lørdag 27. mai 2006

the end is near

Guds fred!


På måndag har eg siste eksamen. Det er i eit artig fag som vert kalla bandrotasjon. Tenk deg litt om så skjønar du kanskje kva det dreier seg om? Tenk på rotasjon i volleyball til dømes. Eg trur den eksamenen går heilt strålande! Bandet eg er del av heiter Strange Band, og medlema er meg, Marianne, Anne Marte, Felipe, Helene og Solrun. Snupert! Kriteriet er at alle medlema av bandet skal vere innom trommesettet, bassen og mikrofonen.

Repertoaret vårt er følgjande:

  • Walking in Memphis (med Marianne som solist, eg korar og held takten.)

  • Tenke sjæl (med Helene som solist, eg sit bak trommesettet og leikar.)

  • Jolene (med Solrun som solist, eg spelar gitar. Eg likar herved ikkje el-gitar.)

  • Desperado (med Anne Marte som solist, eg spelar bass.)

  • Fix You (med Felipe som solist, eg korar og spelar orgel. dvs synth med orgellyd.)

  • Wayfaring Stranger (der eg syng. avslutningsnummeret! yeah! det er sterkt!)



  • Huset på hi sida av vegen vert vaska idag. Det er opptil fleire menneske der inne. No vaskar dei vindauga.

    Og rosina i pølsa: Eg utløyste nett røykvarslaren på kjøkenet avdi eg gløymde å setje på vifta då eg skulle ha middag. Men alt er i orden. Eg trur jammen eg var åleine heime. Ingen reagerte og brannbilen kom ikkje og no står døra på gløtt.

    Ha ein fin dag godtfolk!

    5 kommentarer:

    Leiv Magnus sa...

    Hei Totli. Vet du hva som er irriterende? Lys skrift (spesielt lys OG glorete) på lys bakgrunn. Turkis er faktisk en av de mest irriterende på hvit bakgrunn. Bar sånn at du veit det. Men lykke til med eksamen og sånn. Det var jo (nesten) bare kule sanger dere skulle synge da.

    totliii sa...

    ka va d så jore "nesten"?

    eg hadde tenkt å ha brune bakgronn. men d blei barra sånn akkoratt onda skrifte, å ikkje på heila innlegge. å d syns eg såg teit ut. defor blei d sånn. du får barra leva me d kompis! var gla eg ikkje skreiv i gult.

    Kenneth sa...

    Hei, hei.

    Sidan du tok deg bryet med å sjekke bloggen min, måtte eg sjekke din óg. Først då eg tok ein nærare kikk på biletet av deg og så såg på profilen din at du var 22 år, slo tanken meg at eg kanskje kjende deg frå før av. Så kom eg til namnet og fekk det bekrefta (har du eit betre nynorsk ord for "bekrefta"?)

    Eg har skjøna at du er flink på og oppteken av norsk rettskriving - kjempeflott! Godt å sjå at nokon andre enn meg jobbar mot den tragiske utviklinga Det Norske Sproget tek i desse tider. Har du hatt fransk? "Repertoir", heiter det, ikkje "repertoar", sjølv om det er slik det uttalast! :)

    totliii sa...

    Kva!? Det heiter vel repertoar på norsk!? Ånei, heile verda mi går om kull og hamnar i dass. Filler.

    Joho! Eg hadde rett! Ordboka mi seier repertoar! Hah!

    Nei, eg kan ikkje et kvepps fransk utanom det som er på reklamen (Loreal (ja, eg veit det skal vera nokre apostrofar eller aksentar eller noko der, men sidan eg ikkje veit nøyaktig kva for nokre det er, let eg det vera med det.)) og det som er i songen (Lady Marmelade).

    "Bekrefte" er typisk for eit slikt ord som ein veit at det skal vera eit anna ord for på nynorsk, men som ein nyttar så sjeldan at ein ikkje kan det utanåt. Det er difor eg er så glad i den nest siste delen av ordboka mi, der ein finn oversetjingar frå bokmål til nynorsk. "Stadfesta", eller "sanna", heiter det på nynorsk.

    Snakk dialekt; skriv nynorsk!

    Kenneth sa...

    Hmm... javel. Eg kjem til aa halde fram med aa skrive "repertoir". Eg er ingen stor tilhengjar av norske skrivemaatar paa laaneord sjoelv om sprakradet har vore liberale. Altfor liberale...

    "Soervis"?? Kva er det for noko tull?

    (Eg skriv paa amerikansk tastatur - ironisk?)

    Sjekk forresten denne:
    http://video.google.com/videoplay?docid=-869183917758574879

    Om du likar Bush-hets, vil du elska denne. Enjoy!