lørdag 17. mars 2007

Tikken!

Tikken

Eg har fått tikken. Spelereglane: Kvar spelar startar med å skriva seks rare ting om seg sjølv. Bloggarar som vert "tikka" må skrive seks rare ting om seg sjølv i sin eigen blogg, i tillegg til å angi reglane for spelet. Til slutt vel spelaren seks nye bloggarar som "har den", og lister namna deira. Etter at det er gjort, skriv han eller ho ein kommentar på bloggane til kvar av dei, for å la dei vita at dei har vorte "tikka", og at dei må lesa bloggen til den som tikka dei for meir informasjon.

1) Favorittpålegg på skiva: Leverpostei, majones, gul ost, majones. Samstundes, ja.

2) I sommar kjøpte eg alle CD-ane som var til sals med Børud-gjengen. Ikkje familien nei, berre borna. Men likevel...

3) Eg har ingenting som liknar retningssans, stadssans eller balanse.

4) Mamma seier at eg et høgt. Det høyrest som eg smattar sjølv om eg har munnen lukka.

5) I ein alder av 17 år oppdaga eg for alvor fargen rosa og har sidan halde meg trufast til den!

6) Eg snorkar, snakkar, ler og syng i sovande tilstand. Songen kan og i nokre tilfelle innehalda røyrsler.

Eg tikkar: Margot, Vegard, Martin, Silje, Berit og Torgeir og Leiv Magnus. (Oi, vart det sju? Jaja, LM kjem ikkje til å gjera det likevel, men eg har lova å tikka han. Han får vera ein bonus.)

7 kommentarer:

Andreas sa...

jepp, me snakkas nok i påsken ska du sjå!!:. dessuten syns eg du burde visst at eg blei 18 (A) ..:P

Anonym sa...

æg æ litt skeptiske t å sova hos deg itte å ha lest dette....

Astrid med hageflekken sa...

Hei! På søndag den 25. mars ska me (koret mitt) synga i Solheimskjerkå på gudstjenesten der.

Eg oppfordre deg te å stikka innom!

Torgeir Hauge sa...

Fornøyd? ;)

Torgeir Hauge sa...

Og du... det va bare å spørr! ;) Trenge et tupp i ræva av og te, veit du jo. Link e herved added! :)

Anne Rose sa...

hoho! jeg liker deg. men ikke rosa

Leiv Magnus sa...

Jau. Du hadde sannelig rett i at jeg ikke gjorde noe med det. Litt av en spåkone du. Eeeeeller ikke.