mandag 2. mai 2011

Eit mysterium!

Eg og Jane er veldig flinke, og trener på Elixia. Sånn ofte, liksom. 3 gonger på 5 dagar. Det kan me vera nøgde med!

På Elixia har dei ofte "25 på 90"-kampanjar; det vil seie: tren 25 gonger på 90 dagar, så får du ein premie. Kampanjen dei køyrer denne gongen støttar i tillegg ein god sak: For kvar gong me trener, gjev Elixia 1kr til "Pusterom" - treningsrom for kreftpasientar på Oslo Universitetssjukehus. Så om me ikkje klarer 25 på 90 så er det liksom bra, likevel. Me starta ein månad for seint då, så me må klara 25 på 60...

Anyways.

For å registrera alt dette her, så heng det plakatar rundetetter veggene på treningssenteret, der kvar enkelt skriv opp namnet sitt, og får eit klistremerke som ein limer på for kvar trening. (Litt som med fiskar/stjerner/fotspor i sundagsskuleregistreringskortet, ja)

Alt dette var innleiinga.
No kjem mysteriet.

I dag då eg kom til Elixia så var det teikna eit smil ved sida av namnet mitt på lista!!!

Fyrst tenkte eg at det var Jane som hadde gjort det forrige gong me var der. Ho kom litt etter meg i dag. Men då ho kom, lurte ho på kvifor eg hadde teikna krusedullar ved namnet mitt - det var ikkje ho!!

Så... kven? Eg såg fleire eg kjenner der i dag; Live, Ida, Mette og Trond-Erik - var det nokon av dei? Eller kan det ha vore Stine? Eller nokon heilt andre?

Kven er den mystiske smilteiknaren?!?

Løysingsforslag vert mottekne med takk.

2 kommentarer:

livihelga sa...

Det er sikkert den kjekkaste karen som trenar der! Heilt bombesikkert! ;)

Anonym sa...

Din hemmelige beundrar :)
Guri så spennandes....
Gledar meg t fortsettelsen....
Ha ei fiiiin trening!!!
Mamsen