onsdag 12. oktober 2011

Calle Marie Curie 59

Javel! Her er bilete frå huset mitt:
Front yard og porten og gelenderet i trappa opp til terassen framom inngongsdøra.

Bilporten med forvokste bougainvillea (som no er klypte ned - og vaksne opp att...). Bilen "min" kan og skimtast - kvit Seat Ibiza med stor personlegdom!

Eit utval av vekstene i hagen min.

Utsikt over toppen av Monte Azul frå balkongen utanfor soverommet mitt ein tidleg morgon.


Noko som pregar huset mitt er det eg handla i London på vegen hit. Det meste er frå M&M World :)

Noko av det fyrste eg gjorde var å innvia denne svarte kassa til garn. ;) Dei små boksane ved sidan av inneheld strikkepinnar og heklenåler og anna slik stas. Plassen ved sidan av er fin til oppskriftshefter og strikkemagasin.

Biletet over kommoden har eg kjøpt på næraste "kina".

Her er kjøkenet mitt! Gasskomfyren er no bytt ut med ein elektrisk.

I tillegg til blomar spreidd rundt i stova var skap og skuffer fylt opp for meg! Stas!

I bakhagen har eg ein stor grill og på fellesområdet bak huset har eg basseng. Fine dagar! :D Eg har det godt her, og huset eignar seg godt til hotelldrift med sine 3 (4 - omgjort garasje, no naudlager) soverom.

(Trettande oktober klokka 23.26 syner gradestokken 20 grader.)

5 kommentarer:

Lise sa...

Fiiint!! Glede meg te å sjå d på skikkeligt;-)

Astrid med hageflekken sa...

idyllisk! så fine blomster du har i hagen din, heldiggrisen :)

Oddbjørg sa...

Egne seg MEGET godt te hotelldrift, vil nå eg sei!
Men du glømte at det e lysbrytar med sengå. Viktig;)

Sang Tao - Judith sa...

Lucky you! Det såg jo kjempekosligt og fint ut:) Kos deg der nere i varmen! Rekne med det e varmare enn her jaffal;)

Mamma sa...

Ja nå e koffertane pakkte og me e klare te å ta turen ner t deg.
me gleda oss kjempemasse.
snakkes snart:)
Knip fra mamma