torsdag 28. mai 2009

She wasn't very nice



Det skal nemnast at plommetreet blømer ikkje lenger. Det var fint så lenge det varte.

tirsdag 19. mai 2009

Kapseleres

Både epletrea og plommetrea blømer i hagen. Det er fint! Eg har bilete av plommetrea, men dei ligg på den eksterne harddisken og pc-en min er litt tverr i desse dagar og nektar somme gonger å kjenna att det eg måtte finna på å putta i usb-inngangen. Det vere seg ekstern harddisk, skrivar eller minnebrikkelesar. Så må eg starta pc-en på nytt, og då virkar det kan hende. Men ikkje heilt sikkert. Det er litt slitsamt.

Mobiltelefonen min er heller ikkje heilt blid. Den finn på å skru seg sjølv av no og då. Og eg merkar jo ikkje at den ikkje er på før eg skal bruka den, og då kan den ha vore avslegen i timasvis for alt eg veit.

Når eg blir rik skal eg kjøpa meg ein MacBook og ein iPhone. Det blir tider det!

søndag 10. mai 2009

Dagens tips:

Ha alltid paraply, solbriller og panneband i veska. Du får dagleg bruk for minst to av dei.

I alle fall slik det har vore her dei siste dagane... Eg har alltid fått forespeila at medan årstidene vekslar fleire gonger til dagen på vestlandet, held dei seg stabile på austlandet i dagar og veker. Men nei, dei siste dagane har det vore strålande sol, torevêr, sterk vind (sidan eg ikkje er så god på kva som er sterkast og svakast av vindtypane held eg meg til det relativt dekkjande omgrepet "vind") og regn i byttevis. Altså, alt dette i løpet av ein dag. Fleire dagar på rad.

Elles hugsa eg til slutt å melde meg som medlem i teflonhjerneforeningen.

fredag 24. april 2009

Ny lærdom

Ein kveld i selskap med Leiv Magnus kan leia til mykje ny lærdom.

  • Framandord: perpleks (joda, når eg fekk tenkt meg om så visste eg kva det tydde, men det kom ikkje til meg heilt med det same liksom, så eg fekk lært det på ny)
  • Opphavet til uttrykkjet "riding shotgun"
  • Det siste var eit ord eg har gløymt allereie, men det var noko han eine kisen i Family Guy sa til bartendaren då han skulle kjøpe ein drink til ei blond berte, og det var i alle fall eit slang-uttrykk for rohypnol
Og sjølvsagt vart det litt filmrelatert kunnskap med på kjøpet og.
  • I "The Great Escape" finn ein same regissør, same filmmusikkomponist og same skodespelar (Steve McQueen) som i "The Magnificent Seven" (som er basert på ein japansk samurai film som er basert på ei amerikansk cowboy-historie. Slå den!)
  • Ein av dei fyrste spaghetti-western-filmane har Clint Eastwood regissert og spela i: "A Fistful of Dollars". Men dette er jo amerikansk spaghetti-western då.
  • Sergio Leone har regissert ein ordentleg, italiensk spaghetti-western. Trur eg.
Flink?

torsdag 16. april 2009

Removing the dread locks - part 2

Om foreldre, besteforeldre, tanter og onklar skulle lura på ka eg kjøpte av pengane eg fekk til 25-års-dagen min, kan dei sjå det her: (ta det med ro, det er litt att endå Ü)