fredag 24. juni 2011

Det nærmar seg.

Dei siste vekene har eg gjort ein del ulike ting for siste gong. Bibelgruppe for siste gong, film med Jane for siste gong, Fridays med Tone for siste gong, Sprell Levende Gudstjeneste for siste gong...

I morgon skal eg grilla på terrassen her for siste gong, på laurdag kjem flyttebilen (les: mamma og pappa) og på sundag køyrer me til Karmøy. Så har eg flytta frå Oslo. Etter å ha vore her i tre år (minus sommaren). Like lenge som eg var i Bergen. Eg trur talet tre er magisk.

I august reiser eg til Spania. Der skal eg i utgangspunktet steikje vafler i Sjømannskyrkja i Torrevieja i eitt år. Ikkje tre. Trur eg.

Hjartans velkommen på besøk!

5 kommentarer:

Oddbjørg sa...

Altså, viss eg kjeme på besøk...då vil eg så absolutt ha vafler!
Eg hadde lyst å protestera på at det kunne var tre år si du flytta fra Bergen, så lenge hadde eg jo ikkje budd der uten deg! Så kom eg på at det e jo to år si eg drog derfra sjøl.. Det e visst godt eg har tatt ferie.

Anonym sa...

Du altse...nå lurte du meg litt her..eg tenkte jippi nå kjeme u him(tatt t vete hu o) osse e d barra for sommaren, osse reise du faktisk lengre vekk enn du nogensinne har vore..hjølpeste:) tøffing:):)
E kaffikos her i hagen hvis sommaren kjeme,å du har tid;) Knip may karin

totliii sa...

du ska få vafler oddbjørg! eg love! hurra for ferie ;)

ja, eg vil komma på kaffikos i hagen, may karin! d va barra den sommaren då, ja... den e i spania den, forstår du! ;)

Anonym sa...

Altse hvis d regne,e du hjertelig velkommen innendørs o;)

Klem may karin

"Min adresse er som før,opp en trapp og inn en dør;)"

Kristina Vea sa...

Du ska jo overta stillingen itte mi venninna som har hatt an i 2 år! Eg har vore på besøk der nogen ganger. Kjekke folk, fine plass. Gled deg! Lykke te!