søndag 11. mai 2008

Tankar i sola

Våren er komen til Bergen og eg prøver så godt eg kan å kombinera solsleikjing med eksamensførebuing. Lettare sagt enn gjort.

Igår var eg saman med Ida (M. Venås) store delar av dagen. Ho har vore i Ecuador sidan påsken. Ho er brun. Det er ikkje eg. Særleg ikkje ved sidan av Ida. Så eg prøvde å overtyda meg sjølv om at det ikkje gjorde noko med å fortelja at før i verda, då var det eit teikn på rikdom å vera kvit. Det tydde nemleg at ein ikkje trengde å vera ute i sola og arbeida, men at ein kunne sitja i skuggen med eit broderi. For den som likar den slags.

Då sa Ida at det er litt sånn i Ecuador no faktisk. Ei ho kjende der borte gjekk for å setja seg i skuggen etter berre ei lita stund på stranda. Ho ville ikkje ha meire farge.

Kanhende var dette årsaken til at nordmenn ikkje syntest at negrane i Afrika var verd noko særleg i fyrstinga. Ein var van med at dei som talde i samfunnet haldt seg bleike og kvite året rundt.

Men når snudde dette? Og kan det vera eit teikn på at rasismen ikkje lenger "sit fast" i kulturen på nokon måte sidan det no er om å gjera å få farge på kroppen? Gotherar og andre som går kledde i svart året rundt framhevar den lyse hudfargen, kva fortel dette?

Dette var djupe tankar...

Ingen kommentarer: