mandag 3. januar 2011

Lesing

Dagens framsideoppslag i papirutgåva til Dagsavisen (finn ikkje artikkelen i nettutgåva...) var at mange rektorar her til lands meiner at mykje av ansvaret for dei (atter ein gong...) dårlege resultata på PISA-testen ligg hjå elevane sine foreldre, og ikkje lærarane. Mora som vart intervjua i artikkelen seier at ho nyttar den tida ho har til råds og les med borna sine.

Eg trur at noko av utfordringa ligg i forståinga av kva "lesing" er. Det mange umiddelbart tenkjer på er nok skjønnlitterær lesing. Det å setja seg ned saman i sofaen eller på sengekanten, og lesa ei forteljing. Og sjølvsagt er dette viktig - men lesing er så mykje meir enn det! Og for dei fleste av oss er det noko som me gjer så ofte og så automatisk at me ikkje legg merke til at me les.

I går vart eg med ei venninne og dei to borna hennar til Spikersuppa for å stå på skeiser. Guten på 6,5 år las heile vegen på t-banen inn til byen. Han las ikkje ei bok, men han las reklameplakatar, informasjonsmateriell om Ruter sin kollektivtransport, klesmerka på menneska rundt oss, skilt... Dette er kvardagslesing som ikkje tek ekstra tid - men det er minst like viktig som forteljingane me les! Mellom anna lærer dette den lesande at lesing faktisk har nytteverdi, og ikkje berre underhaldningsverdi. Til dømes kunne han lesa kor lenge skeisebanen var open og kor han kunne leiga skeiser.

Her illustrert ved systera på 4.



(Ja. Lærar.)

3 kommentarer:

Oddbjørg sa...

Lærar? Du? Neinei.
Hadde eg hatt et passande biscuit- sitat skulle eg servert det nå. Mulig eg kjeme på ein Fishism om ei stund.

totliii sa...

Flott d, Oddbjørg! ;)

MARGOT TANGEN sa...

Ja. Enigge med du ;-) Og så må eg slutta å skriva dialekt allti, for då kan eg kje klaga på at ungdommane e så sabla dårligge t å skriva rett. Så det så!!