mandag 30. oktober 2006

Nødlanding

Eg gjev meg ende over! Verkeleg. Visste du at ungane har sin eigen versjon av "Lost"? Jaudå. Serien heiter "Nødlanding" og går på NRK på ettermiddagstid. I løpet av dei fyrste 5 minuttane hadde eg rukke å sjå folk som var "lengre vekke enn nokon av dei andre hadde vore", og som lurte på om dei burde plante ein frukthage, sidan dei ikkje visste kor lenge dei kom til å måtte vere der, sitat som "We're not alone", dei robba flyet som altså då hadde naudlanda på ei aude øy midt i stillehavet, ein kar som prøver å fiksa radioen, som og veit alt som er å vita om nokon ting, ei utruleg dum og lite samarbeidsvillig blondine, ein "sjef" som nokon likar og andre ikkje, og alt det andre som høyrer til. Og sjølvsagt var det ikkje alle frå flyet som var saman på stranda der dei hadde laga seg ein leir. Men det beste av alt var at i beste "Robinson-stil" kjem det pausar der dei ulike skikkelsane fortel om følelsane sine til kameraet. Fascinerande...

1 kommentar:

Liv Iren og Håkon sa...

du har ikke vært på gospelfestival i helgen da?