onsdag 25. oktober 2006

gaia - for deg og miljøet

det å ta buss i bergen kan til tider vera ei nokså interessant oppleving. for tida tek eg kvar dag mule-bussen. linje 5. den går frå 100 m oppi bakken her til like utanfor skuleporten på krohnengen. vegane i området er små og trange. det hender både titt og ofte at ein stakkars bilist må rygge for å sleppe bussen forbi. men dette er ikkje alltid like lett! til dømes hender det at dei som skal rygga gløymer å sjå om bilen bak og får med seg at han må rygga. det var ein som dunka borti ein annan her ein morgon. men eg trur ikkje det vart nokon skade. men det morosamste synst eg, var då bussen møtte ein annan buss på denne vesle tronge vegen. ingen av bussjåførane hadde lyst til å rygga rundt svingen. det var nemleg sving i begge endar av dette smale vegstykkjet. så min buss kjørte oppå fortauet. kjempeartig! og ein morgon var bussen så full at han køyrde forbi 3 stoppestader utan å sleppa folk på! då er det fullt på bussen då. men elles er det heilt greit å ta bussen.

eg og resten av praksisgruppa mi (som for øvrig består av isak og stian) har bygd ein moske. me underviser om islam i krl for femte trinnet, og fann ut at dei skulle byggje ein moske av papir. så då måtte me byggja ein som dei kunne sjå etter. eg tykte han vart veldig fin. stian fjerna eplene før vi viste han for gruppa... (det som no heiter gruppe er det som vi alltid og til alle tider har kalla klasse før. dustete kunnskapsløftet!) men med eplene var det jo ein eplemoske! (legg merkje til det fine ordspelet som kom heilt av seg sjølv... frå meg! : eple-moske eller eplemos-ke... hahahahahahaha!!)

og som så ofte før kjem også her eit innspel frå forskning.no:

Forskning som bringer latter
Årets Ig-Nobel-vinnere inkluderer analmassasje mot hikke, en forklaring på hvorfor hakkespetten ikke får hjernerystelse, og en dings som skremmer bort tenåringer.

les resten her.

sola skin og verda er fin.
ha ein god dag i Guds åsyn vener!

2 kommentarer:

Berit Tønnessen sa...

Rettelse på overskriften:
"Gaia- ikke for deg, men for miljøet"

Astrid med hageflekken sa...

Det va ein flotte moskè må eg sei! grattis me den:)