søndag 13. juli 2008

Før avreise...

Det store sommareventyret er turen til Australia med Lise. Me reiser i morgon kveld, via Frankfurt og Singapore, og når me landar i Cairns (nordaust) har det allereie vorte torsdag morgon der nede. Der i langt-vekk.
Lise og eg har kvart vårt eksemplar av denne reiseguiden til Australia. Her kan me læra mangt og mykje om landet me skal vitja.


Etter ei veke på Oase i Skien (Lise) og ei veke på Sommer i Sør i Grimstad (Tone Iren), er me omsider klare for avreise! I løpet av kvelden er planen å gå gjennom sekken ein siste gong for å finna ut kva me har gløymt. Og i morgon skal me på biblioteket for å ta ei utskrift av turistvisumet, kjekt å ha i bakhand, samt at me må kjøpa oss nye sko. For no har sveitten sett seg godt i dei gamle.

Kom attende snart! Og legg gjerne att ei helsing!

8 kommentarer:

Anonym sa...

God morgen jenter.
Tenkjer sommerfuglane er på plass i magen nå.
Dokke må ha ein rektigt god tur. vara forsiktige!!!
Glad i dokke begge to.
Knip frå mamma/mammagunn

Anonym sa...

God tur!!! =)

totliii sa...

nye oppdatering kjeme nok naar me har landa i australia. naa e me sinte aa sure paa changi airport i singapore. i naatt reise me te cairns. snakkis!

Kasper Tangen sa...

Attendemeldingar???

God tur!

Anonym sa...

D va meg.

Anonym sa...

hallo på deg tone iren!

god tur vidare og kos deg masse i Australia!!
klem Rannveig

MARGOT TANGEN sa...

Sinte å sure?? Kafår d da?

totliii sa...

ka va deg kasper? d forsto eg ikkje... attendemeldingar ja. ei i klassen min proevte hardt paa nynorsk ein gong. saann jekk d. :)