ID=17952&ParentCat=6

Heile serien kostar nokre kr, men er vel verdt det. Hej då!